lørdag 31. desember 2016

Gardsøl = Heimabrygg

Boka "Gårdsøl - Det norske ølet" av
Lars Marius Garshol
Endeleg har boka om den ur-norske øl-tradisjonen komme, og det er kjekt at Lars Marius Garshol er den som har ført "Gårdsøl - Det norske ølet" i pennen. Lars Marius er ein skikkeleg øl-nerd som var relativt tidleg ute med å surfa på den nye bølgja av handverks-øl. På eit visst tidspunkt hadde han smakt og bedømt omtrent det som var  å oppdriva av ulike øl-typar og lurte på om det ikkje var meir å utforska. Samtidig sneik det seg inn ein tanke om at ein IPA i Norge stort sett smakar det same som ein IPA i New York eller i Barcelona. Handverks-øl er ei global greie der øl-bryggjarane stort sett følgjer dei same oppskriftene og dei same metodane, og brukar ganske likt utstyr.

Frå øl-nerd til kulturforskar
Lars Marius er ærleg på at han som ivrig øl-entusiast i meir enn 10 år var totalt uvitande om den gamle norske øl-tradisjonen; ein tradisjon som er meir enn 1000 år og som framleis lever vidare i enkelte delar av landet. Då han oppdaga dette, tok forskaren i han over og han sette seg føre å samla mest muleg kunnskap om denne viktige kulturen og tradisjonen.

Starten i Kaupanger 2013
Det artige er at det heile starta med ein invitasjon til Vestlandsforsking og vårt bryggjekurs før jul i 2013. Tastatur-laget, bedriftsidrettslaget til Vestlandsforsking (me har eit fleksibelt syn på bedriftsidrett..:) arrangerte kurs i heimabrygging med kollega Carlo (Aall) som sjefsbryggjar og kurshaldar. Brygginga føregjekk i egna lokale på Heiberg gard i Kaupaner. Det var ikkje berre Lars Marius som var førstereisgut i dette laget; alle bortsett frå Carlo var nybegynnarar. Det var skikkeleg interessant, og som Lars Marius skriv i boka vart ølet veldig godt - heilt eksepsjonelt godt! Det var eit juleøl med djup mørk farge (nesten svart pga. karamell-malten), og smaken var framifrå. Eg trudde 10 liter ville bli altfor mykje for eigen del, men der tok eg skammeleg feil. Ølet fall i smak hjå alle i familien og dei 10 literane vart fort tømde.

Viktig bok
Denne boka er viktig for å dokumentera tradisjonane som framleis blir haldne i hevd i enkelte delar av landet. Men det er marginale miljø, og ein del viktige element er forsvunne, eller i ferd med å forsvinna. Ikkje minst gjeld det den spesielle kveiken; gjæren som blir brukt om att og om att og som kan sporast veldig langt tilbake. Det er også interessant å sjå skilnadane mellom ulike delar av landet og korleis tradisjonar er tilpassa dei lokale tilhøva.

"Timinga" er også veldig bra for ei bok som dette. Etter 10-15 år med stor interesse for handverks-øl og mikrobryggeri, er tida absolutt inne for å bli kjent med den originale øl-kulturen me har her i landet og som me absolutt bør vera stolte av. Det er ein tradisjon og ein kultur som bør ha eit stort potensial også som eksportvare i framtida; både i form av turistoppleving og som direkte eksport av norsk gardsøl.

I USA, handverks-ølet sitt heimland, er sjølvsagt trenden kommen til "farmhouse ale". Det ville vore meir enn ironisk, nærmast patetisk, om norske øl-entusiastar skulle prøva å etterlikna den, i total uvitenheit om den stolte norske øl-tradisjonen!

Norge rundt
Det som gjer boka ekstra interessant og lesverdig, er besøka Lars Marius har gjort til sentrale bryggjemiljø rundt om i landet. Han dreg i veg med stor nysgjerrigheit og ei nærmast barnleg (NB! barnleg, ikkje barnsleg!) glede over alt det merkelege han oppdagar - metodar og rutinar som strir mot alt han har lært om brygging av handverks-øl.

Dei mange besøka og dei mange gode kommentarane han har fanga opp, krydrar boka på same måten som humla krydrar ølet. Det gjer boka lettlesen i tillegg til at den er informativ. Oppskriftene på slutten av boka er også ein god ting slik at fleire kan prøva denne typen brygging.

Dette er ei bok mange bør skaffa seg, og den er eit viktig bidrag til ei betre forståing av og for den unike tradisjonen og kulturen som ligg i norske gardsøl. Det må også leggjast til at dette er ein jordbruks-kultur fullt og heilt. Det kjem fram av tittelen i boka, og elles også i boka, men det kunne kanskje vore endå tydelegare framheva.

Det er rett å slett berre å gå i bokhandelen eller finna fram på nettet og kjøpa boka. Du vil ikkje bli skuffa!

"Meira øl!"
Til slutt må eg nemna mitt første møte med øl. Eg var fire år og fekk vera med i bryllaup saman med mor og far. Eg sat ved sida av onkelen min som ga meg heimabrygg i glaset. Etter å ha smakt på ølet og drukke opp, ropte eg ut over heile forsamlinga: "Meira øl!" (til lett brydde foreldre..). Det var forresten onkelen min på Ølnes (passande namn) som hadde bryggja, i bryllaupet til dotter si.

1 kommentar:

Lars Marius Garshol sa...

Tusen takk, Svein. Dette var hyggelig. (Og veldig gode betraktninger om gårdsølets rolle i norsk øl. Hjertelig enig.)