torsdag 22. februar 2018

Bitcoin og energibruk

Bitcoin-utvinning (Foto: Marko Ahtisaari, CC BY 2.0)
P2 Nyheitsmorgon tok i dag opp spørsmålet om energibruken i kryptovaluta, og særleg i utvinning av Bitcoin. Eg vart intervjua om saka og i tillegg hadde dei henta inn uttalar frå Torgeir Waterhouse, IKT Norge, og Marius Nesse, BitNor (bedrift i Bergen som driv utvinning av kryptovaluta). Temaet er brennbart, det er heilt sikkert.

Mykje energi
Det går med mykje energi (elektrisk kraft) til sikringa av Bitcoin-nettverket gjennom den såkalla "proof of work"-metoden. Men akkurat kor mykje energi, er det ingen som veit, og dermed er det fritt fram for spekulasjonar. Me høyrer stadig om at Bitcoin-nettverket brukar "meir straum enn heile Irland", "meir straum enn Portugal", "meir straum enn Danmark"! Men dette veit me for lite om så det trengst meir forsking.

Mykje energi samanlikna med kva?
Samtidig som energibruken i Bitcoin og kryptovaluta er betydeleg, må me også stilla spørsmålet "samanlikna med kva?" Avisa Independent hadde ein interessant artikkel der dei såg energibruken i kryptovaluta opp mot dagens energibruk og miljøproblem knytt til fysiske kontantar, og særleg myntar. Det er mellom anna mykje bruk av zink, og utvinning av zink har både energimessige og miljømessige utfordringar. Konklusjonen i artikkelen er at ein skal vera litt forsiktig med å dømma energibruken i kryptovaluta og at den må sjåast opp mot alternativ energibruk.

Det er også ein viss ironi at finanssektoren kastar seg på miljøargumentet. Dei har ikkje akkurat vore veldig opptekne av det spørsmålet tidlegare. Kor mykje energi gjekk med til å selja rotne finansprodukt som resulterte i finanskrisa? Kor mykje energi brukar finanssektoren, sett i samanheng med verdiskapinga for samfunnet+

Alternative metodar
Proof of work er den dominerande måten i dagens kryptovalutaer, men nye sikringsmetodar er under utprøving. Ethereum har lenge annonsert at dei skal gå over til "proof of stake", der eigarar av valutaen ether satsar ein del av verdiane sine som del av sikringa. Men det er framleis ein del usikre element i denne metoden, noko som har gjort at Ethereum har måtta utsetja overgangen. At metoden er i bruk i nokre kryptovalutaer er ikkje noko bevis på at den er trygg eller feilfri. Det er små valutaer som ikkje har vorte sett på skikkeleg prøve slik Bitcoin har.

Alternative metodar for Bitcoin sit nok lenger inne. Utviklinga i Bitcoin er og har vore forsiktig og konservativ, noko som over tid har vist seg å vera fornuftig. Det er store verdiar som står på spel, og det er god grunn til å tenkja seg godt om før ein gjer gjennomgripande endringar.