torsdag 22. juli 2021

Pengar og gjeld

Nytt lesarinnlegg, denne gangen i Dag og Tid. Viss du ikkje alt abonnerer på avisa, vil eg sterkt tilrå det. Det er ei vekeavis med høg kvalitet, og så er den jo på nynorsk (men det viktigaste er likevel det innhaldsmessige).

Innlegget er eit svar til Andreas Skartveit som har ei fast spalte der han skriv om mangt og mykje frå historia. 25. juni skreiv han om pengar, eit uuttømmeleg tema som me veit, i alle fall alle som er interesserte i Bitcon og kryptovaluta. I den samanhengen er det verdt å nemna at Bitcoin- og kryptointeresserte truleg veit meir om økonomi, i alle fall den monetær delen, enn svært mange andre. Det oppdaga også Cathie D. Wood, grunnleggjar og sjef (CEO) for det store investeringsfirmaet ARC Invest. I eit videoseminar 21.07.21 saman med Jack Dorsey (Twitter, Square) og Elon Musk, sa ho dette:

"In terms of talking to them about economics, economic theory, failed monetary regimes historically they know economic history better than anyone I've ever met".

Her er lesarinnlegget som stod på trykk 16. juli:

Pengar og gjeld

Andreas Skartveit skriv forvitneleg om mangt i spalta «Frå historia». Fredag 25. juni skreiv han om pengar; dette merkelege fenomenet som på overflata ser så enkelt ut, men som blir meir og meir komplisert ved nærmare undersøking. Skartveit startar historia om pengar med forklaringa om bytehandel, til liks med dei fleste. Den moderne økonomiens far, Adam Smith, må ta ein del av skulda for at denne forklaringa har festa seg og funne vegen inn i nær sagt alle lærebøker. Historia hans om bakaren, slaktaren og bryggjaren som alle har varer å selja, men ikkje nødvendigvis treng det den andre tilbyr, har vorte standardforteljinga i dei fleste innføringsbøkene om økonomi.

Men det spørst om me ikkje heller skulle lytta meir til antropologane enn økonomane i denne saka. Antropologen David Graeber, som dessverre døydde altfor tidleg, skriv overtydande om at pengar til alle tider har vore uløyseleg knytte til gjeld. I boka «Gjeld: Dei første 5000 åra» tek han eit oppgjer med myten om pengar som avløysar for bytehandel. Ingen antropologar har kunna stadfesta teorien om at det var slik pengar oppstod. I staden har gjeld i form av «eg skuldar deg» (på engelsk «I Owe You» - IOU) vore den dominerande handelsmåten. Heilt frå sumerarane si tid, og sikkert før den tida også,  har det vore vanleg å halda rekning med kven som skuldar kva. Det fungerte fint i lokalsamfunna som lenge var dominerande. Når alle kjenner alle, er det ikkje behov for pengar.

Først då menneska begynte å reisa lenger bort, særleg i samband med krigar, måtte andre metodar for oppgjer innførast. Soldatar måtte lønnast med pengar for å kunna kjøpa varer i framande strok, der sal på kreditt ikkje var aktuelt.

Sidan har pengar utvikla seg frå det konkrete til det abstrakte, med Bitcoin og kryptovaluta som det fremste eksempelet på det siste. 

fredag 16. juli 2021