lørdag 31. desember 2016

Sparebank-historien

Vik sparebank er ein av dei få sparebankane som framleis har den gamle eika i logoen sin.
Det er kanskje litt spesielt å gi seg i kast med eit verk som "Forandring og forankring - Sparebankene i Norge 1822 - 2014" av Lars Thue. Grunnen var ein idé om Sparebank 2.0 knytt til framveksten av digital valuta (Bitcoin ++) og om sparebankane på ein eller annan måte kan gjenskapa seg sjølve i den nye tida. Då måtte eg vita meir om sparebankane sin historie, og då var denne boka sjølvsagt obligatorisk.

Lars Thue vart engasjert av Sparebankforeningen til å skriva denne historia i samband med foreninga sitt 100-årsjubileum i 2014. Medan den første sparebanken vart oppretta i Christiania i 1822, vart Sparebankforeninga altså oppretta i 1914. Men storverket om sparebankane og Sparebankforeninga markerer også på eit vis slutten for foreninga. Etter opprettinga av Finans Norge i 2010 tok denne organisasjonen over mesteparten av oppgåvene for Sp.b.foreninga. Finans Norge er i realiteten ei samanslåing av dei to gamle interesseorganisasjonane Bankforeningen (forretningsbankane) og Sparebankforeningen. Sparebankforeningen eksisterer framleis, men er mest utan innhald.

Illustrasjon på Sparebankforeningen si heimeside.
Det kan tolkast som at halve treet/foreininga er daud..

Kampen mellom sparebankar og forretningsbankar
At Sparebankforeningen og Bankforeningen skulle fusjonera inn i Finans Norge (med Finansnæringens Hovedorganisasjon som eit mellomsteg for Bankforeningen) var nok tungt å svelgja for mange i sparebank-bransjen. Det har gjennom alle år vore eit markant skilje i interesser mellom sparebankane og forretningsbankane. Dei har vore grunnlagde på ulike verdisyn og det har også prega drifta, i alle fall i tidlegare tider. Dei har også vore ulike organisatorisk med sparebankane som stiftingar som ikkje har kunna kjøpast opp, og forretningsbankane som ordinære aksjeselskap.

Fusjonar og oppkjøp
Gjennom 1990-talet og starten på 2000-talet vart det eit sterkt press mot styresmaktene for å godta at sparebankar fekk endra seg til aksjeselskap. Pådrivaren var framfor alt den store sparebanksamanslutninga på Austlandet gjennom først ABC bank (Fellesbanken + Sp.b. Oslo og Akershus) som seinare fusjonerte inn fleire sparebankar i eit stadig utvida området rundt Oslo-fjorden og vart til Sparebanken NOR. Ambisjonane var heilt klart å etablera Sparebanken Norge, med flest muleg av sparebankane i over heile landet. Men den kongstanken stranda.

Grunnfondsbevis
Eit av problema til sparebankane etter kvart som behovet for vekst melde seg, var kapitaltilførsel. Som stiftingar hadde dei ikkje same mulegheit til å henta inn kapital frå eigarane sidan dei ikkje hadde eigarar. Det vart difor utvikla eit eige investeringsinstrument kalla grunnfondsbevis (no: eigenkapitalbevis) spesielt for sparebankar. Desse fungerte nesten som aksjar og var omsettelege på børs, men ga ikkje eigarskap eller innflyting på banken. Dette er ein heilnorsk innovasjon; ingen andre land med sparebankar har hatt eit slikt investeringsinstrument.

Presset for omdanning til aksjeselskap
I staden for å samla sparebankane i ein stor organisasjon, fekk Sparebanken NOR konkurranse frå ei anna gruppe sparebankar i Sparebank 1 Gruppen. Sparebanken NOR fusjonerte så med forsikringsselskapet Gjensidige til Gjensidige NOR Sparebank. Den nye sparebank-giganten sette straks i gang arbeidet for å bli omdanna til aksjeselskap. Sparebankforeninga var sterkt splitta i synet på om sparebankane burde få lov til å omdanna seg til aksjeselskap. Men for å unngå full splitting diskuterte styret i foreninga seg fram til eit "ikkje-standpunkt". Dei gjekk ikkje inn for omdanninga, men gjekk heller ikkje i mot (!).

Med Per Kristian Foss som finansministar og støtte frå AP i Stortinget vedtok Stortinget endringa i finansieringsverksemdslova av 1988 og opna opp for omdanning av sparebankar til aksjeselskap (mot SV og Sp sine stemmer). Mange av Sparebankforeninga sine krav vart imøtekomne, mellom anna at stiftingsmodellen skulle nyttast og at sparebankstiftinga sin eigardel i eit nytt aksjeselskap skulle vera garantisten for at sparebank-idéen og -tradisjonen vart vidareført.

DnB NOR 
Ikkje lenge etter omdanninga av Gjensidige NOR aksjesparebank, vart det fusjon med DnB til DnB NOR. Det skjedde i 2003. Etter kvart vart NOR fjerna og banken sitt namn vart (igjen) DNB. Når DNB kallar seg aksjesparebank med røter tilbake til starten i 1822, er det nesten ein tilsnikelse. Sparebankdelen kjem av fusjonen med Gjensidige NOR, for DnB, og før det DnC, har mest av alt ein forhistorie som forretningsbank.

Bank og IT
Banknæringa har vore ein pådrivar for ny teknologi og sparebankane har i høgste grad vore førande her. I 1965 vart Fellesdata AS oppretta som eit teknologisamarbeid mellom sparebankane. To år tidlegare hadde forretningsbankane oppretta IDA AS; Integrert databehandling AS.

Den viktigaste grunnen til at Norge har vore teknologisk leiande innan bank og finans er likevel det gode samarbeidet mellom bankane; sparebankar som forretningsbankar. Samarbeidet mellom Sparebankforeninga og Bankforeninga var viktig her. I 1972 vart Bankenes Betalingssentral (BBS) oppretta for å levera tenester rundt bankgiro. BBS vart overteke av danske interesser i 2009 og heiter no Nets. Også Fellesdata og IDA vart etter kvart slukte av reine IT-selskap, i hovudsak Evry (tidlegare Ergo Group og endå tidlegare EDB Business Partner).

I 1991 gjekk bankane igjen saman om å oppretta eit felles selskap, denne gangen BankAxept som skulle handtera kort og kortbetalingar (debetkort). Det har vore ein stor suksess, og BankAxept er den desidert rimelegaste betalingsforma i dag når me held kontantar utanom.

Sparebank 2.0
Har så sparebankane sin grunnleggjande idé med forankring i lokalmiljøet ei framtid i dagens globaliserte verd? Det trur eg absolutt, sjølv om det ikkje er så enkelt å sjå kva dei bør gjera for å møta dagens og morgondagens utfordringar. Ein ting er at store finanskonsern burde vorte splitta opp for å unngå "too big to fail"-problemet. Det burde vore gjort etter finanskrisa i 2007/8, men dessverre skjedde det ikkje. Så er spørsmålet kva er for stort, og kva er stort nok? I dagens samfunn der den rådande ideologien er at større = betre omtrent på alle område, er det vanskeleg å sjå kva nisje dei små sparebankane skal satsa på.

Eg har tru på at sparebankane framleis kan halda seg i front teknologisk, men då må dei kanskje i større grad fri seg frå dei store og tunge banksystema og heller satsa på nyare teknologi. Dei kan til dømes starta i det små og tilby tenester kring den framveksande digitale valutaen, som eksempelvis ein tiltrudd part for oppbevaring av private nøklar o.l. Det høyrest kanskje paradoksalt ut at teknologien som nettopp gjer muleg å kutta ut den tiltrudde tredjeparten skal kunna bli ei nisje for desse. Men dersom Bitcoin og andre liknande valuta skal få utbreiing ut over dei spesielt teknologi-interesserte, trur eg at slike tenester må komma. Det er rett og slett for vanskeleg og for risikabelt å satsa på denne typen valuta utan å ha gode hjelparar.


Gardsøl = Heimabrygg

Boka "Gårdsøl - Det norske ølet" av
Lars Marius Garshol
Endeleg har boka om den ur-norske øl-tradisjonen komme, og det er kjekt at Lars Marius Garshol er den som har ført "Gårdsøl - Det norske ølet" i pennen. Lars Marius er ein skikkeleg øl-nerd som var relativt tidleg ute med å surfa på den nye bølgja av handverks-øl. På eit visst tidspunkt hadde han smakt og bedømt omtrent det som var  å oppdriva av ulike øl-typar og lurte på om det ikkje var meir å utforska. Samtidig sneik det seg inn ein tanke om at ein IPA i Norge stort sett smakar det same som ein IPA i New York eller i Barcelona. Handverks-øl er ei global greie der øl-bryggjarane stort sett følgjer dei same oppskriftene og dei same metodane, og brukar ganske likt utstyr.

Frå øl-nerd til kulturforskar
Lars Marius er ærleg på at han som ivrig øl-entusiast i meir enn 10 år var totalt uvitande om den gamle norske øl-tradisjonen; ein tradisjon som er meir enn 1000 år og som framleis lever vidare i enkelte delar av landet. Då han oppdaga dette, tok forskaren i han over og han sette seg føre å samla mest muleg kunnskap om denne viktige kulturen og tradisjonen.

Starten i Kaupanger 2013
Det artige er at det heile starta med ein invitasjon til Vestlandsforsking og vårt bryggjekurs før jul i 2013. Tastatur-laget, bedriftsidrettslaget til Vestlandsforsking (me har eit fleksibelt syn på bedriftsidrett..:) arrangerte kurs i heimabrygging med kollega Carlo (Aall) som sjefsbryggjar og kurshaldar. Brygginga føregjekk i egna lokale på Heiberg gard i Kaupaner. Det var ikkje berre Lars Marius som var førstereisgut i dette laget; alle bortsett frå Carlo var nybegynnarar. Det var skikkeleg interessant, og som Lars Marius skriv i boka vart ølet veldig godt - heilt eksepsjonelt godt! Det var eit juleøl med djup mørk farge (nesten svart pga. karamell-malten), og smaken var framifrå. Eg trudde 10 liter ville bli altfor mykje for eigen del, men der tok eg skammeleg feil. Ølet fall i smak hjå alle i familien og dei 10 literane vart fort tømde.

Viktig bok
Denne boka er viktig for å dokumentera tradisjonane som framleis blir haldne i hevd i enkelte delar av landet. Men det er marginale miljø, og ein del viktige element er forsvunne, eller i ferd med å forsvinna. Ikkje minst gjeld det den spesielle kveiken; gjæren som blir brukt om att og om att og som kan sporast veldig langt tilbake. Det er også interessant å sjå skilnadane mellom ulike delar av landet og korleis tradisjonar er tilpassa dei lokale tilhøva.

"Timinga" er også veldig bra for ei bok som dette. Etter 10-15 år med stor interesse for handverks-øl og mikrobryggeri, er tida absolutt inne for å bli kjent med den originale øl-kulturen me har her i landet og som me absolutt bør vera stolte av. Det er ein tradisjon og ein kultur som bør ha eit stort potensial også som eksportvare i framtida; både i form av turistoppleving og som direkte eksport av norsk gardsøl.

I USA, handverks-ølet sitt heimland, er sjølvsagt trenden kommen til "farmhouse ale". Det ville vore meir enn ironisk, nærmast patetisk, om norske øl-entusiastar skulle prøva å etterlikna den, i total uvitenheit om den stolte norske øl-tradisjonen!

Norge rundt
Det som gjer boka ekstra interessant og lesverdig, er besøka Lars Marius har gjort til sentrale bryggjemiljø rundt om i landet. Han dreg i veg med stor nysgjerrigheit og ei nærmast barnleg (NB! barnleg, ikkje barnsleg!) glede over alt det merkelege han oppdagar - metodar og rutinar som strir mot alt han har lært om brygging av handverks-øl.

Dei mange besøka og dei mange gode kommentarane han har fanga opp, krydrar boka på same måten som humla krydrar ølet. Det gjer boka lettlesen i tillegg til at den er informativ. Oppskriftene på slutten av boka er også ein god ting slik at fleire kan prøva denne typen brygging.

Dette er ei bok mange bør skaffa seg, og den er eit viktig bidrag til ei betre forståing av og for den unike tradisjonen og kulturen som ligg i norske gardsøl. Det må også leggjast til at dette er ein jordbruks-kultur fullt og heilt. Det kjem fram av tittelen i boka, og elles også i boka, men det kunne kanskje vore endå tydelegare framheva.

Det er rett å slett berre å gå i bokhandelen eller finna fram på nettet og kjøpa boka. Du vil ikkje bli skuffa!

"Meira øl!"
Til slutt må eg nemna mitt første møte med øl. Eg var fire år og fekk vera med i bryllaup saman med mor og far. Eg sat ved sida av onkelen min som ga meg heimabrygg i glaset. Etter å ha smakt på ølet og drukke opp, ropte eg ut over heile forsamlinga: "Meira øl!" (til lett brydde foreldre..). Det var forresten onkelen min på Ølnes (passande namn) som hadde bryggja, i bryllaupet til dotter si.