tirsdag 21. september 2010

The Web is Dead - Long Live the Net!


Dette er tidsskriftet Wired sin bodskap i siste nummer. Wired er ikkje kven som helst, dei har vore eit leiande (kanskje _det_ leiande) teknologi-tidsskrift og særleg når det er snakk om nettet og nettutviklinga. Redaktør Chris Anderson er også ein markant person i nett-samanheng. Han står bak den kjende foredragsserien TED og han lanserte i si tid begrepet "The long tail". Han har også nyleg gitt ut ei bok om forretningsmodellar for Internett ("Free"). [oppdatering: Chris Anderson og Chris Anderson er ikkje nødvendigvis same personen. TED er eigd og blir drive av engelske Chris Anderson, medan USAnske Chris Anderson er redaktør for Wired]

Tapsbringande web-satsingar
Ironisk nok er det nettopp forretningsmodellar, eller heller mangel på slike, som er ei viktig drivkraft for den utviklinga me ser vekk frå den opne web-en. Mange har brent mykje midlar på nettsatsingar som ikkje har gitt forventa eller ønska resultat. Annonsar er ikkje svaret for dei fleste, berre for eit fåtal som Google o.l. kan dette bli den berande inntektskjelda.

Tidlegare spådommar
Samtidig som Wired kjem med den både provoserande og overraskande påstanden, er dei snare med å peika på at dei har komme med liknande spådommar tidlegare som ikkje har slått til. Dei spådde web-ens død alt i 1997 (!) då push-teknologien såg dagens lys (særleg systemet Pointcast, som eg sjølv var brukar av ein kort periode på den tida). Den gangen bomma dei til dels grovt med spådommen.

Minkande web-trafikk
Denne gangen har dei betre dokumentasjon for påstanden sin, ikkje minst oversikt over kjeldene til trafikken på nettet. Den viser tydeleg at den tradisjonelle web-trafikken er dalande. Den nådde toppen rundt 2000 og har gått ganske mykje ned. Og utviklinga med mobilt internett og den dominerande framveksten av spesial-applikasjonar ("apps") kan ingen ha unngått å notera seg. Andre dominerande kjelder er video (kan jo diskutera om det er web eller ikkje).

Facebook og lukka plattformer
Parallelt med apps-utviklinga på mobilsida føregår det også ei innelåsing av sjølve web-an. Facebook er vel det beste eksempelet her. Dei utviklar si eiga private web-plattform, rett nok bygd på web-standardar, men lukka for omverda. Dei har m.a. sitt eige e-postsystem.

På leit etter forretningsmodell
Chris Anderson og Wired synest utviklinga bort frå den opne web-en er uheldig, men forståeleg. Store aktørar vil i lengda ikkje finna seg i å pøsa ut midlar på nettsatsingar som ikkje gir overskot. For å ta betalt for eit produkt på nettet, må du skapa ein eksklusivitet. Reine informasjonstenester har ikkje denne eksklusiviteten og då er det også vanskeleg å ta betalt.

All informasjon tilgjengeleg?
For selskap som Google byr denne utviklinga på store utfordringar. Dei har bygt imperiet sitt på den opne web-en. Og sjølv om dei framstiller seg som tilhengjarar og pådrivarar av den opne web-en, kvir dei seg heller ikkje for å ty til andre verkemiddel om dei blir pressa. Den nyleg annonserte avtalen deira med Verizon ser også ut til å bryta med prinsippet om nett-nøytralitet for mobil-nettet.

Er web-en berre HTML?
Ei innvending mot Wireds framstilling er at dei ser på web-en berre som HTML. Men HTTP er også ein viktig del av web-en og den protokollen er like viktig enten me snakka om apps eller om maskin-til-maskin-kommunikasjon. Men presentasjonslaget er sjølvsagt viktig for openheit.

Diskusjon om web-ens framtid
I kjølvatnet av Wired-artikkelen har det oppstått ein diskusjon mellom leiande personar, og det var sikkert også noko av bakgrunnen for oppslaget. Chris A'nderson har utfordra andre web-guruar som Tim O'Reilly (O'Reilly Media) og John Battelle (m.a. kjend for boka om Google - "The Search").

Litt overraskande er TORs kommentarar til utviklinga. Han er einig med Anderson i utviklingstrenden, men ser på det som ei positiv utvikling ved at nettet blir meir modent og at det kjem forrentingsmodellar som let produsentar få betalt (her er det nok medie-mannen som talar). John Battelle er derimot meir skeptisk til utviklinga og peiker på dei store fordelane den opne web-en har skapt og at me ikkje bør la dei gå tapt utan å bry oss.

Web-en og demokratiperspektivet
Sjølv er eg litt overraska over at demokrati-perspektivet er fråverande frå diskusjonen. Etter mitt syn er web-en den sanne manifesteringa av ytringsfridom. Først med web (og særleg bloggen) har ytringsfridommen vorte reell, i alle fall for alle som har tilgang til ein pc og nett.

The Economist
Også The Economist tek for seg utviklinga med ein stadig meir lukka web. Dei er heller ikkje særleg glade for utviklinga og minner om at dei alltid har stått for frihandel, opne marknader og sterk konkurranse - så også på nettet.

Romantikken som forsvann
I den tidlege Internett-fasen var det ein god del romantiske førestillingar om "cyberspace" som den nye og frie staden der vanlege (les: kommersielle og regulerande) reglar ikkje gjaldt. John-Perry Barlow er vel den som har formulert det tydelegaste gjennom si kjende sjølvstende-fråsegn for nettet (A Declaration of the Independence of Cyberspace):
Governments of the Industrial World, you weary giants of flesh and steel, I come from Cyberspace, the new home of Mind. On behalf of the future, I ask you of the past to leave us alone. You are not welcome among us. You have no sovereignty where we gather.
Dette kan verka rart i dag, men samtidig er det også litt vemodig at dei idealistiske og romantiske førestillingane om nettet no er borte. Uskulden er borte, nettet har vakse og modnast og med det kjem også vaksenlivet sine mange traurige og kjedelege sider.

torsdag 9. september 2010

One night in Paris..


.. is like year in any other place. Det var vel 10CC som sang dette for nokre tiår sidan. Det vart "three nights in Paris" etter eGov-konferansen i Lausanne. Sidan første besøket i Paris i 2001 har det vore favoritt-byen min, trass i at eg ikkje snakkar fransk. Dette var femte gangen min i Paris, og det er like kjekt kvar gang. Og familie-hotellet Hotel Nadaud ved Place Gambetta er staden for overnatting, om ikkje hjå venner.

Paris har det meste; storslått arkitektur, flotte museum, pulserande byliv og god mat og drikke. Byen er også så stor at du berre rekk å bli kjend med ein liten del kvar gang. Denne gangen brukte me tid i området Belleville - eit mylder av folk frå mange land og ein imponerande marknad. Her har eg berre fanga ein bitte liten del av den 100-200 lange marknadsplassen.




Musea i Paris er mange og interessante. Det mest kjende er sjølvsagt Louvre, verdas største museum, men Paris har mange andre museum verdt å besøka. Denne gangen var eg i Musee d'Orsay, eit museum opna i 1986 av Francois Mitterand og som er ein ombygd jernbanestasjon. Museumsbygningen er fantastisk i seg sjølv, som biletet kanskje gir eit lite inntrykk av (det var ikkje lov å ta bilete inne i museet...). For meg var det største utbytet interiøret og bygningen, samlinga kom i andre rekkje.



Eit bra høve til Paris-tur vil vera Le Web-konferansen 8. og 9. desember. Denne konferansen har på kort tid vorte den største web-konferansen i Europa, og det utan at det er brukt ei krone på marknadsføring. Alt har gått via sosiale kanalar og "word of mouth" og konferansen samlar no nærmare 2 500 deltakarar!

Grunnleggjaren av konferansen er Loic Le Meur (@loic på Twitter), fransk it-entrepreneur i San Francisco. Han er kanskje mest kjendt for mannen bak Twitter-klienten Seesmic, men har også mange andre jarn i elden.

søndag 5. september 2010

eGov 2010 i Lausanne















[desse deltok ikkje på konferansen, men heldt plenen utanfor konferanselokalet ryddig..]
eGov er den viktigaste konferansen innan e-forvaltning i Europa. Det er samlingsplassen for forskarar innan feltet.Tidlegare høyrde konferansen inn under DEXA-paraplyen, men "reiv" seg laus i fjor og høyrer no til IFIP. Dette handlar mykje om politikk, og eg er ikkje inngåande kjennskap til det, men akademiske konferansar er på mange måtar "big business" og då skjer slike ting.

Lausanne
Årets konferanse var i Lausanne, i Sveits, ved Universitetet i Lausanne. Lausanne er ein liten by (ca. 120 000) innbyggjarar) ca. 40 min. togreise unna Geneve. Det er ein fin by, ved Geneve-innsjøen, og med majestetiske fjell i synsranda i sør. Sjølve byen verka også triveleg, og den verka også større enn innbyggjartalet skulle tilseia. Lausanne er nok mest kjend som staden der den olympiske komiteen held til. Tidlegare IOC-leiar Samaranch har ei stor stjerne her sidan det var han som slo endeleg fast at IOC skulle ha hovudkontor i Lausanne.















[det sprettande nye  konferanselokalet til  IDHEAP - Swiss Graduate School of Public Administration]
Akademiske konferansar
Som akademiske konferansar flest er deltakarane det både som tilhøyrarar og for å presentera, i alle fall majoriteten av deltakarane. Det er ei ok ordning, og deltakarane må også ta sin turn med sesjonsleiing osv. På denne måten blir konferansane nesten sjølvgåande. Til prosessen høyrer også med at når du først har fått godkjendt ein artikkel, må du stilla opp og presentera for at den skal bli teljande. Det sikrar det økonomiske grunnlaget for konferansen.

Business
Talet på konferansar har nærmast eksplodert, sidan det både er økonomiske interesser og ikkje minst karriere-messige interesser knytte til desse. Dette er parallelt med tidsskrift-verda, som blir styrt etter mykje dei same prinsippa. Den største skilnaden er at det tek lenger tid frå innsending til ferdig trykt artikkel i eit tidsskrift enn på ein konferanse med tilhøyrande skriftsamling (proceedings).

Interoperabilitet
Sjølv presenterte eg artikkelen "Interoperability in Public Sector - How Use of a Lightweight Approach Can Reduce the Gap Between Plans and Reality". Presentasjonen gjekk bra (trur eg) og det var mange gode spørsmål og god diskusjon i etterkant. Standardopplegget er 20 min. presentasjon og 10 min spørsmål. Eg brukte Los som case i artikkelen

Univ. i Agder i 2012
Det er tredje året på rad eg deltek på denne konferansen; dei to føregåande vart arrangerte i Linz (2009) og Torino (2008). Neste års eGov-konferanse skal arrangerast i Delft, Nederland, og i 2012 skal etter planen Universitetet i Agder ha ansvaret. Det vil i såfall vera eit bra løft og eit bra høve til å presentera norsk e-forvaltning til resten av verda og omvendt. Lykke til med planane Leif, Øystein og andre ved UiA!