mandag 30. mars 2015

Vossa Jazz 2015

Live Maria Roggen og medmusikantar framfører tingingsverket "Apokaluptein" på Vossa Jazz 2015
Vossa Jazz (ja, det skrivst i to ord..) har etter 42 år vorte ein institusjon i festival-Norge, trass i at det er ein av dei minste festivalane. Frå starten i 1974 har Vossa Jazz markert seg med ein særeigen profil, både musikalsk og sjølvsagt på grunn av plasseringa. Også den tydelege nynorskprofilen er med på å gjera Vossa Jazz annleis enn mange andre. Festivalen er som sagt etter måten liten, og økonomisk har det ikkje alltid vore enkelt. Som det står om starten:

Den første Vossa Jazz blei ein suksess både musikalsk og publikumsmessig. Økonomisk blei det ein skikkeleg smell. Hadde det ikkje vore for at eit par av eldsjelene blei verande på Voss og tok fatt i elendet i staden for å dra i militæret, hadde det blitt med den eine festivalen. 
Men det var ikkje berre første året som skulle bli tungt økonomisk. Etter å ha slite i fleire år, kollapsa det heilt i 2006. Festivalen vart likevel berga, men med ny dagleg leiar og elles utskiftingar. Etter 2006 har Vossa Jazz sett "tæring etter næring" og klart å balansera økonomien. Den tydelege nynorsk-profilen er også ein av faktorane som understrekar at Vossa Jazz er  ulik dei mange andre festivalane.

Apokaluptein
Tingingsverk har vore ein viktig del av festivalen dei siste 34 åra, og er også med på å identifisera Vossa Jazz. Lista over tingingsverk-komponistar  er som ein antologi over norsk jazz. Årets festival-komponist og -artist var Live Maria Roggen, mest kjend som vokalist i bandet Come Shine. Ho framførte verket "Apokaluptein - The uncovering" saman med musikarane Audun Kleive (trommer), Sondre Meisfjord (b), Hilmar Jensson (g), Eivind Lønning (trompet), Lene Grenager (cello) og Asle Karstad (lyddesign).

Som tittelen tyda på, var apokalypse og undergang tema, med ganske dystre parti. Musikken var like mykje samtidsmusikk som jazz (kva er no eigentleg jazz?), men med meir melodiske parti som spente frå tung heavy-inspirert rock til spretne rytmiske saker som kunne minna om gladjazz (!). Stor spennvidde med andre ord. Eit fullsett publikum i Parksalen sette i alle fall pris på verket.

Mangel på gode lokale
Vossa Jazz har hatt ein del utfordringar med mangel på gode lokale. Fram til Park Hotel utvida med eigen konsertsal, vart tingingsverk og større konsertar oftast arrangert i Idrettshallen; ikkje ein optimal stad for jazzkonsertar. Fraktgodsen, ein arv etter NSB, var lenge eit sentralt lokale for dei meir intime konsertane. Det var eit langt og smalt lokale som også baud på lydmessige utfordringar. Litt rart er det at det nye Kulturhuset på Voss nesten ikkje blir brukt i samband med Vossa Jazz. Eg veit ikkje om det er lokala, prisen eller andre ting som gjer det.

Den andre mannen i meg
Ein annan konsert stod på programmet mitt dette året: "Den andre mannen i meg" med Henrik Mestad (opplesing) og Trygve Seim (saksofon). Dessverre vart dette arrangementet avlyst pga. sjukdom. Det var veldig synd, men eg håpar å få høyra det ein annan gang. Elles er framføringa av Henrik Mestad tilgjengeleg på nettsidene til NRK. 

søndag 22. mars 2015

Berlin im Winter

Det offisielle flagget for
byen og delstaten Berlin
Følgjande tre stader bør stå på lista di over ting du bør sjå i Berlin:
1. Riksdagsbygningen
2. Topographie des Terrors
3. Bauhaus-museet

Dei to første stadene omtalar eg under, den tredje kjem i eit eige blogginnlegg om bauhaus.

Berlin im Winter
Når ein reiser til Berlin i midten av mars, er det med eit lite håp om at våren kanskje såvidt har komme dit. Men nei, det var surt og kald, særleg på grunn av vinden. Berlin ligg ope til, og vinden får godt tak enten den kjem frå nord eller aust, eller vest også for den del.

Berlin som historisk by
Berlin er ein by full av historie, og knapt nokon annan by kan visa til så mykje dramatikk som denne byen. Det som særleg har sett spor dei siste 100 åra, er siste verdskrig og delinga mellom aust og vest. Over alt i byen er det minner om muren som delte byen frå august 1961 til november 1989. Det er ikkje så rart, for det er ikkje så mange år sidan, og det er enno vanskeleg å fatta både at den vart reist, men også omfanget og dramatikken.
Den aust-tyske"Ampelmann" har
vorte eit symbol på tidl. Aust-Berlin

Potsdamer-konferansen
Berlin var byen der russarane møtte dei allierte i april/mai 1945. Sovjetstyrkane rykte fram langt raskare frå aust enn dei allierte frå vest, og Berlin vart difor liggjande i den aust-tyske delen. Delinga av Tyskland, og Berlin, vart avgjort på Potsdamer-konferansen i september 1945 og var ein avtale mellom dei fire allierte maktene USA, Sovjet, Storbritannia og Frankrike. Berlin vart delt i fire sektorar med kvar av dei allierte som ansvarleg for sin del. Spenninga mellom Sovjet og dei andre allierte hadde bygt seg opp alt under krigen, og var tydeleg under fredsforhandlingane.

Die Luftbrücke 
Den kalde krigen etter 1945 utvikla seg fort, og alt i 1948 prøvde Sovjet å blokkera tilgangen til Vest-Berlin for dei andre. Det resulterte i den kjende luftbrua, Luftbrücke, der dei allierte på vestsida sette i gang ein storstilt flyoperasjon for å sikra forsyningar til Vest-Berlin. Flyplassen Tempelhof vart det sentrale punktet for forsyningar; den ligg så å seia inne i byen. Flyplassen var i bruk heilt fram til 2008, men er i dag eit stort friluftsområde og minnesmerke over den kalde krigen og særleg den dramatiske situasjonen i 1948/49.

Flughafen Berlin Brandenburg "Willy Brandt"
Berlin og flyplass har i det heile mykje kaos og drama knytt til seg. I dag er det Schønefeld og Tegel som er hovudflyplassane; den siste ganske nær bysentrum den også. Etter planen skulle den nye Flughafen Berlin Brandenburg "Willy Brandt" ha opna for lengst, men etter ein serie problem og kaos (er dette Tyskland??) har dei opprinnelege planane vorte skrinlagde og ein har vedteke å starta på nytt.

Dei mange skandalane kring flyplassutbygginga har gjort at dette prosjektet er kalla Tysklands største utbyggingsskandale ("Deutschlands grösste Skandal-Baustellen"). Som Die Welt ironisk skriv i omtalen av omtalen: "Bisher flogen nur die Chefs" - hittil er det berre sjefane som har flydd..

Det har gått frå gale til verre og det har altså enda med ein Ctrl-Alt-Delete! Det blir ikkje lenger snakka om opningsdato, og totalkostnadene kan i følgje Die Welt bli over 8 mrd. euro (tilsvarer i skrivande stund ca. 70 milliardar NOK!). Opprinneleg skulle flyplassen ha opna i 2012, etter at planlegginga starta i 2006. No vil ingen seia noko om opningstidspunkt, sjølv om 2017 uoffisiselt blir nemnt.

17. juni 1953
I juni 1953 vart dei ein stor oppstand i den austlege delen av Berlin, mot dei sovjet-dominerte styresmaktene. Det starta med ein streik blant bygningsarbeidarar og utvikla seg til store demonstrasjonar. Oppstanden spreidde seg også til andre byar i Aust-Tyskland. Styresmaktene måtte setja inn sovjetiske stridsvogner for å knusa opprøret, og 55 personar mista livet i aksjonen den 17. juni. Denne datoen har seinare vorte minnedag i Tyskland, og hovudgata gjennom Tiergarten heiter 17. mai-gata (Straβe des 17. Juni).

Die Mauer
Mellom 12. og 13. august 1961 sperra DDR alle grenseovergangar mellom aust- og vest-Berlin. Frå delinga i 1945 og fram til då hadde over 3 millionar aust-tyskarar flykta til vest. Sjølv om 1 million hadde reist andre vegen, var nettotapet stort og kunne ikkje halda fram. I tida etter 13. august vart muren reist mellom det austlege og vestlege Berlin, og ordren til grensevaktene i aust var å skyta for å drepa. Mange vart då også skotne og drepne i fluktforsøk i perioden 1961 - 1989. Den overraskande sperringa ga mange bisarre utslag. Mellom anna var 1300 barn på besøk hjå familiar i Aust-Berlin. Dei kom ikkje tilbake til Vest-Berlin før tre månader seinare!
Illustrasjon til museet Topographie
des Terrors

Topograpie des Terrors
Både minne frå siste verdskrige og den kalde krigen kan studerast ved Topograpie des Terrors, eit nytt museum like ved Checkpoint Charlie. Bak restar av muren ligg museet med utstilling av bilete og dokument frå siste verdskrigen. Det er ganske rystande å sjå dette, sjølv om mykje er kjent. Mennesket er i sanning ei krigersk ape!

Reichstagsgebäude
Riksdagsbygningen var saman med Brandenburger Tor målet for dei sovjetiske styrkane i april-dagane i 1945. Stalin hadde gitt klar ordre om at Riksdagsbygningen skulle vera teken før første mai, for på den dagen skulle det sovjetiske flagget vaia på bygningen. Det heldt berre såvidt, men 1. mai 1945 hadde dei sovjetiske styrkane til general Zjukov teke bygningen. Dagen før hadde Adolf Hitler teke sitt eige liv i Førar-bunkersen.
Reichstagsgebäude - Riksdagsbygningen
Påskrifta "Dem Deutscher Volke" kom i 1916 og var omstridd:
keisar Wilhelm II likte ikkje den demokratiske tonen..

Riksdagsbygningen vart opna i 1894 og husa parlamentsforsamlinga, Diet, fram til 1933 då store delar av bygningen vart øydelagt i brann. Ein brann som Hitler utnytta grovt for å forfølgja uskuldige, særleg kommunistar og jødar. Etter krigen var bygningen nærmast totaløydelagt, og restane av det gamle tårnet vart sprengt bort. Restaureringa starta etter samlinga av Tyskland i 1990 og vart leia av den kjende britiske arkitekten Sir Norman Foster. Den nye glaskuppelen på toppen av bygningen har vorte ein stor turistattraksjon og er genial. Rundt 40 millionar menneske har besøkt riksdagsbygningen etter opninga!

Tanken bak minner litt om vårt eige Operahus; eit bygg som alle kan ta i bruk. For å sleppa å stå i kø, bør du søkja om tilgang via nettet og skriva ut nødvendige papir. Både bygningen, kuppelen og utsikten frå den, er spektakulær.

Gangbrua som går i spiralform til toppen av glaskuppelen -
eit "must" for alle som reiser til Berlin!
Andre attraksjonar som Brandenburger Tor og Checkpoint Charlie er unødvendig å nemna, der vil du hamna uansett om du er i Berlin.

Bauhaus
Eit museum du kanskje ikkje har på lista, men som kan tilrådast, er Bauhaus-museet, eller som det fulle namnet er: "Bauhaus Archiv - Museum für Gestaltung". Det ligg nær den sørvestlege delen av Tiergarten. Det kjem ein eigen bloggpost om Bauhaus.








onsdag 4. mars 2015

Bitcoin og norsk regulering

Offisiell Bitcoin-logo
Styresmakter verda over vrir seg når spørsmålet om regulering av kryptovaluta kjem opp. Internett-pengar er nytt og bryt med mykje (det meste?) av det etablerte i finanssektoren. Bitcoin og slektningar er merkelege dyr som ikkje fell greitt inn under vanlege klassifiseringsreglar. Kva slags skapning er eigentleg Bitcoin?

"Bitcoin Heatmap"
Ulike nasjonar si regulering av Bitcoin varierer frå forbod (m.a. Russland, Island, Bangladesh, Indonesia, Thailand), via tunge restriksjonar (Kina, India, Estland, Taiwan) til å behandla Bitcoin som lovleg å bruka (dei fleste land). Det er jo interessant at Island har forbydd bruken av Bitcoin på same tida som dei er vertskap for store Bitcoin "gruveselskap" (Bitcoin mining er stort på Island). Island sitt forbod må likevel sjåast i samanheng med finanskollapsen landet var gjennom for få år sidan. Kanskje ikkje så rart at dei har eit anstrengt og aggressivt forhold til enkelte kallar "finansielle masseøydeleggingsvåpen".

Føreslått symbol
for valutaen

Bitcoin er formuesobjekt
At Bitcoin er lovleg å bruka betyr likevel ikkje at det blir klassifisert som betalingsmiddel i mange land. I Norge har Skattedirektoratet gjort det klart i ei prinsippfråsegn at Bitcoin skal sjåast på som eit formuesobjekt:
"Skattedirektoratet legger til grunn at bitcoins (sic!) er et formuesobjekt, og skatteloven bestemmer at gevinst ved salg av formuesobjekter er skattepliktig inntekt.  Dette betyr at gevinster som oppstår ved at verdien av bitcoins er lavere ved kjøp enn ved salg  vil være skattepliktig inntekt, og at tap som følge av at verdien av bitcoins er høyere ved kjøp enn salg vil være en fradragsberettiget kostnad."
...
Skattedirektoratet legger derfor til grunn at gevinster/tap fra bitcoins fullt ut er skattepliktige/fradragsberettigede. 
Korleis dette skal gjennomførast i praksis, er eit anna spørsmål. I realiteten skal all inn- og utveksling av Bitcoin registrerast og differansen i kurs mellom kjøp av Bitcoin og bruk av dei, eller veksling frå Bitcoin til annan valuta, skal summerast opp til ein gevinst eller eit tap. Det må også forståast slik at bruk av Bitcoin til kjøp av varer og tenester (eller donering) skal dokumenterast ved kursen på det aktuelle kjøpstidspunktet.

For dei fleste som ikkje er skattejuristar, framstår dette som ganske på jordet! Og det blir verre:

Bitcoin og meirverdiavgift
Slik uttalar Skattedirektoratet seg om Bitcoin og avgiftplikt:
Omsetning av Bitcoin er ordinær avgiftspliktig omsetning av elektroniske tjenester. Skattedirektoratets vurdering er at bitcoins ikke kan anses som «gyldige betalingsmidler» (merverdiavgiftsloven § 3-6 d) og derfor heller ikke kan anses som en unntatt «finansiell tjeneste». Bitcoins klassifiseres som «tjeneste» (§ 1-3 bokstav c), nærmere bestemt «elektronisk tjeneste» (§ 1-3 bokstav j). Dermed skal næringsdrivende legge 25 prosent merverdiavgift på sin omsetning av bitcoins. 
Her blir det for alvor trøblete. Tenk deg at du skal driva vekslingsteneste med Bitcoin. Skal du då leggja på 25 % på Bitcoin du vekslar frå deg? Det vil i så fall bety at Bitcoin for NOK 100,- vil kosta 125,- i Norge. Og når du så brukar Bitcoin til betaling for varer og tenester i Norge får du effektivt 50 % mva på forbruket ditt! Ikkje ein gang skattejuristar vil påstå at noko slikt heng på greip, eller?

Ei enkel samanlikning her er gåvekort. Når du kjøper eit gåvekort i ein butikk, betalar du sjølvsagt ikkje moms. Moms betalar du av forbruk, når du løyser inn gåvekortet, og slik må det vera når du kjøper (eller handlar med) Bitcoin også. Dersom eg går inn i ein bank og kjøper utanlandsk valuta, betalar eg ikkje moms på handelen (men eit saftig gebyr!).

Naturleg nok er Norge åleine om å forstå handel med Bitcoin på denne måten. Dersom dette skal takast bokstavleg, er det uråd å driva Bitcoin-handel i Norge.

Sturles kamp mot skattevindmøller
Sturle Sunde i Florø driv Sunde Bitmynthandel som ei vekslingsteneste for Bitcoin. Han har sidan 2011 prøvt å få svar frå Skatteetaten på spørsmål om korleis han skal handtera handelen skatte- og avgiftsmessig. Han har vorte møtt med vekselvis tausheit og "mumle-mumle", og er i dag like klok. For å vera på den sikre sida, har han lagt ved ei utførleg forklaring på verksemda si saman med sjølvmeldinga.

På Bitcoin Meetup i Oslo 20. februar i år var Sturle "keynote speaker" og "star of the evening". Han gjorde greie for den absurde kampen mot skatte-vindmøllene og den manglande avklaringa. På møtet var også skattejuristar frå KPMG og dei var ganske klare på at Sturle har ei god sak og at Skatteetaten er på bærtur når det gjeld reguleringa av Bitcoin. Her kan du lesa meir om Sturle sin kamp mot skattebyråkratane.

Lighthouse-prosjekt for oppklaring
Sturle har på si side teke opp spørmålet med Deloitte, og dei skal ha ca. NOK 30.000,- + mva = kr 37.500,- for å utarbeida ein uttale til Skattedirektoratet der dei imøtegår påstandane og gjeldande reguleringar. I god Bitcoin-ånd lanserte Sturle eit Lighthouse-prosjekt for å samla inn nok pengar til å engasjera Deloitte. Sturle ville sjølv donera halvparten slik at nødvendig ekstern finansiering vart NOK 18.750,-. Lighthouse er eit system for dugnadsfinansiering (crowdfunding), drive av Bitcoin. Få dagar etter Meetup-en var finansieringa på plass og Deloitte er i gang med arbeidet. Det blir spennande å sjå resultatet..