mandag 23. desember 2019

Facebooks Libra - eit halvt år seinare

Eg skreiv om Facebooks Libra-prosjekt i sommar og om den spennande utviklinga me har i vente. I mellomtida har reaksjonane vore mange, og harde. Frontfigur David Marcus vart kalla inn til høyring i Kongressen og vart grilla i mange timar av aggressive politikarar. Den som kom best ut av høyringane var nok Meltem Demirors frå CoinShares. Innkalla som ekspert på kryptovaluta leverte ho leverte eit strålande innlegg der ho var krystallklar på at Libra ikkje er kryptovaluta, og kva som skil Libra og Bitcoin. Om du ikkje har sett innlegget hennar, bør du gjera det:



Utviklarane av Libra er fascinerte av både Bitcoin og Ethereum, det er det ikkje tvil om. Slik sett er Libra ein slags hyllest til desse systema. Men styringa av Libra gjennom Libra Association, og dei tette banda til Facebook, gjer at dette er noko heilt anna enn opne, vilkårslause blokkjedesystem.

Det beste uttrykket for skilnaden mellom Libra og Bitcin kjem fram når ein stiller spørsmålet: Kven skal Kongressen kalla inn for ei høyring om Bitcoin? Her skil Bitcoin seg også frå Ethereum, for i Ethereum er det lettare å peika ut sentrale organisasjonar med makt, som Ethereum Foundation.

Libra som desentral kryptovaluta?
Eit overraskande punkt i Libra-dokumentasjonen var planane om full desentralisering av valutaen. Det starta med 28 investorar/nodar i Libra Association som så vart redusert til 21 då organisasjonen formelt vart etablert. Det var 7 amerikanske firma innan betalingsformidling, m.a. Visa, Mastercard og PayPal. Det skjedde etter sterkt press frå styresmaktene.

Det har så langt gått motsett veg av det som var lova i prosjektomtalen. I staden for å utvida med fleire medlemmer, har det altså vorte færre.

Målet om eit desentralt Libra verka urealistisk alt frå starten, og eit halv år etter og med dei reaksjonane som har komme frå politsik hald, er det heilt utenkjeleg. Facebook vil ha store problem med å bli realisera Libra i det heile

Sterke reaksjonar
Libra vart møtte med stor skepsis, og Kongressen kalla inn Libra-sjef David Marcus ganske kort tid etter at planane vart kjende. Etterpå at det komme mange reaksjonar frå andre land, og dei har ikkje vore mindre skeptiske. Delar av reaksjonane handlar om den tynnslitne tilliten til Facebook generelt, og at politikarane ikkje let seg lura av at Libra blir styrt av eit konsortium på 28 (vel, i skrivande stund 21 medl.),. Dei trur, som dei fleste andre, at Facebook er i hovudsete. Det er trass alt dei som har brukt store ressursar på utvikling av konseptet, og det er dei som kjenner teknologien til botns.

Facebook-sjef Mark Zuckerberg vart så kalla inn til høyring i the House Financial Services Committee. Zuckerberg brukte høvet til å skyva dei fattigaste i verda framfor seg då han sa at Libra skal hjelpa alle som i dag ikkje har tilgang til finansielle tenester i heimlandet sitt. Men komité-medl. let seg ikkje lura av retorikken. Som repr. Brad Sherman sa:
"For the richest man in the world to come here and hide behind the poorest people in the world and say that's who you're really trying to help. You're trying to help those for whom the dollar is not a good currency: drug dealers, terrorists, tax evader,"
Det andre argumentet til Zuckerberg var at Kina har ei leiing på dette området (kryptovaluta, og særleg digitale sentralbankpengar). Han mana fram at dersom USA ikkje  satsar på dette området, vil vegen vera open for Kina som har synt seg ganske aggressive og er komne ganske langt med planane om ein digital yuan. MZ peikte på at dollaren kan bli svekka når Kina lanserer den digitale valutaen sin.

Politikarane let seg likevel ikkje imponera og Zuckerberg fekk gjennomgå for alle skandalane Facebook har hatt dei dei siste åra.

Kva no?
Mark Zuckerberg har sagt at Libra vil bli lansert, uansett kor lang tid det vil ta, og at dei også vil følgja reguleringane som vert pålagde. Då er det klart at ein desentral Libra er heilt uaktuell, og denne delen av Libra-prosjektet framstår meir og meir merkeleg. Er det fascinasjonen for Bitcoin som har fått dei til å skriva dette? Det kan umuleg vera for å komma styresmaktene i møte.

Då Libra vart lansert, siterte eg Caitlin Long, ein viktig person i kryptomiljøet som arbeider tett med delstatspolitikarar i Wyoming og har klart å gjera staten til den mest kryptovennlege i USA. Ho meinte Libra var bra for Bitcoin av følgjande grunnar:

  • Berre ved å bruka ordet "kryptovaluta" vil Facebook alminneleggjera det og ufarleggjera det
  • Libra blir eit gigantisk opplæringsprogram for kryptovaluta
  • Dei som skaffar seg Libra-lommebok (t.d. Facebooks Calibra) vil sjå at libra står i ro kursmessig medan bitcoin aukar (?) i verdi. Det blir freistande å veksla libra inn i bitcoin.
  • Kjøp av bitcoin og andre kryptovalutaer blir mykje enklare ved bruk av libra
Stort sett positive utsikter sett frå Bitcoin si side, altså. Men med reaksjonane som har komme det halve året etter at Facebook offentleggjorde Libra-planane, er eg usikker. Styresmaktene rundt om i verda fekk ein alvorleg vekkjar og har mobilisert. Der Bitcoin stort sett har fått utvikla seg i fred, blir det no eit stadig sterkare søkjelys på kryptovaluta og regulering av den. 

Liberalistar sin påstand om at Bitcoin ikkje kan regulerast, stemmer ikkje. Det er heller ikkje ønskjeleg, for regulering har både gode og mindre gode sider, og også kryptovaluta treng regulering.

Styresmaktene er vekte, og det vil også Bitcoin få merka i aukande grad.

søndag 15. desember 2019

SPQR - Den romerske republikken

"SPQR - A History of Ancient Rome" er skriven av Mary Beard, professor ved Cambridge (Professor of Classics) og ekspert på romersk historie, mellom anna. Ho er ei dame som ikkje kvir seg for å stå i stormen, og det har storma ein god del rundt ho.

Men først forkortinga SPQR. Det står for Senatus PopulusQue Romanus - "The Senate and People of Rome" og var eit symbol på den romerske republikken. Denne "logoen" fanst over alt i det romerske samfunnet.

Det er viktig å få fram at denne 600-siders boka ikkje er ein introduksjon til Romartida og den romerske republikken. Viss du er blank på førehand, som eg eigentleg var, er det mykje i denne boka som krev tilleggsinformasjon. Beard skriv mest om personar i det millenniet ho dekkjer (ca. 750 før vår tid (f.v.t.) og til keisar Caracalla i åra 212-217).
Ho forklarer lite om den politiske utviklinga og organiseringa og samanhengen mellom ulike grupper (patrisiar og plebeiar) og deira maktorgan (senatet og tribunalet).

I etterordet til denne ganske omfattande boka forklarer ho korleis ho sjølv ser på denne tida og kva me kan læra av den. Ho er ganske nøktern og slår fast at me neppe kan læra så mykje direkte av romarane frå denne tida, men at me kan læra mykje ved å engasjera oss i historia. Romartida har trass alt hatt enorm påverknad på utviklinga av vårt eige samfunn, dvs. utviklinga av den vestlege verda.

Les boka og sjå serien "Rome"!
Eg har som sagt, måtta søkja andre kjelder også for å forstå boka betre. Etter å ha lese boka starta eg med å sjå serien "Rome", ein HBO-serie som vart laga frå 2005-2007. Den var til stor hjelp fordi den visualiserte historia og det var lett å kjenna att dei grunnleggjande hendingane. Vekslinga mellom serien og tilbakeblikk i boka har fungert godt for meg, og eg er imponert over "Rome" og den tilsynelatande korrekte historiske framstillinga.


Republikken oppretta i 509 f.v.t.
Alt i 509 f.v.t vart kongedømmet avløyst av ein republikk. I staden for å samla all makt i hendene på ein herskar, vart makta delt. Men det betyr ikkje at det var folkestyre slik me kjenner det. Makta låg hjå eliten, patrisiarane, og etter kvart vart det oppstand blant vanlege folk, dei såkalla plebeiarane. Senatet var samansett av folk frå eliten, og dei valde to konsular som hadde eit åremål på eitt år. Konsul var den høgste utøvande maktstillinga. Magistrat var samleomgrepet for dei ulike maktposisjonane, og i tillegg til konsul var det i ordna rekkefølgje Praetor, Quaestor og Promagistrate.

Patrisiarane var overklassen, dei som var av dei rette slektene; adelen så og seia. Plebeiarane var vanlege folk. Men endå vanskelegare stilte var sjølvsagt slavane. Ein slave kunne bli sett fri, og slik sett bli ein plebei.

Berre får år etter at republikken var oppretta, i starten av det femte århundre f.v.t., begynte det å bli uro. Plebeiarane vart stadig meir misnøgde med den skeive maktfordelinga og spørsmålet var om dei skulle ty til vald eller markera ueinigheit på annan måte. Heldigvis, kan me seia, valde dei ein ikkje-valdeleg strategi. Dei gjekk i samla flokk til den nærliggjande høgden/åsen Mons Sacer og streika. Aksjonane førte fram og det vart oppretta maktorgan også for plebeiar i form av Tribunal (Tribunus Plebis) og Aedelis Plebis ("folkeforsamling"). Med desse institusjonane vart det meir balanse i maktutvøinga i republikken. Tribunalet hadde vetorett overfor senatet og konsulane, og kunne slik hindra urimeleg lovgiving.

Makta til plebeiarane var avgrensa til Roma by, og alt som skjedde utanfor Roma, og det var på mange måtar det meste, vart styrt av patrisiarane gjennom senatet og magistratane (i første rekkje konsulane).

Ei viktig lovendring, sett frå plebeiaranen si side, skjedde i 326 f.v.t. då det vart slutt på at gjeld kunne føra til slaveri.

Frå republikk til diktator og imperium
Trass i utfordringar og uro, med borgarkrig og forsøk på å samla makta i ein diktator, klarte republikken i det store og heile å halda på grunnprinsippa heilt fram til midten av det første århundret f.v.t. Frå rundt år 60 samla dei tre leiande personane på den tida, Cæsar, Crassius og Pompeius, seg i eit makt-trekløver kalla det første triumviratet. Dei heldt kvarandre i sjakk så lenge dei var tre, og bytte på konsul-posisjonen. Det var også slik at dei to som var konsul, bytte annakvar månad på å vera den fremste av dei to.

Men då Crassius vart drepen i eit slag, tilspissa forholdet mellom Cæsar og Pompeius seg. Det enda til slutt med open kamp. Cæsar var hærførar i Gallia (Gaul) og hadde stor suksess, som Pompeius også hadde i austleg territorium. Cæsar var den første romaren som kryssa den engelske kanalen, og han var også den første til å kryssa Rhinen.

Då senatet vedtok at Cæsar måtte gi opp som hærførar og komma til Roma og stå til rette for det som vart påstått å vera overgrep, skjedde den kjende kryssinga av elva Rubicon og han sette kursen mot Roma for å ta over makta. Dette skjedde i år 49 og han møtte ikkje motstand, for Pompeius flykta. Cæsar følgde etter og Pompeius vart etter kvart drepen i Egypt. Men det var ikkje Cæsar som drap han, men lokale folk. Cæsar kom til Egypt, som den gangen var ein del av Romarriket, og straffa dei som hadde teke livet av Pompeius.

Cæsar hadde eit merkeleg ambivalent forhold til motstandarane sine. Han såg på Pompeius som både nær venn og farsfigur, samtidig som han var i open krig med han. På same vis benåda han mange av dei hadde valt feil side og kjempa med Pompeius, mellom andre Brutus og Cicero. Han vart åtvara mot dette, men følgde tydelegvis strategien "hald vennene nær, men fiendane endå nærare". Det skulle likevel kosta han livet.

Populistar og konservative
Cæsar var både elska og hata. Han var godt likt av folk i dei lågare laga fordi han gjennomførte reformer som var til fordel for fattige og som tok frå eliten ein del makt og goder. Det var sjølvsagt ikkje populært hjå eliten, og han hadde mange motstandarar i senatet. Dei som kjempa på Pompeius' side kjempa for idealet om republikken, sjølv om det i realiteten gjerne var ein kamp for å halda på privilegia til overklassen.

Dei to gruppene vart kalla Populares og Optimates. Populares var den tidas populistar, og Cæsar henta støtte hjå breie lag av folket i Roma. Optimates var dei konservative som ville halda på republikken, men helst med eit sterkt senat. Det var i stor grad senatorar og store landeigarar som tilhøyrde denne gruppa. Både Brutus og Cicero høyrde til gruppa.

Spora etter Cæsar er mange, men dei tydelegaste er inndelinga av året. Før Cæsar hadde romarane ikkje ein kalender som følgde jorda sin rotasjon rundt sola, og det førte til mykje rot. Dei kunne vera både ein og to månader etter den korrekte tida, noko som skapte problem. Cæsar innførte den greske kalenderen og juli månad vart kalla opp etter han. Den julianske kalenderen hadde 365 dagar og ein ekstra dag kvart fjerde år, som me også har i dag.

Cæsars fall
Det vart stadig meir uro og misnøye mellom senatorane og ei gruppe av dei samla seg til eit attentat. Det skjedde 15. mars år 44 (Ides of March) då senatat var samla. Ei gruppe senatorar samla seg rundt Cæsar og begynte å skubba og dra av han toga-en. Så kom knivane fram og han vart stukken ned. Det mest kjende sitatet frå denne hendinga er "Et tu, Brute?" ("Du også, Brutus?"), men dette stammar frå Shakespeare sitt stykke Julius Cæsar og stemmer ikkje med det som skjedde. Dei siste orda til Cæsar skal ha vore "Du også, barn?", men ingen veit sikkert om det var slik. Brutus var i alle fall sentral i attentatet og mordet på Cæsar.

Etter Cæsars fall, var det mange år med strid og borgarkrig, før Gaius Octavian overtok som keisar i år 27 f.v.t. [Gaius er eit personnamn og var så vanleg at det til slutt vart brukt som eit generisk namn for mann, og det feminine motstykket var Gaia].

Keisar Augustus
Cæsar hadde utnemnt grand-nevøen Octavian som etterfølgjaren sin, det stod også i testamentet hans. Octavius var son til Atia som igjen var dotter til Cæsar si søster Julia. Han tok namnet Augustus etter at han vart diktator. Han styrte som diktator frå år 27 f.v.t. til år 14 då han døydde.

I tida etter mordet på Cæsar, danna Octavian og Antonius eit andre triumvirat saman med Lepidus. Men då Lepidus vart drepen i eit slag, vart konflikten mellom Octavian og Antonius klar og krig uunngåeleg. Antonius styrte regionen i aust, med Egypt som hovudsete, og han innleia eit forhold til Kleopatra, og fekk to barn saman med ho.

Octavian vann eit avgjerande sjøslag nær Hellas, og sette etter kvart kursen mot Alexandria. Antonius tok sjølvmord då han trudde (vart forleda til å tru?) at Kleopatra hadde teke sjølvmord. Det stemde ikkje, men då ho innsåg at alternativet hennar var å bli ført til Roma som symbol på Octavians seier over ho og Antonius, tok også ho livet sitt. Historia vil ha det til at det skjedde ved eit slange-bit, men Mart Beard meiner det er lite sannsynleg. Kleopatras son Cæsarion som ho fekk med Cæsar [det er usikkert om Cæsar faktisk var far til barnet, og i "Rome" får me ei anna historie] vart drepen av Octavian. Guten var då 16 år, men Octavian såg han som ein stor trussel sidan han var påstått å vera Cæsar sin son.

Serien "Rome" tek seg visse fridommar akkurat på dette punktet, Ein annan ting er at Antonius nok blir framstilt i overkant eindimensjonal i serien.

Sjølv om denne tida er mellom dei best dokumenterte, med ei rekkje skrifter og kjelder, veit me likevel lite om personen Augustus. Ein viktig grunn var at han sjølv bevisst framstod som gåtefull. Han var både blodig tyrann og vismann, og det var ikkje alltid lett å sjå kva side som gjaldt. Namneskiftet frå Octavian til Augustus kan også tolkast som eit forsøk på å fjerna seg frå den valdelege fortida og introdusera ei ny tid der han tok rolla som statsmann.

I "Rome" blir Octavian framstilt som ein følelseskald og bereknande fyr, med klare autistiske trekk. Det kan godt henda det er ein del rett i dette, men han gjekk også gjennom ei stor endring frå tida før han vart diktator til etter at han tok full kontroll over Romarriket.

Han ville ikkje kalla seg diktator, som forgjengaren Cæsar, men vart i staden vald til konsul år etter år, i tillegg til at han også samla makta frå folket, tribunalet, på eigne hender. Han var diktator i gavnet om ikkje i namnet.

Han styrte Romarriket i 41 år, frå 27 f.v.t. til år 14 då han døydde. Det var på mange måtar ein gullalder, og riket var på sitt mektigaste. Augustus fullførde det Julius Cæsar starta på eit par tiår før.



onsdag 11. desember 2019

Bestemor kvitvaskar ikkje!

Foto: Hartmut Schwarzbach (CC-BY-NC-SA-4.0)
Mor mi er snart 89 år og har verken pass eller førarkort lenger. For eit par veker sidan fekk ho melding frå banken om at ho måtte møta opp og legitimera seg, elles ville bankkontoen hennar bli stengd. Så ho må fram med rullatoren og møta opp hjå politiet for å få pass.

Den omfattande aksjonen for legitimering av bankane sine kundar er ikkje tiltak mot kvitvasking for denne aldersgruppa, det er trakassering av svake og utsette grupper!

Det var ikkje bestemødrer eller bestefedrar som stod bak slusinga av meir enn 2.000 milliardar kroner (!) i Danske Bank si Estlands-avdeling. Det var heller ikkje denne aldersgruppa som stod bak kvitvasking i Nordea, eller i SWED-bank, eller i SEB, eller i DnB som slusa 700 mill. kr gjennom systemet sitt på vegne av eit islandsk fiskerikonsern.

Dei store kvitvaskingssakene handlar om ein industri med stor profitt, og trass i aukande risiko er vurderinga slik at det er verdt å ta risikoen. Dei som tener på dette er både bankar og kundane som er involverte. Men desse kundane er ikkje nærmare 90 år og brukar rullator.

Kor vanskeleg kan det vera å leggja inn kontrollar på kontoane til denne aldersgruppa? Eg vil tru at pengestraumane inn og ut på desse kontoane er svært så føreseielege, og at det skal svært lite til å laga effektive kontrollsystem for å fanga opp uregelmessige transaksjonar. Trass alt brukar bankane milliardar på digitalisering, så det burde ikkje vera noko problem.

Kravet om legitimering av kundane stammar frå EU-direktivet om kvitvasking, og gjennom EØS-avtalen pliktar også Norge å innføra reglane. Men er det verkeleg slik at sunn fornuft og enkle løysingar er uaktuelt? Det einaste som synest sikkert i denne saka, er at kvitvaskinga vil halda fram om lag som før, og at trakasseringa av mange eldre og andre som er på utsida av det digitale samfunnet, ikkje vil ha nokon effekt i så måte.

fredag 22. november 2019

På nattbordet - igjen

"På nattbordet", onsdag 20.11.2019
Eg fekk ein hyggeleg telefon frå Dagens Næringsliv denne veka med spørsmål om kva eg har på nattbordet. Det er andre gangen på relativt kort tid, sidan eg også vart intervjua sommaren 2018.
Men som journalist og ansvarleg for spalta, Bjørn Gabrielsen, sa: du har sikkert lese ein del sidan den gangen. Og det har eg jo.

Eg nemnde også denne gangen at eg hadde lese hans eiga bok, "Veien ut", og me hadde ein interessant samtale om sjølvberging og det å klara seg ut av vanskelege situasjonar ved ikkje å vera rådlaus, men rådsnar. Og han fortalde den imponerande historia om John K. Galbraith i Det Kvite Huset. Boka hans vart ikkje nemnt, kanskje naturleg nok, men han tok med Simen Tveitereids bok "Et fritt liv" som eg også nemnde.

"På nattbordet" har vorte ein slag markør for DN, i alle fall meiner eg det. Det er spalta eg alltid les, om eg ikkje les andre ting i avisa. Spalta har histore heilt tilbake til 1967, i følgje BG. Det er over 50 år med interessante data om lesevanar blant folk. Det er noko som burde vore forska meir på, eller skrive meir om, noko eg også nemnde denne gangen for BG. Og det spørst om ikkje det kjem ei bok om dette snart..

tirsdag 12. november 2019

Pengar på gata

"Pengar på gata" er eit (finans-)uttrykk for at du kan plukka opp gratis pengar frå gata i visse investerings- eller skattesituasjonar. I dette tilfellet er det oppføring av kryptovaluta i skattemeldinga som kan gi deg fordel om du gjer det på rette måten. Stikkordet er "sist inn, først ut".

Kryptovaluta (bitcoin, ether ++) blir definert som formuesobjekt av Skatteetaten og skal skattleggjast meir eller mindre på same måten som verdipapir. Du må betala skatt av gevinst, og kan trekkja frå tap. Formuen må førast opp pr. 31.12 det aktuelle året for skattemeldinga.

Dersom du, som eg, trudde at det er "først inn - først ut" (FIFO - First In First Out) som gjeld for utrekning av gevinst, ev. tap, er det feil. Skatteetaten set ikkje krav til bestemde prinsipp, så du kan velja det som er mest gunstig. Over lang tid blir resultatet det same, du utset på ein måte berre skatten om du vel "sist inn - først ut" i staden for "først inn - først ut"), men fordi skattesatsen for kapitalinntekt har vorte redusert frå 25 % i 2016 til 22 % for skatteåret 2019 (24 % i for skatteåret 2017, 23 % for 2018 og 22 % for 2019). Om skattesatsen skal vidare ned, er uklart. Grunnen til reduksjonen er å komma på linje med andre land sine satsar, sidan kapital lettare kan flyttast over landegrensene enn arbeid.

"Pengane på gata" er i denne samanhengen å bruka den mest gunstige utrekningsmåten og slik sett spara skatt på grunn av den reduserte skatteprosenten på kapitalinntekt. Det er ein gevinst du uansett kan putta i lomma, og som gjer at det lønner seg å bruka den utrekningsmåten som gir lågast gevinst.

Her er eit skjermbilete frå programmet https://bitcoin.tax som viser ulike utrekningsmåtar:


mandag 4. november 2019

Kven skal laga framtidas pengar?


Seminaret "Kven skal laga framtidas pengar?" vart arrangert i Sogndal i dag, som ein del av kurset "Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien". Fagleg sett var det eit veldig bra seminar, men dessverre litt få tilhøyrarar. Men det vart til gjengjeld mange spørsmål og tett dialog med dei frammøtte - i det tradisjonelle seminaret si gode ånd.

Her er presentasjonane som vart haldne, etter at instituttleiar ved institutt samfunnsfag, HVL, professor Grete Netteland, hadde ønskt velkommen.

Jermund L. Molland, Risk og Compliance Manager, Sogn Sparebank:




Peder Østbye, Norges Bank:




Andrea Thorup, Rethinking Economics Norge:




Haakon Riekeles, Civita:




Torbjørn Bull Jenssen, Arcane Crypto og Kryptografen.no:



fredag 1. november 2019

Mytar om Bitcoin og blokkjede

Dagens Næringsliv publiserte lesarinnlegget mitt om "Mytar om Bitcoin og blokkjede" i dag. Eg håpar eit av resultata er at DN sjølve endrar faktaboksen dei presenterer om Bitcoin og blokkjedeteknologi, for den er villeiande i dag.

Det kan passa å minna om andre vanlege mytar på dette området, som eg mellom anna gjorde i innlegget "7 myter om Bitcoin", publisert på Kryptografen.no.

søndag 15. september 2019

Baltic Honeybadger 2019, dag 2

Best å dela dette i to sidan det blir ein god del skriving. Det blir også ei salig blanding av norsk og engelsk..

Samla inntrykk av konferansen:
Baltic Honeybadger 2019 var ein ny god konferanse, og markerer seg som ein av dei, om ikkje den, viktigaste Bitcoin-konferansane. Her er det berre Bitcoin som gjeld, og altcoins blir konsekvent omtala som "shitcoin". Då forstår du om det er ein konferanse for deg eller ikkje..

Mange gode innleiarar, men eg saknar eit meir reflektert syn på økonomi. Her var det berre den østerrikske skulen som var representert. Finst det ikkje andre øknomi-retningar som ser potensial i Bitcoin? Konferansen bør uansett invitera fleire økonomiske syn.
Paneldebattar er generelt vanskeleg å få til, det gjeld Baltic Honeybadger til liks med andre. Eg forstår ikkje heilt at det har vorte så vanleg på konferansar, bortsett frå at det er litt billeg, med minimal førebuing frå paneldeltakarane.

Opening words
by Giacomo Zucco
Vanskeleg å referera Giacomo, må opplevast!
GZ er velkjend Bitcoin-maximalist ("Thou Shall Not Have Other Money Than Bitcoin").

GZ harselerte i velkjent stil og tok eit oppgjer med maximalist-innlegget han hadde i fjor. Men som vanleg var det jo berre tull og ironi.. Underhaldande uansett!

13 Threats to Your Bitcoin
Jeremy Welch
Jeremy Welch er CEO i Casa som lagar Bitcoin- og Lightning-nodar i enkel innpakning (A Casa node in every home!"). Dei utviklar også sikkerheitsløysingar knytte til dei fysiske produkta.

Poenget med sikkerheit er å gjera det dyrare for potensielle svindlarar

1. Data and credential loss
Direkte tap av nøklar

2. Phishing
Lura brukarar til å logga inn på falske sider

3. SIM Hijacking
Dessverre eit aukande problem (DN hadde eit stort oppslag om dette i sommar, noko som førte til at digitaliseringsminister Nicolai Astrup tok affære og ba mobiloperatørane stramma inn praksisen sin.)

4. Network attacks

5. Malware

6. Supply chain attack
Malicious code injected in a commonly used device (jf. Olav Lysnes "Huawei and Snowden  Questions"

7. Physical coercion
Kidnapping, fysiske truslar

8. Child/pet attack
Ein variant av den forrige

9. Internal service provider attack

10. Platform/hosting attack
Angrep på sky-servarar, Linode web host attack in 2012

11. Code dependency attack
Malicious code in different libraries

12. Official seizure
Nasjonalisering har skjedd mange ganger i historia

13. Inheritaance failure
Kva skjer med bitcoin/krypto ved dødsfall?

Eksempel på mulege angrep: Nettlesar-historien blir lasta ned og t.d. Bitcoin-adresser blir identifiserte og endra. Kan også trekkja ut KYC-data og på den måten oppretta nye kontoar.
Kan også relativt lett endra mottakar-adresser. Må vera ekstremt forsiktige her.

Kva slags nettlesar-tillegg har utvida tilgang til nettlesar-data?
- Grammarly
- Passord-program (LastPass ++)

Tips: Bruk ulike nettlesarar til ulike oppgåver. T.d. Chrome til vanleg nettbruk og Brave (heilt strippa, ingen tillegg) til bitcoin-/kryptooperasjonar

Mitt inntrykk: Nyttig påminning om at "ver din eigen bank" kjem med ein del vanskelege utfordringar kring sikkerheit. Som paneldeltakaren i neste sesjon sa: "There is nothing scarier than being your own bank for a normal person".

Ein kan bli veldig paranoid av å tenkja på alt som kan gå galt på dette området. Men på same tida kjem ein langt med ein del enkle forhåndsreglar. Ein god start er å skaffa seg ei hardware-lommebok.


PANEL • P2P exchanges
Roman Snitko, Ray Youssef, Bernard Labno, Jonathan Leong. HOST: Ambroid
Tja, ikkje så mykje å referera frå her. Den eine paneldeltakaren tok nesten all tid til ulike historiar, men utan å komma skikkeleg inn på hovudtemaet.

P2P-vekslingstenester er eit ideal og eit mål for mange, men det er ein del skjer i sjøen. Sentrale utfordringar er likviditet og reguleringar.


Bitcoin as a benchmark
Michiel Lescrauwaet
Why Bitcoin as a Benchmark?
Vanlege indeksar er S&P 500, Bloomberg ++
Kryptoindeksar er dårleg samansette (t.d. Bloomberg Galaxy Index med 30 % XRP - kva er fornuften bak dette?)
Bitcoin's moneyness is unrivalled
- superior store of value
- sikraste, pålitelege, likvide blokkjede-valuta
- institusjonar kjem til Bitcoin, ikkje altcoins

Dagens kryptoindeksar er feilslegne og fungerer dårleg.

Viss Bitcoin er målestokken, korleis skal ein slå (outperform) Bitcoin?

2010-2013: Discovery phase
2014-2020: Infrastructure phase
2021-2025: Deployment phase

Ulike strategiar i dei ulike fasane.

Bitcoin vil bli målestokken for framtidas krypto-investeringar

Open-source upgrade to the BTC mining stack
Jan Čapek, Braiins (som står bak Slush Pool)

Braiins OS - operativsystem for krypto-graving, primært Bitcoin
- fri programvare


FPGA: Field Programmable Gate Array

Kontrollbordet blir vanlegvis styrt av Linux

Slush Pool var det første grave-lauget ("mining pool"), etablert alt i 2010. Dei har utmerka seg sidan starten ved å vera opne og tydelege på Bitcoin Core-støtte. Det er difor naturleg at dei står i spissen for opning av dette området også.

PANEL • REKT: how to survive the bear market
WhalePanda, Ambroid, Tone Vays, Florian Maier. HOST: Matt Odell
"Don't quit your daytime job" kan stå som første råd frå panelet.
Tone Vays sa han angrar på at han ikkje heldt fram i jobben på Wall Street eit år lenger, for å kunna ha investert meir i bitcoin som då låg på $2-300.

Lønnsutbetaling i bitcoin:
Florian M. sa at bedrifta hans prøvde dette. Teknologisk var det veldig lett, regulatorisk (KYC) var det eit mareritt, og dei ga difor opp. Dei har kode på Github for løysinga dei utvikla.

Største undervurdering/feilslåtte investering
Tone Vays: Undervurderte dynamikken då kursen var rundt $3K. Han trudde at det då ville bli nedgang og at oppgangen ikkje ville komma før altcoins ville forsvinna.
Er likevel uroleg for vidare kursutvikling, han ser ikkje mange nye brukarar komma inn i systemet.

Ambroid: Seld for lite ved den store oppgangen i 2017. Han kjøpte bitcoin for altcoin i 2018, det var ein tabbe (skulle brukt dollar).

WhalePanda: Har halde på for mykje altcoin, sjølv om det berre utgjorde 10 % (og no nærmare 1 %)

Florian: Det er lett å sjå i ettertid kva ein skulle ha gjort, men det er vanskeleg å gjrea det rette der og då. Eit problem er at kjenslene styrer for mykje. Godt råd: Lag ein plan og følg den!

Kva med opsjonshandel?
Tone Vays: Det er for lite likviditet i markedet.

Kva betyr det at altcoins vil døy ut?
Dei vil ikkje forsvinna heilt, men gå gradvis mot null. Dei gamle vil gradvis forsvinna, men nye vil komma til, men problemet er at dei ikkje har nokon bruksscenario (use case).

Mitt inntrykk: Den enkle oppsummeringa er: kjøp på botn og sel på toppen! Men det veit jo alle, og aktørane i panelet verka på mange måtar like amatørmessige som du og eg. Men bra at dei var opne om eigne feil og feilvurderingar. Det beste rådet er likevel å ha ein klar plan og følgja den, t.d. periodevise kjøp (månadleg, kvartalsvis, halvårleg).

Bitcoin as a practical tool for individual freedom
Rigel Walshe

Tidlegare politimann frå New Zealand. Han var samtidig frontmann i eit metal-band og fekk problem med leiinga i politiet. Han beheldt jobben, men måtte gjera ein del endringar med bandet. Han slutta i politiet for eit par år sidan og begynte å læra seg programmering (!), på Code Academy.


LNP/BP Macroeconomic Data, Theories, and Intuitions
Pierre Rochard
Pierre lært også koding på Code Academy og oppfordrar alle interesserte i å læra seg programmering - det er aldri for seint!

Lightning Excel rekneark (plug-in i Excel)

Node Launcher tek seg av alt styret med oppkopling mot Bitcoin- og Lightning-nodar, og fungerer både i MacOS, Windows og Linux.

Bitcoin "macroeconomics"
- long term economic

Viktig spørsmål: Vil gebyr vera nok til å sikra Bitcoin-nettverket i framtida når inflasjonen er null? Eller blir det ein hard fork med ein Bitcoin-variant som har innebygd inflasjon?

Aktuell lesing:
Eric Budish: "The Economic Limits of Bitcoin and the Blockchain"
TwoBitIdiot: "The 21mm BTC Soft Cap"
Dan Held: "Bitcoin's Security is Fine"
Nic Carter: ""Bitcoin bites the bullet"

Mario Gibney: "Blockspace market" should be used instead of "fee market"

Myte: fast grense på 1 MB
Realitet: Variabelt, med eit tak
2009-2013: 0,5 - 0,75 MB
2013-2017: 1 MB
2017-????: 4 mill. vekt-einingar (weight units)

Bitcoin-utviklarar har til no vore mest opptekne av tekniske kostnaderog ikkje sosiale. Sosiale kostnader er at det krevjande å måtta lasta ned heile Bitcoin-blokkjeda for å vera på den sikre sida. Mange er ikkje villige til å ta denne kostnaden, men brukar berre ei lettvektslommebok (SPV - Simple Payment Verification)

Jevons paradox: Increased efficiency causes more total resource consumption

Mitt inntrykk: PR tek opp viktige, og kontroversielle spørsmål, om Bitcoin og utviklinga framover. Det er viktig å stilla spørsmåla og vera open om mulege var. Det er kanskje litt for lite rom for dette i Bitcoin-miljøet.

PANEL • Wallets
Ádám Ficsór, Konstantin Gladych, Rodolfo Novak HOST: Alena Vranova
Paneldeltakarane representerer følgjande lommebøker:
- Atomic wallet
- Wasabi wallet
- Coldcard og OpenDime
- Green Address (Blockstream)
- Casa (repr. ved panelleiar Alena Vranova)

Alle seier dei er profitable (Blockstream har ein litt annan forretningsidé med Green Address).
Enkelheit og brukarvennlegheit er det viktigaste, men for Wasabi er personvern også veldig viktig. Dei har difor integrert CoinJoin i lommeboka. Ved hjelp av CoinJoin blir transaksjonar frå fleire brukarar blanda saman for at det skal bli vanskelegare å spora den enkelte. Det er eit motsetningsforhold (trade-off) mellom brukarvennlegheit og mengda funksjonalitet.

Casa er opptekne av å betra både sikkerheit og brukaroppleving og tilbyr "seedless" nøkkel-etablering. "Seed"-en blir erstatta av ein multisig-

Blockstream/Green Address har utvikla ein fullnode for Android-mobilar: ABCore
Den er tilgjengeleg for nedlasting frå Google Play (tidleg utviklingsversjon).

Standardisering?
- kva tidspunkt? For tidleg standardisering stoppar innovasjon, men manglande standardisering kan også hindra større utbreiing.
- ein god, praktisk start er nettsida som gir oppskrifter på korleis ein skal regenerera ei lommebok (som ikkje blir vedlikehalden lenger) i ei anna lommebok.

Viktig: Ved bruk av multisig må ein også ha backup av den prosessen, for "seed" åleine vil ikkje vera nok til å få tilgang til valutaen.

Green Address: Oppdateringsfrekvensen er 14 dagar
Atomic wallet: Bruk av mobilen som hardware-lommebok, inkl. av LN
Wasabi: Har avdekka mykje dårleg praksis i programvareutvikling for Bitcoin. Opprydding i kode bør difor prioriterast
Coldcard: Adresse-inspeksjon
Casa: SatApp (forenkling av LN-betalingar med namn som forenklar adressehandteringa


Running bitcoin in production environments
Ketominer
Konkret oppsett av betalingsløysing (BTCPay Server) med Bitcoin- og LN-nodar pluss alt som høyrer til (webserver,applikasjonsserver, mellomvare, databaseløysing +++).


The Information Theory of Money
Dan Held, director of Business Development, Kraken

Dagens problem: Sentralbankar har ikkje sjanse til å få full oversikt over all nødvendig informasjon for å gjera dei rette vala.
- impossible to calculate inflation
- forecasting does more harm than good
- political interference
- resluts aren't reproducible

Eit godt bilete på dagens modell er at sentralbankar styrer bilen ved hjelp av bakspegelen.

Svaret (i følgje Dan Held) er innføring av "sound money".
Transparent, gitt/endeleg tilførsel av pengar, kjent av alle: 21 mill. bitcoin

Mitt inntrykk: Enkel og god presentasjon, men som eg også har nemnt tidlegare, eg skulle gjerne ha sett eit meir balansert syn på de monetære spørsmåla. Her er det berre "Austrian school of economics" og "sound money" som blir presentert som løysing. Kan Bitcoin også vera eit godt hjelpemiddel i ein meir keynesiansk variant av økonomien? Kva med Bitcoin og den sirkulære økonomien? [begrepet "sirkulær økonomi" er litt merkeleg - er ikkje økonomien alt sirkulær?]


How to really kill bitcoin
Saifedean Ammous

Bitcoin har mange lag av motstand (resilience).
Den mest effektive måten å stoppa Bitcoin vil vera å gjera insentiva for Bitcoin uaktuell ved å tilby eit system som er like godt eller betre.

Ville finanskrisa i 2008 ha skjedd om ein framleis hadde brukt gullstandarden?
Gull har mange fordelar, også relatert til Bitcoin.
Kva vil eit fritt marked velja, gull eller Bitcoin?
Argument for Bitcoin:
- lower cost of running av full node
- cheaper to settle glbobally
- cheaper to verify
- lower suppply growth rate
- men, utan styresmaktene si manipulering av pengar, ville bitcoins hovudargument bli borte

Gode nyheiter: status quo favoriserer bitcoin
Dårlege nyheiter: bitcoin kan bli meir avhengig av styresmaktene enn me likar å tenkja

Mitt inntrykk:
Saifedean er sterk tilhengjar av gullstandarden som modell for pengepolitikken, og ser Bitcoin som ein moderne variant av denne. Igjen ein "Austrian economist". Spørsmålet om finanskrisa ville ha skjedd med ein gullstandard er typisk for ein overforenkla modell av dagens økonomi: Korleis ville den moderne økonomien i det heile sett ut med ein gullstandard? Den ville kanskje sett heilt annleis ut enn det me ser i dag, og kanskje ikkje så bra likvel.

PANEL • Education in Bitcoin
Sam Wouters, Pavel Kravchenko, Jimmy Song HOST: Stacey Herbert

Kva er det viktigaste for nybegynnarar å vita om Bitcoin?
- prøv å finna ut korleis det kan ha betydning for den personen du snakkar med
- det er folk i utviklingsland som forstår dette med ein gang, det er folk i i-land som har problem med å forstå det (Jimmy S.)
- dessverre er det dei som lir mest under dårleg/korrupt økonomisk politikk som forstår Bitcoin lettast
- negaitve renter er eit uttrykk for at det blir laga endå meir pengar (låge renter for bankane gjer det lettare å gi lån, som jo er å skapa nye pengar)

Mitt inntrykk: Viktig område, kanskje det viktigaste av alle for å få meir utbreiing og betre forståing for og av Bitcoin og blokkjedeteknologi. Men bortsett frå Pavel var det ingen som nemnde korleis me skal få faget inn i akademia. Det er ein stor mangel på forståing av kva betydning denne teknologien og økonomien kjem til å få, både teknologisk og økonomisk. Det må inn på pensum i høgare utdanning, og det må inn som sjølvstendige kurs, ikkje som så mange ser ut til å tenkja: ja, me underviser i dette, men i dei eksisterande kursa våre.

Lowering Chain Fees and Improving Privacy with HyperLoop
Alex Bosworth, Lightning Labs

HyperLoop reduserer størrelsen på ein LN-overføring til blokkjeda med ein faktor på 5 (20% av størrelsen til ein vanleg blokkjede-transaksjon).


Yellow Rock Bad, Orange Coin Good: Environmental & Social Impacts of Gold & Bitcoin
Hass McCook

Energy is Good.
Emissions are Bad.

Global energibruk: 18,6 % fornybar (atomanlegg del av dette)

Estimert energibruk: 70 TWh/år
- estimata for fornybar-andel varierer veldig; frå 28 % (Cambridge) til 78 % (Coinshares)

Samanlikna med gull, kan energibruken til Bitcoin forsvarast.

Meir enn 50 % av alt gull blir brukt til smykke/dekorasjon. Er energibruken for utvinning av gull bra?
- trenden mot 100 % fornybar energi vil ikkje hjelpa så mykje på miljøproblema til gull


PANEL • Lightning Network
Samson Mow, Alex Bosworth, Max Keidun, Alex Petrov. HOST: Stephan Livera

Lightning er framleis ganske nytt og underutvikla. Sjølv om bruken aukar, er det framleis ganske mykje feilretting.Vanskeleg å finna utviklarar på dette området. Det manglar også mykje på grensesnitt-sida; det er for vanskeleg å bruka LN no.
Stiller spørsmål om det er lurt å bruka "invoice"-begrepet fordi det kan ha ulik betydning i ulike økonomiar.
I LN re det mykje viktigare kva nodar ein koplar seg opp mot, i motsetning til Bitcoin der det eigentleg ikkje betyr noko, så lenge ein av nodane fungerer.
Lightning på toppen av Liquid-sidekjeda: Store mulegheiter, men også ein del ekstra utfordringar.

Lightning opnar for store endringar og nye forretningsmodellar.

Scalable computing in LNP/BP: Prometheus protocol
Maxim Orlovsky



1on1 • Reflecting on scaling, 5 years on
Adam Back, Giacomo Zucco. HOST: Alexandra Moxin

Positivt med det høge tempoet på utviklinga og den innovasjonen som har skjedd.
Segwit2X var ein viktig manifestasjon på at verken gravarane, utviklarane eller dei store vekslingsaktørane hadde nok kontroll til å styra utviklinga i deira retning. Det var grasrot-bevegelsen som kom ut som vinnarar og fekk stadfesta at ein brukaraktiverte soft-fork (UASF)

Viktig skilje mellom validering og konfirmering. Gravarane konfirmerer, men full-nodar validerer.

Ei gruppe handfull store aktørar møttest på eit hotellrom i New York og prøvde å bestemma Bitcoins framtid. Det gjekk heldigvis ikkje .

Bitcoin er lik Internett på den måten at ulike lag er optimaliserte for sine oppgåver.

Skalering er viktig, men vart overdrive tidlegare. Det var heller ein kamp om kontroll, og frå den kampen kom den viktige lærdommen at brukarane (full-nodar) har mykje større makt enn det var tenkt før.


CLOSING PANEL
Tone Vays, Saifedean Ammous, Pierre Rochard, Francis Pouliot HOST: Max Keiser

Spelteori:
Bitcoin går no inn i ein ny fase der styresmakter og store organisasjonar begynner å ta det alvorleg - kva seier spelteori om mulege utfall her?
- det kjem til å bli mykje meir intenst enn det har vore, med tanke på


Var Bitcoin eit slumpetreff ("popular by accident")?
- tja, ei viss einigheit om det
- interessant: Satoshi nemner ikkje grensa på 21 mill. bitcoin i white paper-et

Driv hashrate prisen eller er det omvendt?
- prisen driv hashrate (panelet er einige om det)
- men det kan endra seg når belønninga går ned og gravarane blir betalte med gebyr

Closing words
Max og Roman i arrangementkomitéen fekk fortent applaus for den gode jobben dei har gjort.
Max er den lokale representanten og held til i Latvia, medan Roman er frå Russland.

lørdag 14. september 2019

Baltic Honeybadger 2019, Riga

Baltic Honeybadger er Bitcoin-konferansen framfor nokon, i alle fall i Europa. Det er tredje året konferansen blir arrangert, og årets utgåve er kalla "bear edition" - sikkert fordi planlegginga starta etter fjorårets konferanse og på eit tidspunkt der bitcoin-kursen var lågare enn på lenge. Det spørst om ikkje konferansen heller skulle vore kalla "bull edition", for Bitcoin synest sterkare enn på lenge. Dominansen i kryptoverda er høgare enn på mange år.

I innleiinga på fjorårets blogg frå arrangementet kan du lesa om bakgrunnen for den spesielle koplinga mellom honeybadger (honninggrevling) og bitcoin.

Konferansen kan følgjast direkte her: https://www.youtube.com/watch?v=66ZoGUAnY9s

Laurdag 14. september

Opening words 
by Max Keidun & Roman Snitko
Ja, det første som skjedde var at undertittelen vart endra :)



PANEL • Unpopular opinions in Bitcoin
Eric Voskuil, Oleg Andreev, Jimmy Song, Samson Mow. HOST: WhalePanda

"Kryptovaluta er ein personleg sikkerheitsrisiko"
Kan sikkerheitstruslar (kidnapping, utpressing o.l.)bli eit større problem med desentraliserte pengar som bitcoin, også fordi du ofte oppbevarer kryptopengar heime. Men problemet er vel meir generelt at om du har store verdiar, enten det er fiat-pengar eller krypto, er du utsett uansett, i alle fall om du "flashar" pengane dine.

"Kredittkort er fantastisk"
Ja, for forbrukarane er det mange goder, men for seljaren er det mykje negativt. Det er sjølvsagt også eit problem med overvaking og innsyn i alle transaksjonar. Men ei samanlikning av bitcoin og kredittkort blir feil, det blir å samanlikna eple og pære. Bitcoin er pengar, kredittkort er kreditt.

"Bitcoin-bankar, og tilhøyrande utlån, er uunngåeleg"
Ja, men me vil ikkje komma i den situasjonen mange fiat-valutaer er no med negative renter. Men det er vanskeleg å samanlikna med ordinære banktenester og -utlån sidan rentene er subsidierte via skattesystemet.

"Kvifor ikkje gå over til satoshi i staden for btc?"
Kvifor snakkar ikkje alle esperanto? [og kvifor er tommar og fot stadig i bruk?] Ein kan ikkje tvinga folk til å ta i bruk nye nemningar og einingar. Men Lightning Network kan kanskje endra dette ved at sats/satoshis kan bli standard-eininga.

"Bitcoin må bli meir enn verdioppbevaring"
Bitcoin som digitalt gull er ikkje nok til å forsvara verdien i lengda. Men Bitcoin treng ikkje vera meir enn det det alt er for å halda verdien.  På ei side kan ein seia at gull har oppnådd å ha stadig stigande verdi sjølv om det berre blir brukt til oppbevaring. Men Bitcoin har så mange mulegheiter at det likevel vil vera synd om dei ikkje blir brukte. Og dette potensialet spelar også inn prismessig. Garantien for avgrensa mengde spelar også inn og er avgjerande for å vera eit godt medium for oppbevaring.

"Gebyra blir for høge framover og vil tvinga fram sentrale (custodial) løysingar"
Ei slik lineær framskriving er lite tenleg. Utviklinga er sjeldan lineær, det gjeld også for Bitcoin.

Mitt inntrykk av dette innslaget: Paneldiskusjonar er nesten alltid vanskeleg, og også denne var relativt lite informativ og lite vellykka.

All cryptography is bad and you should feel sad
Oleg Andreev
Kryptografi er svært interessant fordi det er i skjeringspunktet
Digitale signaturar vart oppfunne i 1977/78, men først 30 år seinare har me fått gode løysingar.
Schnorr-signaturar vart oppfunne i 1989 av Claus Peter Schnorr, men vart ikkje brukte fordi CPS patenterte teknologien.
Patentet gjekk ut i 2008, men den einaste fungerande dig. sign.-løysinga var ECDSA.

Mitt inntrykk: Ganske teknisk innslag, men hovudinnhaldet var problemet patenterte Schnorr-signaturar og alle trøblete omvegar ("work-arounds") som måtte gjerast for unngå patenta. [me burde kanskje ikkje kalla signaturane "Schnorr". Sjølv om det er grunn til å heidra oppfinnaren for teknologien, er det ikkje grunn til å heidra den etterfølgjande patenteringa og det som eigentleg vart 25 år med stillstand og mykje arbeid som eigentleg har vore bortkasta).

How Bitcoin Changes Incentives
Jimmy Song
Individ -> organisasjonar -> nasjonar -> globalt
Ingen enkel måte å oppbevara verdiar i dag. Pengar/verdiar skal flyttast rundt (keynesiansk økonomi) og ikkje "stå i ro". Pengeflyten er essensiell i dagens økonomi.
På dei siste 60 åra har pengemengda auka 5100% (ca. 6,7 % årleg vekst i pengemengde).
Vanleg oppbevaring: eigedom, aksjar, gull
Men aksjar er ikkje lett tilgjengelege for alle, heller ikkje eigedom og gull.
Det er meir fokus på oppbevaring enn på å bruka verdiar til å skapa noko nytt (kreativitet).

Jameson Lopp: "Bitcoin isn't a get rich quick scheme, it's a don't get poor slowly scheme"

Organisasjonsnivå
"Cantillon Effect": Dei som brukar pengane først, får dei fleste fordelane
Det er dei store/største selskapa/org. som får dei største fordelane og dei første som får store lån til gode vilkår (mykje enklare for bankane å gi eitt stort lån enn å dela det opp i 1000 små).
Gjeld/kreditt driv veksten og det stimulerer ei vinnaren-tek-alt-utvikling.
Det blir konsentrasjon om størrelse og vekst og ikkje på innovasjon.

Med Bitcoin er det ingen Cantillon-effekt, og heller ikkje kredittbasert vekst.

Nasjonsnivå
Alt er bygt opp rundt støtte til store selskap. Store selskap blir dyre å styra og ineffektive. Løysinga er standardisering og einsretting.

Eksempel frå healthcare.gov i USA:
- tok 18 mnd og $700 mill. (!!) å utvikla og fungerte ikkje!
- måtte hyra inn eit ekspert-team som så utvikla eit nytt system på 9 veker til $10 mill.

Globalt
"Dollar Hegemony"
Bretton Woods-konferansen i 1944 er noko av det viktigaste som skjedde under siste verdskrigen.
Dollaren vart etablert som reservevaluta for verda.
Det skaper ein global "Cantillon"-effekt: USA får dei første nye dollarane og får den største effekten. Når to fattige land, t.d. i Afrika, skal utveksla varer og betaling for desse, må det stort sett skje gjennom dollar og det tener bankar i USA på.

Mitt inntrykk: Jimmy Song er ein god foredragshaldar og snakkar enkelt, ut frå ein god struktur. Eg sit likevel med ei "Senterparti"-kjensle: God til å formulera problema, men ikkje så god til å komma opp med gode løysingar, og å overtyda om at Bitcoin/kryptovaluta vil fungera betre.

Strange Theories of Money and Credit
Eric Voskuil
Ofte får markedet skulda for noko styresmaktene faktisk er ansvarlege for.
- thin air
- inflation
- credit expansion
- full reserve
- risk free return

github.com/libbitcoion....

Thin air:
Bankane lagar pengar ut av "lause lufta" ("ex nihilo"). Det er lån som skaper innskot, ikkje omvendt!

Inflation:
Ludwig von Mises: "The quantity of money available in the whole market system cannot increase or decrease otherwise than by first increasing or decreasing the cash holdings of certain individual members"

Credit expansion:
The indirect cause [of massive unemployment] is still inflation; more specifically, credit expansion initiated by the banking system without the backing of real saving"
(Jesus Huerta de Soto: "Money, bank credit, and economic cycles"

Full reserve:
Whe a man dposits goods at a warehouse, he is given a receipt and pays ... for the service of storage... When the warehouse receipt is presented, the owner is obligated to restore the good deposited. A warehouse specializing in money is known as a 'bank'. [When] someone else's property is taken by the warehouse and used for its own money-making purposes. It is not borrowed, since no interest is paid".

Risk free return:
The inherent risk in [a loan] contract is that Alice may not honor the agreement or be bankrpt by then. If we could prgrammatically guarantee that Alice honors the contract then we would be able to create a riskless zero bond, the foundation of..

Hovudskilnaden på markedspengar og fiat-pengar (state money) er monopol i det siste tilfellet. Men også private pengar som Bitcoin kan monopoliserast, ved eit 51 %-angrep.

Mitt inntrykk: Igjen ein tilhengjar av den Østerrikske skulen (Austrian school of economics). Eg saknar nokon som kan argumentera frå den andre sida (keynesiansk økonomi) for å balanse. Er det muleg? Det er forståeleg at Bitcoin tiltrekkjer seg tilhengjarar av "sound money" (pengar utan inflasjon) og eit pengesystem som liknar på gullstandarden. Men det kan vel ikkje vera den einaste måten Bitcoin kan brukast på og utvikla seg på? Meir diversitet, please!

Bitcoin as Base Money
Matthew Mežinskis
(driv podkasten CryptoVoices)

Ein del innleiande spørsmål som skal svarast på i løpet av foredraget:
Is the Federal Reserve pinting money?

Is the total value of bitcoins larger than silver?
Nei, verdien av alt sølv er 4-5 ganger noverande verdi av Bitcoin (ca. $ 1 trillion [1 billiard etter norsk namngiving]).

What is the pirce of money?

Will the libra qualify as base money? NO!

What is base money?
- monetary base
- central bank money
- resere money
- outside money
- state money
- high-powered money
- settlement media
- basic monety

Alt over er uttrykk for det same: the monetary base.

- monetary policy
- quantitative easing
- balance sheet expansion
- "Master account" access

Desse uttrykka gjeld også basis pengemengde

Base money today:
- kontantar (myntar, sedlar)
- sentralbank-reservar

Base money (MB) is final settlement.
Broad money and basemoney
- broad money: kontopengar

M1 i Bitcoin: bitcoin oppbevart på ei vekslingsteneste (eit krav mot vekslingstenesta)

Pegged money cannot be base money!
- DKK er strengt teke ikkje MB fordi den er knytt (pegged) til euro

Tilbake til spørsmåla stilte innleiingsvis:
Is the Federal Reserve pinting money?
Både ja og nei

Is the total value of bitcoins larger than silver?
Nei, verdien av alt sølv er 4-5 ganger noverande verdi av Bitcoin (ca. $ 1 trillion [1 billiard etter norsk namngiving]).

What is the pirce of money?
Vekslingskurs er prisen på pengar!

Will the libra qualify as base money?
Med definisjonen at "pegged money" ikkje kan vera basis-pengar, blir svaret Nei.

Mitt inntrykk: Det beste foredraget så langt! Kjekt å høyra nokon som verkeleg kan stoffet sitt og som kan presentera det på ein tydeleg og god måte. [må fylla ut ein del her, var for oppteken med å ta foto av lysarka hans..]. Han samanliknar også Bitcoin berre med M0-pengemengda, og det kan diskuterast om det er rett. På ein måte er det jo det, men om eg kjøper bitcoin ved å overføra pengar frå bankkontoen min, flytter eg pengar frå M1 til M0.

Opening up
Roman Snitko
1. HODLHODL vekslingsteneste skal bli fri programvare!
Alle kan då laga si eiga vekslingsteneste basert på HODLHODL-koden.
Motivasjonen er at alle bør kunna driva si eiga vekslingsteneste.
Ein annan viktig grunn er den stadig strammare reguleringa av vekslingstenester (jf. LocalBitcoins som har måtta innført KYC/AML)
- HODLHODL har kunna unngått dette fordi dei ikkje held bitcoin

txcatcher - lettvekt blokkjede-utforskar

2. Multisig-API for "alt"
Utviklarar treng ikkje vita alt ("treng ikkje vita noko") om Bitcoin for å utvikla tenester
- a Bitcoin multisig escrow store

1on1 • OTC trading
Max Keidun & Yuri de Gaia. HOST: Fernando Ulricht
Kva er OTC-handel?
- Over the counter, motstykket til vekslingstenester eller børsar der prisen blir bestemt av tilbod og etterspørsel (Bid/Ask)
- kan vera nyttig dersom det er store beløp som skal handlast fordi handelen ikkje påverkar kursen (vanlegvis fast kurs, eller i alle fall eit avgrensa kursintervall).

I Brasil er bitcoin populært for internasjonal handel og pengeoverføring, noko som er vanskeleg og dyrt med fiat-pengar.

Korleis påverkar OTC vekslingsmarknaden (børsane) og omvendt?
- OTC-aktørar kan tilføra vekslingstenestene likviditet, vekslingstenestene kan på si side tilby betre kursar enn andre OTC-aktørar


PANEL • Physical security in Bitcoin
Florian Maier, Rigel Walshe, Jameson Lopp, Rodolfo Novak. HOST: Peter McCormack
Sikkerheitsnivået må vera mykje høgare enn det som er tilstrekkeleg akkurat no. Må planleggja for nye nivå i framtida.

"Ver din eigen bank" ("be your own bank") har lenge vore slagordet for Bitcoin og kryptovaluta. Det mange ikkje tenkjer over, er at det også inneber å vera sikkerheitssjef for banken! Det er ei krevjande oppgåve, mildt sagt. Truslane er mange, og inkluderer også truslar av typen "sjølvskading". Det er dessverre mange måtar å skyta seg sjølv i foten på.

Designing a Hardware Wallet
Rodolfo Novak
Finst det noko slikt som eit tvers gjennom sikkert system ein kan stola 100 % på? Nei, det er ingen måte å kontrollera 100 % at det ikkje finst skadeleg maskin- eller programvare (jf. Ken Thompson "Reflections on Trusting Trust" eller Olav Lysnes "The Huawei and Snowden Questions").

Coldcard wallet:
- tamper evident bag
- device inspection (tilbyr foto av kortet)
- mange lag med sikkerheit
- split pin
- multi-sig (air-gap)
- ingen "factory reset" (kan vera eit sikkerheitshol) - 13 pin-forsøk og kortet er ubrukeleg

Kjem aldri til å ha ei lommebok som kan koplast til Coldcard via USB - det er for mange usikre ting. Viss du vil ha ei enklare lommebok får du heller kjøpa den av ein konkurrent!

Alle Bitcoin-operasjonar blir gjort med opne programvare-bibliotek. All kryptografi knytt til Bitcoin blir handtert av opne bibliotek.

Coldcard Mk3 kjem i handelen i slutten av oktober.

Mitt inntrykk: Dette må vera den sikrast hardware-lommeboka som er å få kjøpt.

Privacy Visions
Ádám Ficsór
Bitcoin personvern for framtida.
To dimensjonar: nettverks-personvern og blokkjede-personvern
Temaet for foredraget er det siste.

CoinJoin er ein fungerande måte å gjera sporing av transaksjonar vanskeleg, men har ein del utfordringar.

Lightning Network kan også sørgja for betre anonymitet dersom det tek av i stor grad.

Mitt inntrykk: Litt vanskeleg å få tak i innhaldet. Temaet er greitt nok, men presentasjonen var ikkje overtydande.

A Story of Music on the Silk Road
Tatiana Moroz
Tatiana er kjend frå podkasten "The Tatiana Show", og er singer/songwriter frå USA.
Vart kjend med politikaren Ron Paul i 2011 og turnerte saman med han i president-kampanjen. Vart også kjend med Ron Pauls liberalistiske verdiar.
Seinare vart Tatian også kjend med Lynn Ulbricht, mor til Ross Ulbricht (mannen bak Silk Road). Tatiana har reist mykje saman med Lynn Ulbricht for å imformera og driva kampanjen freeross.org. Ross Ulbricht vart dømd til to ganger livstid + 40 år (i USA er fengselsstraffa bokstaveleg - livstid er livstid. Dobbel livstid er jo slik sett berre tull). Meir om denne saka her.

Tatiana vart også kjend med Ross og vart den første utanfor familien som besøkte han i fengsel.
Ho fortalde så ein del om Silk Road-saka, og det er mykje uklart og snusk der. Det viktigaste er nok at påstandane om at Ross prøvde å hyra leigemordarar, ikkje var ein del av tiltalen. Då er det veldig vanskeleg å forstå den ekstreme straffa.

Meir om Ross-saka:
https://freeross.org/railroaded

Saka har også sett søkjelys på det inhumane og dysfunksjonelle fengselssystemet i USA.

Alle apellar er brukte og avslegne, så det er berre ei benåding som kan få Ross Ulbricht ut av fengsel.

Mitt inntrykk: Tatiana er dama si! Viktig stemme både for Ross Ulbricht, men også for fridom, eit meir rettferdig pengesystem og ikkje minst eit meir humant rettsvesen, inkl. fengselssystem.

50 Positive Catalysts on Bitcoin's Horizon
Murad Mahmudov
1. Global trust in gov inst. is at a historic low
2. Trust among people is also decreasing
3. Trust between nations is also decreasing
4. Global debt levels ar at an all time high
5. If you add up other "off-the.books" oblig. it looks even worse
6. $15 trillions in negative-yelding debt around the world
7. The race to the bottom: Negative rates
8. Normalization of Modern Monetary Theory and other economic schools of economics
9. Wealth inequality is at a 100-years high (wtfhappenedin1971.com)
10. This drives the rise of populist movements around the world
11. This can lead to confiscations and the likes
12. Central banks demand for gold is at an ATH
13. US dollar avtakande rolle som verdsvaluta
14. Era of bank secrecy is coming to an end (Swiss banks are not what they used to be)
15. Mass-surveillance, bot financial and non-financial is on the rapid rise
16. Sanctions and waponizaton of large int settlement networks around the world
17. Bitcoin is slowly starting to be mentioned as a safe haven
18. Demographics: tech-saccy yonger are becoming adults
20-22 Increasing smart phone adoption (ulike variantar av denne)
23. Slowly more finanzialization of Bitcoin
24. Bitcoin Core continuously improving (layer 1
25. Layer 2-solution steadily improving
26. Uups, denne glapp for meg
27. .. og det gjorde denne også
28. Hashrate incre
29. Hashrate distr improving
30. Privacy solution improving
31. Custody solution improvement
32. Growing number of non-monetary use-cases
33. More and more people realizing that Vitcoin i sa superior form of money
34. Bitcoin memes are a strong element of the community (#HODL, #StackingSats ++)
36. Growth in Bitcoin litrature
37. Growth in Bitcoin educational courses
38. Risin number of Bitcoin-only entrepreneurs and businesses
39. More and more trad finance/Global macro popel slowly recommending Bitcoin/crypto
40 S2F (Stock to Flow ratio)
41. Bitcoin increasing its ratio of the world's monetary base
42. Superior Sharpe ratio
43. Uncorrelated nature
44. Better than any remittance solution
45. Destruction of the ICOs and the altcoin complex
46. Steady reduction in volatility
47. Onchain metrics: Dormancy
48. Onchain analytics
49. Onchain analytics (klarer ikkje å detaljera)
50. Log-log (log-log analysis (Harold Christopher Burger)
51. Generally higher montly lows

Felipe De Santa: "Only 1 out of 12 generations witness their money anchor decrease"

Mitt inntrykk: På grunn av knapp tid vart dette noko heseblesande. Men Murad gjorde likevel ein god jobb.

BTCPayServer announcement
Roman Snitko

BTCPay Server blir lagt ut som fri programvare. Square Crypto (Jack Dorseys Square) gir $100.000 til prosjektet.

1on1 • Payment processing
Nicolas Dorier, Rui Gomes. HOST: Roman Snitko
Ulik regulering frå land til land, og til og med frå stat til stat, gjer at det er vanskeleg å skalera betalingsløysingar.
Ei løysing kan vera å kopla seg opp til dei lokale vekslingstenesten, for dei kjenner den regionale reguleringa best.
Framtida til bitcoin-betalingar:
- trur uansett at bitcoin vil bli den viktigaste betalingsmåten på nettet


Lessons from the Trenches: using Bitcoin & Lightning in commerce
Sergej Kotliar
Sergej arbeider i Bitrefill som sel digitale gåvekort og påfyllskort (telefonkort)
Ca. 80/20 bitcoin/altcoin
Mest brukte lommebok: blockchain.info og deretter Coinbase
Færre som brukar SegWit-betalingar enn generelt på blokkjeda (33 % vs. 45 %)
Berre 6,5 % av transaksjonar brukar multisig (stort sett vekslingstenester).


CLOSING PANEL
Oleg Andreev, Eric Voskuil, Peter Todd, Eric Lombrozo, Samson Mow. HOST: Roman Snitko
Kva er den store "hypen" utviklingsmessig no (i fjor var det Lightning)?
- Taproot og Schnorr-signaturar er "hot" og vil ev. gi nye mulegheiter

Generelt prøver utviklarane å halda seg unna ting som rører ved konsensusreglane og behov for endring av desse. Ein prøver å utvikla ting der ein har full kontroll og slepp å spørja andre om endringar for å få det til.

Finst det også ein plass for altcoins, eller er me forbi det punktet? Det handlar meir om prinsipp enn om spesifikke altcoin.
Skalering: Å berre snakka om trans. pr. sek (tps) gir ikkje meining. Det er tillitsmodellen som er det sentrale, og den som gjer skalering vanskeleg [det er det velkjende trilemmaet Desentralitet - Sikkerheit - Skalering, der du berre kan oppnå to av tre, men aldri alle tre på same tid].

søndag 28. juli 2019

Endring av historia i Bitcoin

Vekslingstenesta Binance vart utsett for svindel og mista ca. 7000 bitcoin ($40 mill. i starten av mai, verdt rundt $70 mill. med dagens kurs). I motsetnad til Bitcoin Norway og ei rekkje andre vekslingstenester, har Binance djupe lommer og sikringsfondet deira dekka alle tap. Det spesielle med svindelen var at eigaren CZ (Changpeng Zhao) lufta tanken om ei omgjering av transaksjonen. I Bitcoin-leiren er det som å banna i kyrkja.

Men tanken opnar for ein del interessante refleksjonar. Det som høyrdest ut som ei relativt lett omskriving av historia, er i realiteten veldig vanskeleg å gjennomføra takka vera Bitcoin sin konstruksjon. Og det er først og fremst kombinasjonen av "proof of work" og spelteori som er sikringsmekanismane. Bitcoin er konstruert slik at det skal vera svært vanskeleg å endra historia, og slik sett konstruert for å sikra status quo.

Ei omgjering av tjuveriet ville vore vanskeleg av fleire grunnar:

1. Energiinnsatsen nødvendig
Ei omgjering av tjuveriet måtte teknisk sett ha vorte omgjort ved hjelp av eit 51%-angrep og "double spending". Gravarane måtte ha gått tilbake til den opprinnlege blokka der tjuveritransaksjonen var gjort, og gjort om att denne transaksjonen og gjennom dobbel bruk sendt bitcoin til ei anna adresse. CZ ville at bitcoin skulle "brennast", dvs. sendast til ei adresse som det ikkje var muleg å henta dei tilbake frå, ev. delast mellom gravarane. I begge tilfella måtte kjeda "rekkjast opp" tilbake til utgangsblokka og energiinnsats brukast på nytt til å laga nye blokker. Det ville i praksis bli dobbel energiinnsats for gravarane med usikker kompensasjon.

2. Tid er pengar!
Til lenger tid det ville gått før reorganisering, til vanskelegare ville det bli fordi bitcoin som vart stolne ville vore omsette gjennom fleire ledd, og folk som hadde handla desse bitcoina i god tru, ville ha mista dei att.

Ein viktig grunn til at omgjering av transaksjonar er vanskelegare i Bitcoin enn t.d. i Ethereum, er at transaksjonar i Bitcoin er baserte på UXO (Unspent Transaction Outpus), medan Ethereum opererer med saldoprinsipp meir på linje med vanlege banksystem. I eit UTXO-system er det ingen saldo pr. brukar/konto, den må lagast ved å gå gjennom alle ubrukte transaksjonar (UTXO) for ei gitt adresse.

3. Mottrekk frå "tjuven"
Tjuven kunne vore smart og lova ein dusør til gravarane som heldt seg rolege og ikkje deltok i reorganiseringa. Han kunne ha sloppe unna med langt mindre bestikkelse enn kostnaden med reorganiseringa ville vore. Det er her spelteorien kjem til syne.

4. Brukarane kunne ha nekta reorganisering
Eit anna spelteori-scenario er at brukarane kunne ha nekta å bli med på reoganiseringa gjennom ei såkalla brukarstyrt mjuk splitting (User-activated soft-fork - UASF). Det ville garantert vore brukarane som ville mislika sterkt eit forsøk på reorganisering av blokkjeda frå gravarane si side, og som ville ha lansert ei endring av programvara som eit mottiltak mot endringane.

5. Forsøk på svartelisting av adresser
Eit forsøk på svartelisting av adressa/adressene brukte av tjuven, ville også vore vanskeleg å gjennomføra, enten det vart gjort på gravar-nivå eller på protokoll-nivå. Det ville også ha opna for uføresette hendingar i framtida. Dersom det i det heile ville vorte gjort, ville det fort vorte eit massivt krav frå styresmakter og andre om å svartelista ei lang rekkje adresser. Som Andreas Antonopoulos & co. i "Let's Talk Bitcoin!" uttrykkjer det:

Availability -> Responsibility -> Liabililty

Med ein gang du gjer endringar muleg, får du med eitt eit stort ansvar og blir til slutt stilt ansvarleg for å gjera tilsvarande endringar seinare.

Alt i alt ville ei reorganisering vore utenkjeleg, og det er veldig merkeleg at ein så opplyst person som CZ i det heile lufta dette som muleg. Bitcoin er konstruert for å bevara historia som den er, og gjera det svært vanskeleg å gå tilbake og endra. Her kjem PoW sin styrke til syne, saman med spelteori der ulike aktørar har mange mulege mottiltak mot eit forsøk på reorganisering. Til samanlikning ville det vore mykje lettare å gjera dette i ei blokkjede med ein annan konsensusmetode, t.d. Proof of Stake.

Dette blogginnlegget er basert på episode #399 av "Let's Talk Bitcoin!", med Adam B. Levine, Stephanie Murpy og Andreas M. Antonopoulos.

torsdag 11. juli 2019

Samfunnslønn, borgarlønn, basisinntekt...

Kjært barn har mange namn, men i dette tilfellet er barnet ikkje så kjært sjølv om det har fleire namn. Men det merkelege er at interessa for basisinntekt er sterkt aukande bortsett frå i dei politiske partia. Basisinntekt, borgarlønn eller samfunnslønn (på engelsk "basic income") er ein radikal idé som får stadig meir tilslutning og som til slutt også vil komma på bordet for politikarane.

Eg skreiv også om denne saka i 2013 og den gangen plukka VG opp saka under aktuelle blogginnlegg, noko som førte til "all time high" interesse og diskusjon. Det spørst om eg klarer det denne gangen..

Guy Standing har arbeida for basisinntekt i fleire tiår og var med og starta BIEN - Basic Income Earth Network. Han er professor i utviklingsstudiar ved School of Oriental and African Studies (SOAS) ved University of London og aktiv i BIEN. Han har skrive boka "Basic Income: And How We Can Make It Happen" der han tek for seg kva som ligg i omgrepet Basic Income og der han går gjennom argumenta for og i mot.

BIEN Norge er den norske delen av organisasjonen og den vart stifta i 2012. Formålet er å informera om borgarlønn og få temaet på den politiske dagsordenen.

Kva er basisinntekt?
Basisinntekt, eller Basic Income, er kjenneteikna av følgjande eigenskapar:
"A modest amount of money paid unconditionally to individuals on a regular basis"
Stikkorda frå definisjonen er:
  •  moderat pengemengde
  • utbetalt til alle utan vilkår
  • faste utbetalingar (t.d. på månadsbasis)
Basic Income blir ofte kalla Universal Basis Income (UBI) for å understreka det universelle; at alle har rett til den. Dei første tankane om universell basisinntekt, i alle fall tankar som er skrivne ned, går heilt tilbake til Thomas More og boka Utopia som han ga ut i 1516. Men tankane om eit fast bidrag til alle, utan vilkår, går tilbake til grekarane lenge før vår tidsrekning. "Alle" var sjølvsagt på den tida ikkje alle, men dei som vart rekna som frie menn. Aristoteles hevda mellom anna at fridom frå "vanleg arbeid", dvs. kroppsarbeid, var nødvendig for å kunna delta i den politiske og filosofiske diskusjonen.

Organisasjonen BIEN vart starta i 1986. Då stod E-en for European, men vart seinare omdøypt til Earth for å femna heile verda. Guy Standing var som nemnt, ein av stiftarane og har sidan den gangen kjempa utrøytteleg for å få tankane på den politiske dagsordenen.

Kvifor basisinntekt?
Guy Standing grunngjev behovet for basisinntekt, eller universell basisinntekt, slik:

  1. Sosial rettferd ("Social Justice")
    GS lener seg på Thomas Paine (kjend frå frigjeringskampen i 1776 og ein tidleg talsmann for ei universell inntekt til alle) og hans "grunnrente"-argument. Me er alle avhengige av jorda me lever på, og ressursane tilhøyrer i utgangspunktet alle. Det er difor lett å tenkja seg at alle burde få del i avkastninga på desse ressursane, form av ein sosial dividende ("social dividende"), eller grunnrente om ein vil.
  2. Fridom
    Ei universell basisinntekt kan seiast å vera eit nødvendig tiltak for reell fridom. Det gjeld både fridom frå tvang og avgrensingar ("negative liberty") og fridom til å forfølgja eigne idéar så sant det ikkje skadar andre ("positive liberty"). Eit slikt syn er ofte kopla til utilitarismen; ein tanke om største muleg lykke for så mange som muleg ("the greatest happiness of the greatest number").
  3. Redusera fattigdom, ulikskap og usikkerheit
    Ei basisinntekt vil redusera fattigdom, ulikskap og usikkerheit. Ulikskap er kanskje det mest opplagde avviket i samfunnet vårt i dag, globalt sett. Alle snakka om det, men lite konkret blir gjort. Ei universell basisinntekt vil vera ei form for overføring frå dei rikaste til dei fattigaste.
Vanlege motargument
Guy Standing går gjennom dei vanlegaste motargumenta mot basisinntekt.

1. Det blir for dyrt
Dette er det vanlegaste argumentet. Mange tenkjer automatisk på basisinntekt som ei "normalinntekt", men i definisjonen av omgrepet heiter det at basisinnteka skal vera "moderat". Kva "moderat" betyr, er sjølvsagt ikkje heilt konkret, men det er i alle fall ein god del mindre enn ei normalinntekt.

Ofte blir innføring av basisinntekt kopla til utfasing av velferdsgoder. Det er ei feilaktig kopling meiner forfattaren. Alle velferdsordningar skal ikkje takast bort fordi om ein innfører BI. Forfattaren ønskjer også at ein tenkjer meir i retning av sosial dividende, eller grunnrente, enn erstatning av velferdsordningar.

Eit enkelt rekneeksempel presentert av professor Greg Mankiw ved Harvard illustrer den ofte feilaktige slutninga me gjer i val mellom ulike modellar:

Utgangspunktet er eit samfunn med eit gjennomsnittsinntekt på $50.000, men med mykje ulikskap. For å sikra eit sosialt sikkerheitsnett er to alternativ aktuelle:

  1. Ei universell inntekt på $10.000 til alle, saman med ein flat inntektsskatt på 20 %.
  2. Ei behovsprøvd overføring på $10.000 til dei som ikkje har inntekt. Denne overføringa blir så gradvis redusert ved at ein mistar 20 cent for kvar dollar ein tener. Det heile blir finansiert av ein skatt på 20 % på inntekt over $50.000.
Mange kommenterer alternativa med at alt. 1 er det reine vannvidd. Kvifor skal Bill Gates aller Warren Buffett få $10.000 i overføring?? Alternativ 2 framstår meir progressivt og minner om dagens politikk. Det er retta mot dei som verkeleg treng det, og blir finansiert av dei som tener mest.

Det geniale med eksempelet er at dei er heilt like med tanke på verknad. Alle kjem likt ut når det gjeld skatt minus overføring. Det er liten tvil om at alternativ 1 er det enklaste.

2. Utopisk
Eit ofte høyrt argument (eller heller berre ein påstand) er at ei universell basisinntekt er heilt utopisk, og det har aldri vorte prøvd før. Det faktum at det ikkje alt har vorte innført, er eit teikn på at det ikkje er noka god løysing (argument framført av The Economist). 

Eit motargument kan vera kvifor me skal gjera stadig meir av det som ikkje verkar.

3. Rasering av velferdsstaten
Mange ser universell basisinntekt som ein konkurrent til velferdsstaten, men slik treng det ikkje vera. Som tidlegare nemnt, er det viktig å understreka at UBI ikkje skal erstatta velfersordningar, men i stor grad supplera. Nokre ordningar kan med fordel avskaffast, men mange er nødvendige sjølv med UBI.

4. Undergrev arbeidslinja
Arbeidslinja er den offisielle arbeids- og velferdspolitikken i dei fleste land. Mange meiner at innføring av ei basisinntekt vil demotivera folk til å søkja arbeid. Men forsøk har vist at det ikkje er tilfelle. Og kva er eigentleg "arbeid"? Utan at det blir sagt direkte, er det lønna arbeid. Men som den engelske økonomen Arthur Cecil Pigou elegant viste for rundt 100 år sidan (til og med før innføringa av brutto nasjonalprodukt som måleeining for verdiskaping):
Dersom han tilsette ei hushjelp, ville BNP (han kalla det "national income") auka, det ville medføra økonomisk vekst og auke i sysselsetjinga og tilsvarande fall i arbeidsløyse. Dersom han derimot gifta seg med hushjelpa og det som då vart kona hans heldt fram med det same arbeidet [hugs at dette er meir enn 100 år sidan!], ville BNP bli redusert, økonomisk aktivitet redusert, sysselsetjingsgraden falla og arbeidsløysa auka - og det trass i at akkurat det same arbeidet vart utført!
5. Lønnene blir pressa ned
Ei universell basisinntekt vil senka lønnene og dei låglønte vil få endå dårlegare lønn. Dette er eit viktig argument for fagforeiningar som i stor grad er i mot UBI. Men argumentet kan gjerne motseiast med at UBI vil føra til større valfridom og folk treng ikkje lenger ta dei dårlegast betalte jobbane, som gjerne også er dei verste. Det vil tvert om bidra til å pressa lønnene opp for denne typen jobbar.

6. Det er idiotisk å gi pengar til dei som alt har mykje
UBI krev at alle får den same overføringa, uansett om dei har mykje eller lite frå før. Det kan verka som ein dårleg idé, for dei rike har jo ikkje bruk for endå meir. Men poenget er å gjera det enkelt, i tillegg til at dei rike må betala meir i skatt enn dei får att i overføring. Det er såleis ei overføring frå dei rike til dei fattige.

Dersom ein begynner å rota med den enkle idéen om ei fast, vilkårslaus overføring til alle, aukar byråkratiet fort og ein vil gå i den same fella som dagens politikk: Eit forsøk på millimeter-rettferd som verken er rettferdig eller effektivt, men som skaper eit enormt byråkrati og eit villniss av lover og reglar.

7. Lediggang er rota til alt vondt!
Skal folk få betaling utan å gjera nokon ting? Svaret er JA. Forsøk har vist at folk ikkje blir liggjande på sofaen og venta på utbetaling. Men om så var, ville det kanskje vera bra for den globale utviklinga og klimatrusselen?

Den moralske indignasjonen er sterk og det er kanskje denne delen som er den mest radikale. At folk skal få betalt utan at det blir krevd noko tilbake, verkar framandt for dei fleste. Men dette er kjernen i UBI. Det skal ikkje krevjast noko for å få inntekta; det skal ikkje søkjast og det skal ikkje rapporterast. Folk kan gjera akkurat kva dei vil med pengane dei får.

8. Vil føra til sløsing og dårlege vanar
Dette er ein del av dei moralske, for ikkje å seia moralistiske, argumenta. Folk kjem til å bruka pengane på "dårlege" ting; rusproblema vil auka. For det første viser forsøk at det ikkje skjer, men igjen: er det berre "overklassen" som skal ha rett til å sløsa pengar på "unyttige" og "dårlege" ting?

Det er også ei typisk paternalistisk haldning, som dessverre ligg til grunn for dagens politikk: Staten veit kva som er best for folk og vil "dytta" dei i "rett" retning.

9. Universell basisinntekt vil føra til større innvandring
Det vil vera freistande for mange å få del i ei vilkårslaus utbetalingsordning. Men her må ein hugsa på at "vilkårslaus" likevel ikkje er 100 % utan vilkår. Det bør til dømes setjast som krav at ordninga gjeld for statsborgarar i landet, og det tek som kjent lang tid å opparbeida ein slik rett.

Forsøk med UBI
Universell basisinntekt er prøvd ut i fleire land, i avgrensa målestokk. Dei fleste forsøka er utførte i utviklingsland, blant fattige. Resultata er eintydig positive:

  • Fattigdommen vart redusert
  • Dei fleste brukte pengane fornuftig 
  • Det vart ei større utjamning innan familiane (kvinner fekk like mykje utbetalt som menn; det var ikkje ei utbetaling til familien)
  • Folk arbeidde meir, ikkje mindre
  • Dei einaste som arbeida mindre var barn som brukte meir tid på skulen

Resultata burde føra til at det meste av uhjelp vart gitt på denne måten. Men her er problemet at uhjelp har vorte ein eigen industri med store hjelpeorganisasjonar og ordningar som også skal tena givarlandet.

Det er færre forsøk i vestlege land eller andre industrialiserte land. Eit anna problem er at ein del av forsøka som er utførte, ikkje kan kallast ekte basisinntekt.

I Alaska er det oppretta eit fond for ein del av oljeinntektene (ikkje alle) som følgje av oljeutvinninga. The Alaska Permanent Fund vart oppretta i 1977 og har vakse til $55 milliardar i 2015. Dei årlege avkastaningane blir brukte til inflasjonsjustering, administrasjon og årleg utdeling til innbyggjarane (Permanent Fund Dividend).

Dividenden blir utbetalt til alle som har budd i Alaska det siste fulle kalenderåret. Om du flytta til staten 2. januar må du venta eit heilt år før oppteningsperioden din startar. Utbetalingane tek utgangspunkt i eit gjennomsnitt av dei fem siste åra og har variert frå $331 i 1984 til $2.072 i 2015. Dei tre siste åra (2016-2018) har utbetalingane vorte reduserte på grunn av politiske vedtak. Ordninga kvalifiserer ikkje som ekte UBI sidan det ikkje er utbetaling av ein fast sum og heller ikkje månadlege utbetalingar.

Finland prøvde ut ei slags basisinntekt for ei gruppe arbeidsledige i 2017. Ei fast, månadleg utbetaling på €560 vart gitt til ei utvald gruppe på 2000 unge, arbeidsledige personar. På same tida vart ei anna gruppe på 2000 arbeidsledige valde ut som kontrollgruppe.

Professor Heikki Hiilamo ved universitetet i Helsinki karakteriserer dei første erfaringane frå forsøket som mislykka. Det førte ikkje til nemneverdig reduksjon i arbeidsløyse og sjølv om tilbakemeldingane frå dei som mottok støtta var positive, blir denne delen av resultata karakterisert som usikker. Det finske forsøket kvalifiserer ikkje som universell basisinntekt sidan støtta berre vart gitt til eit utval personar. Men forsøket er interessant sidan det vart lagt opp som eit ekte forskingsprosjekt.

Hovudmålet med prosjektet var å sjå om denne typen vilkårslaus støtte ville gi betre effekt på arbeidssituasjonen til dei involverte, altså at fleire kom i arbeid. Enkelt sagt ville finnane finna ut om gulrot fungerte betre enn pisk. Men det kan stillast spørsmål om det blir feil å konkludera med at UBI ikkje fungerer, når målsetjinga var slik den var. Hovudmålsetjinga for UBI er ikkje fleire folk i arbeid, men sosial rettferd, redusert fattigdom og redusert ulikskap, og samla sett å styrka sjølvkjensla til dei svakaste i samfunnet. Ut frå dette kan det hevdast at finnane konkluderer feil. Ja, forsøket viste at det ikkje vart fleire som kom i arbeid, men ut frå det å konkludera at UBI ikkje fungerer, blir feil.

Ein annan ting som forstyrra forsøket, var at det vart innført ein ny stimuleringspolitikk i prosjektperioden. Kontrollgruppa vart dermed "forstyrra" og forskingsmessig må prosjektet karakteriserast som mislykka.

Scott Santens, ivrig tilhengjar av universell basisinntekt, har ei meir reflektert, og naturleg nok positiv , oppsummering av forsøket i Finland.

Sveits gjennomførte ei folkeavrøysting i 2016 om innføring av universell basisinntekt. 23 % stemde for forslaget og frammøteprosenten var 46,4. Sjølv om resultatet vart negativt, var det mykje positivt å henta frå avstemminga. Saka fekk stor merksemd, også utanfor Sveits. Det var ein lite finansiert tilhengjarkampanje, og det må også takast med i vurderinga av avstemmingsresultatet. Det blir også sagt at dei fleste endringane i Sveits ikkje går gjennom i første forsøk, men må ha fleire avstemmingar. Saka om UBI er ikkje ferdig i Sveits, den har berre såvidt begynt.

Kva no?
Sjølv om både Sveits og Finland sine erfaringar kan verka som tilbakeslag for innføring av UBI, er det truleg meir rett å vurdera dei som interessante, første tilnærmingar til noko som med ganske stor sikkerheit vil føra til ordningar med basisinntekt eller sosial dividende.

Guy Standing argumenterer for fleire og betre forsøk med UBI og gir også ei oppskrift på korleis slike forsøk bør organiserast og gjennomførast. Det som kan synast utenkjeleg akkurat no, blir om ei tid sett på som utenkjeleg at det ikkje vart gjennomført tidlegare. Som økonom og Nobelpris-vinnar Milton Friedman formulerte det:
"Our basic function is to develop alternatives to existing policy, keep them alive and available until the politically impossible become the politically inevitable"