mandag 24. november 2008

Miside - gløymt av alle?

Miside er i ferd med å gå i gløymeboka, ikkje ein gong mora vil ikkje vedkjenna seg dottera. Eit søk på "Miside" (eller "Minside") på Norge.no gir følgjande resultat:



Men det er ikkje berre Norge.no, no driven av Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) som ser ut til å ha gløymt Miside. Også frå ansvarleg departement FAD og statsråd Heidi Grande Røys har det vore merkeleg stille om Miside det siste året. Kva er det som skjer?

DIFI har det siste året arbeida med ny strategi for Miside. Etter planen skal den nye strategien for tenesta vera ferdig i løpet av året (2008!). Det spørst om ikkje det er for seint, og at det har teke for lang tid.

I alle tilfelle meiner eg det er ein feil prosess FAD og DIFI har lagt opp til: Ein lukka prosess der det ikkje har vore eit pip om Miside det siste året og der det ikkje har vorte gjort noko nemneverdig av utvikling. Det er mykje å ta tak i for å retta kursen for Miside-utviklinga, men framfor alt må den løftast fram slik at folk flest har den i tankane. Det er ikkje ei nett-teneste som blir brukt utan at den blir marknadsført.

Strategiprosessen kunne ha vore brukt til å skapa merksemd ved at den vart opna opp og det vart invitert til ein ide-dugnad. Rett nok har det vore eit par slike møte med utvalde verksemder, men her meiner eg nettet skulle ha vore teke i bruk for alt det er verdt. Statsråden er entusiastisk over web 2.0-mulegheitene som blir skisserte i rapporten eBorger 2.0; kva med å ta dei i bruk sjølv til nettopp denne type utviklingsarbeid?

mandag 17. november 2008

Svaret er Facebook - kva var spørsmålet?

Statsråd Heidi Grande Røys er over seg av entusiasme etter å ha fått rapporten eBorger 2.0 frå SINTEF i fanget. Den fortel at det offentlege må kasta seg på web 2.0-bølgja, og det fort. Eg er ikkje ueinig i at offentleg sektor må få opp farten når det gjeld å fanga og formidla brukarimpulsar, men eg meiner rapporten er utruleg naiv på ei rekkje område her.

Eg har for det første problem med begrepet eBorger, og det burde strengt teke Heidi ha også. Borgar er ikkje eit vanleg begrep i norsk terminologi, det er innbyggjar. Dessutan er det helst høgresida som brukar borgar-begrepet, om det i det heile blir brukt.

Men det er innhaldet i rapporten som er viktig. Oppsummert får eg ei kjensle av at "web 2.0 er svaret - kva er spørsmålet?". Eg ser lite og dårleg grunngjeving for kvifor, og gode eksempel som argumenterer for dette. Det blir mest at offentleg sektor må ta teknologien/trenden i bruk fordi web 2.0 er brukt på så mange andre område.

Ei spørjeundersøking dannar ein viktig basis for konklusjonane i rapporten. Den undersøkinga er etter mi meining lite verdt, og blir også tøygd veldig langt for å få kartet til å stemma med terrenget. 17 % av dei spurde er ueinige i påstanden "informasjonen [offentleg informasjon] var enkel og rask å finna fram til". 17 % er ikkje mykje, og særleg ikkje når dei 17 prosenta blir brukte som sanningsvitne for at offentleg informasjon er vanskeleg å finna fram til. Til samanlikning svarte 54 % at dei var einige/svært einige i påstanden over.

Eit anna og kanskje større problem, er inndelinga i aldersgrupper i undersøkinga. Aldersgruppa 15-30 år er klaska saman, og det blir for meg ei altfor ueinsarta gruppe. Det er her det store problemet med rapporten kjem fram: har offentleg informasjon ei hovudmålgruppe eller er den like viktig for alle aldersgrupper? Etter mi meining har offentleg informasjon ei hovudmålgruppe av innbyggjarar som er i etableringsfasen, altså i hovudsak 25 - 50 år (med eit visst slingringsmonn). Det er i denne fasen det blir viktig å finna informasjon frå det offentlege og komma i dialog om tenester.

Eg vil påstå at gruppa 15 - 20/25 år i svært liten grad har bruk for offentleg informasjon og at offentleg sektor ikkje bør bruka store ressursar på å nå dei. Og då blir det også mindre viktig å dela offentleg informasjon på Facebook og Twitter ++.

Eg seier ikkje at web 2.0-tankegang og -innretning ikkje er viktig for offentleg sektor, heller tvert om. Men den må komma på område som er viktig for folk, og ikkje i form av heller tynne eksempel som i rapporten. Opne høyringar og diskusjon rundt viktige saker er berre eitt av mange bruksområde der det er viktig å få innbyggjarane i tale.

lørdag 15. november 2008

Ei legende fyller 45 år

Fødselsdagen var i september; då var det 45 år sidan Porsche 911 såg dagens lys. Heilt rett er ikkje dette, det var nemleg Porsche 901 som vart vist på IAA-utstillinga i Frankfurt det året. Men Peugeot protesterte og hevda dei hadde einerett på tresifra nummer med null i midten! Nullen vart endra til '1' og resten er historie, som det heiter.

Porsche 911 (kvifor blir namnet så ofte skrive feil, utan 'c' eller utan 's'??) kan tena som eit godt eksempel på design med tradisjon og kontinuitet. Ingen har problem med å sjå at 901 og dagens 911 er tjukke slekta. Det same kan seiast om mange tyske bilar, medan andre bilprodusentar er lite tru mot fortida.

Det kan innvendast at tysk design er i overkant konservativ, men eg har sansen for tradisjon og at røtene kjem tydeleg til syne.

(Biletet er teke av Wouter Melissen)

tirsdag 11. november 2008

Blogging gammaldags?

Ja, meiner Paul Boutin i ein artikkel i Wired nyleg. Han meiner nye verktøy som Flickr, Twitter og Facebook får bloggen til å sjå sååå 2004 ut. Hans korte oppsummering lyder slik:

"Kill yr blog. 2004 over. Google won't find you. Too much cruft from HuffPo, NYT. Commenters are tards. C u on Facebook?"
Men Eirik Solheim i NRK Beta, der eg fann dette, er ueinig, og eg sluttar meg til Solheim. Eg trur rykta om bloggens død er betydeleg overdrivne og stemmer ikkje. Boutin kan ha rett i at stadig fleire profesjonelle bloggar, gjerne frå store medieverksemder, kan fortrengja dei private bloggane i synlegheit. Men bloggen som medieform har eg likevel stor tru på. Jan Omdahl i Dagbladet skriv også fornuftig om påstanden frå Boutin.

Ei viktig side ved ein blogg er at den er personleg og at den også er eit arkiv. Den er, for å låna uttrykk frå Lauren Feldman i sitt svar til Paul Boutin:

“Paul couldn’t be more wrong. The most important thing in your digital life is your personal blog… …your blog is your little slice of digital heaven. And no one can fuck with you there.”
Ei anna viktig side ved ein blogg samanlikna med t.d. Twitter og Facebook, som for all del dekkjer viktige behov, er at den kan bidra til å motverka ein dårleg trend ved nettet: "web-ens uutholdelige letthet".

Problemet er at vi gradvis mister evna til å lesa lange tekstar og argumentasjon som går over meir enn to setningar. Det er ei utvikling mot ein ekstrem overflatisk kvardag. Ingen skal fortelja meg at ein kan få uttrykt kompliserte og gjennomtenkte tema med 140 teikn i Twitter.

Men eg trur ikkje Twitter og Facebook er konkurrentar til bloggen, heller eit supplement. For eigen del har eg i alle fall ikkje tenkt å slutta å blogga med det første..

fredag 7. november 2008

Riksteateret og Olav H. Hauge

Riksteateret synte onsdag framsyninga Kom ikkje med heile sanningi, basert på Olav H. Hauge. Det kunne dei gjerne spart seg for, etter mitt syn. For meg vart teaterstykket heilbom. Eg fekk ei kjensle av "Bør Børson møter Olav H. Hauge" - til tider ein lettbeint musikal-liknande sak så langt frå Hauge som det vel er muleg å komma.

Det var mange problem med oppsetjinga, det verka for meg som regissøren ikkje kan ha kjendt særleg til Olav H. Hauge og livet hans, heller ikkje skodespelarane. Personen som hadde rolla som Hauge sjølv for med svære fakter og brautande stemme - diametralt motsett av den lågmælte Hauge. Og bipersonen, ei lita lerke som kvitra og song. Hjelpe meg! Og felles for dei to var den ekstreme teater-nynorsken, noko som blir heilt feil for ein diktar som heldt seg nær (Ulvik-)dialekten.

Det er synd at ikkje Riksteateret kan komma med noko betre. På Vossajazz 2006 las Hildegunn Riise dikt av Olav H. Hauge og bitar av dagbøkene hans i oppsetjinga Under stjernone. Det gjorde ho til tonar av Per Jørgensen (trompet) og medmusikarar. Det var ei fantastisk oppleving, i det minste for meg. Kvifor kunne ikkje Riksteateret teke denne førestillinga rundt om i landet?

(biletet er henta frå www.ht08.no - ei samleside for 100-årsjubileet til Hauge og Geirr Tveitt)

torsdag 6. november 2008

Den amerikanske draumen

Valet av Barack Obama som president i USA har gitt nytt liv til klisjeen den amerikanske draumen. Mange som har ledd litt hånleg av dette uttrykket og det det står for, må kanskje innrømma at fenomenet Obama må medføra ei justering av haldningar.

Det er klart pengar har hjelpt godt, men i utgangspunktet skulle ikkje Obama hatt ein sjanse til ein gang å bli demokratane sin kandidat. Som han sjølv sa i eit Jon Stewart-show: "Dei som ga meg mellomnamnet hadde i alle fall ikkje tenkt tanken på at eg ein dag ville stilla til val som president".

I det heile rokkar presidentvalet ved fasttømra syn og haldningar til USA. Dette synet har for mange vorte grundig forsterka av 8 års elendigheit av Bush-styre. Det er gjerne venstresida som har representert desse haldningane tydelegast. Spaltist Anders Anderssen i lokalavisa her, skreiv nyleg ein illustrerande artikkel om dette. Då han sjølv kom til USA første gang i 1956 hadde han lese bøker om amerikansk samfunnsliv og sosiologi og visste "alt" om kontinentet.

Han vart buande der i fire år, og då han kom tilbake til USA 15 år seinare, visste han "ingen ting" sikkert lenger. For etter å ha budd i USA fekk han innsyn i dei mange kontrastane denne samlinga av delvis uavhengige statar representerer. Men som han sjølv skriv: Synda kom til USA først og fremst med Vietnamkrigen, og idyllen var broten.

No er det også slik at dei som trur at Barack Obama blir SVs forlengja arm i USA, blir grundig skuffa. Det er nok mange som har ei slik oppfatning av den nye presidenten. Det blir nok heller "business as ususal", men med nokre viktige endringar ikkje minst på klima- og energisida. I all gleda av valet av Obama er det urovekkjande at han på same tid som han vil redusera aktiviteten i Irak, vil auka innsatsen i Afghanistan. Det kan bli like feil for Obama som Irak vart for Bush.

onsdag 5. november 2008

President Barack Obama!

Så vart det heldigvis Obama. Seint i går kveld las eg Larry Lessigs bekymringar over at det fort kunne gå som i 2000 og 2004; at demokratane har ein tendens til å tenkja at dette går sikkert vegen så eg treng ikkje stemma. I motsetnad til republikanarane som møter opp og stemmer uansett.

Eg var oppe ca. 03.30 i natt og då var det veldig jamnt mellom kandidatane og ikkje muleg å seia sikkert kva retning det ville gå. Då eg så sovna att, drøymde eg at McCain hadde vunne! Det var difor med stor spenning eg slo på tv-en i dag tidleg og heldigvis kunne konstatera at Obama er USAs nye president.

PS.
Viss no Sogndal berre kan slå Aalesund og rykkja opp i Eliteserien, kan 2008 karakteriserast som eit kanonår (bortsett frå finanstrøbbel osv...)