Ann Pettifor, som eg må innrømma eg ikkje har høyrt om før, er kjent for mellom anna å ha spådd finanskrisa, i boka "The Coming First World Crisis" i 2006. No er ho aktuell med boka "The Global Casino". Pettifor framhevar KI og krypto som to enorme bobler som ho trur vil utløysa den neste finanskrisa. Omtalen hennar av Bitcoin/krypto er likevel svært mangelfull, det same er forståinga hennar av omfanget av krypto sett opp mot globale finansverdiar totalt. Når "kjende" økonomar bommar så kraftig på eit område eg meiner eg kjenner godt, blir eg også skeptisk til kva anna dei tek like lett på.
Klassekampen sitt innhald er bak betalingsmur, og det gjeld dessverre også debattinnlegg som dette. Eg kan dessverre ikkje gjengi originalartikkelen her, den må skaffast på anna vis.
Venstresida bør forstå Bitcoin
Svein Ølnes, styremedlem
i Bitcoinpolitisk institutt (BPI), 28.07.2026
I intervjuet med
økonom Ann Pettifor laurdag 25.07 stiller KK-journalist Line Madsen Simenstad
eit veldig godt spørsmål: Kryptomiljøet har mykje av den same kritikken mot
finansbransjen – bør ikkje venstresida prøva å nå desse med sine analysar? Men
Pettifor svarer dessverre ikkje på spørsmålet. Ho avfeier bitcoin/krypto som
verdshistoria sitt største pyramidespel. Her er det moralsk indignasjon som er
styrande, ikkje fagleg argumentasjon. Påstanden hennar om at krypto skal kunna
bidra til ei enorm finansboble er også teken ut av lause lufta. Verdien av all
krypto er knapt synleg sett opp mot dei globale finansverdiane.
Venstresida både kan
og bør gå i dialog med Bitcoin-miljøet. Som Madsen Simenstad skriv, er
analysane ulike, men kritikken av dagens finanssystem er veldig lik. Bitcoin
ser ved første augekast ut til å kryssa av på alle liberalistiske punkt, og det
får mange på venstresida til å avvisa det automatisk. Men ved nærmare ettersyn
har Bitcoin eigenskapar som dei fleste på venstresida vil kunna slutta opp om:
·
Det er
eit rettferdig system i den forstand at alle, i heile verda, har lik tilgang
til systemet.
·
For mange
forfølgde (dissidentar, opposisjonelle) er Bitcoin avgjerande for å kunna
fungera i totalitære og autoritære styresett.
·
Det gir
folk utan tilgang til banktenester eit alternativ.
·
Det er
ope og transparent og gjer korrupsjon vanskeleg
·
Det er
eit berar-instrument der verdiane går direkte frå avsendar til mottakar, utan
bruk av mellomledd, noko som gjer at det i framtida kan bli brukt som global
oppgjersvaluta og slik utfordra dollarhegemoniet.
Så er det sjølvsagt
sider ved Bitcoin som mange på venstresida vil har problem med, mellom anna at
det er eit pengesystem staten ikkje har kontroll med. Men i si tid var det også
heilt utenkjeleg at eit globalt informasjonssystem skulle baserast på
Internett; eit system ingen statar kontrollerte.
