
.. is like year in any other place. Det var vel 10CC som sang dette for nokre tiår sidan. Det vart "three nights in Paris" etter eGov-konferansen i Lausanne. Sidan første besøket i Paris i 2001 har det vore favoritt-byen min, trass i at eg ikkje snakkar fransk. Dette var femte gangen min i Paris, og det er like kjekt kvar gang. Og familie-hotellet Hotel Nadaud ved Place Gambetta er staden for overnatting, om ikkje hjå venner.
Paris har det meste; storslått arkitektur, flotte museum, pulserande byliv og god mat og drikke. Byen er også så stor at du berre rekk å bli kjend med ein liten del kvar gang. Denne gangen brukte me tid i området Belleville - eit mylder av folk frå mange land og ein imponerande marknad. Her har eg berre fanga ein bitte liten del av den 100-200 lange marknadsplassen.


Musea i Paris er mange og interessante. Det mest kjende er sjølvsagt Louvre, verdas største museum, men Paris har mange andre museum verdt å besøka. Denne gangen var eg i Musee d'Orsay, eit museum opna i 1986 av Francois Mitterand og som er ein ombygd jernbanestasjon. Museumsbygningen er fantastisk i seg sjølv, som biletet kanskje gir eit lite inntrykk av (det var ikkje lov å ta bilete inne i museet...). For meg var det største utbytet interiøret og bygningen, samlinga kom i andre rekkje.

Eit bra høve til Paris-tur vil vera Le Web-konferansen 8. og 9. desember. Denne konferansen har på kort tid vorte den største web-konferansen i Europa, og det utan at det er brukt ei krone på marknadsføring. Alt har gått via sosiale kanalar og "word of mouth" og konferansen samlar no nærmare 2 500 deltakarar!
Grunnleggjaren av konferansen er Loic Le Meur (@loic på Twitter), fransk it-entrepreneur i San Francisco. Han er kanskje mest kjendt for mannen bak Twitter-klienten Seesmic, men har også mange andre jarn i elden.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar