Foto: Hartmut Schwarzbach (CC-BY-NC-SA-4.0) |
Den omfattande
aksjonen for legitimering av bankane sine kundar er ikkje tiltak mot
kvitvasking for denne aldersgruppa, det er trakassering av svake og utsette grupper!
Det var ikkje
bestemødrer eller bestefedrar som stod bak slusinga av meir enn 2.000
milliardar kroner (!) i Danske Bank si Estlands-avdeling. Det var heller ikkje
denne aldersgruppa som stod bak kvitvasking i Nordea, eller i SWED-bank, eller
i SEB, eller i DnB som slusa 700 mill. kr gjennom systemet sitt på vegne av eit
islandsk fiskerikonsern.
Dei store
kvitvaskingssakene handlar om ein industri med stor profitt, og trass i aukande
risiko er vurderinga slik at det er verdt å ta risikoen. Dei som tener på dette
er både bankar og kundane som er involverte. Men desse kundane er ikkje nærmare
90 år og brukar rullator.
Kor vanskeleg kan det
vera å leggja inn kontrollar på kontoane til denne aldersgruppa? Eg vil tru at
pengestraumane inn og ut på desse kontoane er svært så føreseielege, og at det
skal svært lite til å laga effektive kontrollsystem for å fanga opp
uregelmessige transaksjonar. Trass alt brukar bankane milliardar på
digitalisering, så det burde ikkje vera noko problem.
Kravet om
legitimering av kundane stammar frå EU-direktivet om kvitvasking, og gjennom
EØS-avtalen pliktar også Norge å innføra reglane. Men er det verkeleg slik at
sunn fornuft og enkle løysingar er uaktuelt? Det einaste som synest sikkert i
denne saka, er at kvitvaskinga vil halda fram om lag som før, og at trakasseringa
av mange eldre og andre som er på utsida av det digitale samfunnet, ikkje vil
ha nokon effekt i så måte.
1 kommentar:
"Det einaste som synest sikkert i denne saka, er at kvitvaskinga vil halda fram om lag som før"
Amen. Pengesterke folk med gode forbindelser blir neppe veldig hemmet av at alle må vise legitimasjon for å opprette konto.
Legg inn en kommentar