fredag 25. februar 2022

Økonomiske sanksjonar mot Russland

Russlands invasjon av Ukraina blir fordømt over heile verda, og vestlege land med USA og EU i spissen diskuterer kva sanksjonar som kan ileggjast. Det gjeld å finna sanksjonar som svir mest muleg, men utan at det skadar europeiske land for mykje. Det er ein vanskeleg balansegang, for Russland har nokre trumfkort som kan spelast ut. Det er særleg levering av gass til EU-land, men også andre råvarer. Og ein sanksjon som vil ramma hardt, er å stengja Russland ute frå betalingssystemet SWIFT - eller Society for Worldwide Interbank Financial Telecommunication som det står for.


Betalingssystem som globalt blodomløp
Økonomiske sanksjonar er det første som blir diskutert og iverksett i slike situasjonar, men også i nasjonale krisesituasjonar slik me såg i Canada nyleg. Økonomiske sanksjonar mot Russland er alt sette i gang, diskusjonen går ikkje på det. Det er særleg forslaget om å stengja Russland ute frå SWIFT-systemet som skaper hovudbry. Den sanksjonen er eit tve-egga sverd på mange måtar.

Tilgang til bankkontoar og betalingskanalar er sentralt for alle land. Finanssystemet er blodomløpet i den globale handelen, og det er ganske effektivt å stengja nokon ute frå det. SWIFT er det globale overføringssystemet for pengar globalt, og avgjerande for å kunna gjera handel, i alle fall med vestelege land. USA kontrollerer i stor grad SWIFT og har også tidlegare brukt det som våpen mot land dei ikkje likar, f.eks. Iran.

Kva er SWIFT?
SWIFT er ei meldingsteneste for pengeoverføringar og kan sjåast på som eit slags Gmail for banktenester, og då pengeoverføringar som kryssar landegrenser. SWIFT sender berre betalingsinstruksjonar ("payment orders") og utfører ikkje sjølve betalinga. Sjølve betalinga skjer mellom korresponderande bankar. 

Innan Europa har me SEPA, Single Euro Payments Area, for enklare pengeoverføring med EU og tilslutta land. Det er i alt 36 medlemsland i SEPA. Men dersom betalinga skal gå til land utanfor SEPA-området, er SWIFT det einaste reelle alternativet. Russland brukar SWIFT for økonomisk oppgjer med mottakarland av olje, gass og andre råvarer. Om Russland blir stengd ute frå SWIFT vil dei få store problem med å motta pengar for råvarene. Men på den andre sida betyr det også at leveransane truleg vil ta slutt. Det blir eit slags "damned if you do, damned if you don't".

SWIFT omfattar meir enn 11 000 finansinstitusjonar i over 200 land, og handterer meir enn 42 millionar meldingar/transaksjonar på ein vanleg dag. I 2018 stod SWIFT for rundt halvparten av alle større grensekryssande betalingar globalt.

Kven kontrollerer SWIFT?
SWIFT er registrert i Belgia og blir kontrollert av National Bank of Belgium og representantar frå "The Fed" (U.S. Federal Reserve System), Bank of England, the European Central Bank, Bank of Japan og andre større sentralbankar. Det trengst eit vedtak frå EU for å stengja tilgangen til SWIFT, men det er vel ganske naivt å tru at ikkje USA er den som faktisk bestemmer her. Det er kjent at NSA overvakar trafikken gjennom SWIFT, og USA har gripe inn i overføringar mellom to europeiske land fordi amerikanske dollar var involvert. Med tanke på dollarhegemoniert i global handel er det klart at USA har stor kontroll med det meste som går gjennom systemet.

Alternativ til SWIFT
Pr. i dag finst det ikkje reelle alternativ til SWIFT, men ei utestenging av Russland kan tvinga landet til å søkja å utvikla alternativ. Ei muleg løysing for Russland er bilaterale oppgjersformer, f.eks. ved å selja olje og gass til Kina og gjera opp i renmimbi. Eit anna alternativ som blir løfta fram i desse dagar, er kryptovaluta og framfor alt Bitcoin. Men Bitcoin er langt frå å kunna erstatta SWIFT i dag. På lenger sikt derimot, kan Bitcoin bli eit aktuelt overføringssystem med reduserte sanksjonsmulegheiter for USA og andre.

Det er også fare for at ei ekskludering av Russland frå SWIFT vil tvinga dei nærmare Kina, og eit tettare samarbeid mellom dei to landa er heller ikkje nokon lysteleg tanke.

Bitcoin som globalt betalingsnettverk og reservevaluta
Sjølv om Bitcoin ikkje er eit alternativ for Russland i dag, er det ikkje vanskeleg å sjå at det kan utvikla seg til å bli eit reelt alternativ til SWIFT. SWIFT-systemet stammar frå 1973 då det erstatta dåtidas telex-baserte meldingssystem. Men systemet er overmodent for oppgradering til dagens digitale standardar og forventningar. Blokkjedeteknologi har vore lansert som ei muleg løysing for moderniseringa av SWIFT, men det er vanskeleg å sjå at det skal løysa dei eigentlege problema sidan SWIFT eigentleg berre er eit meldingssystem. Eit moderne overføringssystem i dag bør ha ein digital, innebygd valuta for å vera effektivt, og det finst (namnet startar med 'B..).

Bloggposten er i stor grad basert på ein artikkel frå Washington Post og frå omtalen av SWIFT på Wikipedia.

søndag 20. februar 2022

Bitcoins personvern-problem


NB! Bloggposten er oppdatert etter gode innspel frå twitter-venner :)

Innsamlingsaksjonane til demonstrantane i Canada skulle vera Bitcoins mulegheit til å visa verda sensurfrie pengeoverføringar. Slik vart det ikkje. Dei som har kalla dette det største som har skjedd sidan bitcoin-overføringar til WikiLeaks i 2010, har misforstått. I staden har det vorte ei viktig påminning om svakheiter i bruken av bitcoin. 

Sentraliserte tenester stoppa
Etter at innsamlingstenester som GoFundMe og GiveSendGo vart stoppa og midlane (meir enn 150 mill. NOK), skulle Bitcoin endeleg få visa kor viktig alternativ det var til sentraliserte, sensurerte finanstenester. Men det som skulle vore ei solskinnshistorie om sensurfrie pengar, vart til ein demonstrasjon av mangel på gode personvern-orienterte tenester for verdioverføring med bitcoin. Og her er det viktig å skilja mellom grunnstrukturen i Bitcoin og applikasjonane bygde på infrastrukturen. Det er gode tenester for bitcoin-brukarar som manglar, ikkje så mykje svakheiter i den underliggjande strukturen, sjølv om den også kan forbetrast sensurmessig.

Sentralisert bitcoin-innsamling
Bitcoin-innsamling via innsamlingsplattformen Tallycoin vart fort fryst av styresmaktene, saman med svartelisting av ein del andre bitcoin-adresser. Politiet i Canada gjekk ut med ei liste med over 30 bitcoin-adresser (inkl. nokre få andre kryptovalutaer) som var svartelista, dvs. vekslingstenester desse adressene tilhøyrde, fekk beskjed om å frysa valutaen. Kor mykje bitcoin og annan kryptovaluta som dermed er konfiskert, er uklart. Det viser i alle fall at jobben langtfrå er gjort når det gjeld sikre, ukonfiskerbare bitcoin-overføringar. Ja, det er muleg å senda og motta bitcoin på ein slik måte at verdiane ikkje blir konfiskerte, men det er ikkje lett.

Innsamlingstenesta Tallycoin vart brukt av initiativet "Honk Honk Hodl" til innsamling av bitcoin (og nokre få andre kryptovalutaer. Tallycoin er ei av få tenester som har lagt til rette for bruk av Paynyms (sjå omtale lenger nede). Det ser dermed ut som dei har klart å unngå frysing og konfiskering av midlar.

Innsamlingsaksjonen til "HonkHonkHodl" gjorde det meste feil, og gjorde det lett for styresmaktene å ta kontroll over innsamla bitcoin - rundt 21 btc (rundt 7 mill. NOK med dagens kurs). Den første feilen var å bruka ei fast bitcoin-adresse. Den andre feilen var å organisera dette på ei teneste som er lett å blokkera for styresmaktene. Jesse Powell, adm. dir i vekslingstenesta Kraken, var veldig tydeleg på at vekslingstenester ikkje kan stolast på i slike tilfelle som Canada. Ja, faktisk så tydeleg at han vart politimeldt! (litt uklart om det var denne uttalelsen som vart politimeldt, men viss det var det, seier det jo det meste om kor hysteriske styresmaktene i Canada er..)


Du må ikkje bruka ei sentralisert teneste viss du vil unngå konfiskering. Regelen "not your keys, not your coins" gjeld til fulle også her. Og regelen om å ikkje gjenbruka adresser gjeld sjølvsagt også. Du kan ikkje rekna med at publisering av ei fast bitcoin-adresse skal hindra styresmaktene i beslaglegging.

Kva kan gjerast?
Som elles i Bitcoin, ligg svaret i desentralisering og peer-to-peer-tenking. Maksimal desentralisering og P2P er styrken i Bitcoin, og den må også brukast i slike situasjonar. Det blir meir arbeid sjølvsagt, men her er sikkerheit viktigare.

Målet må vera å kunna overføra bitcoin til ei mobil-lommebok som også bør vera fråkopla nettet (offline). Her manglar me gode tenester, og det er viktig å prioritera denne typen utviklingsarbeid. 

Matt Odell og Marty Bent har ein veldig god og kritisk gjennomgang av heile denne situasjonen i Rabbit Hole Recap #187 ("Freedom Money"). Og som Matt heilt rett påpeiker, det viktige er ikkje å gi demonstrantane bitcoin, det viktige er å gi dei det dei treng (mat, kle, drivstoff ++). Korleis dei får det dei treng, er mindre viktig.

I praksis er det tre måtar å overføra bitcoin i ein innsamlingsaksjon som dette (utanom direkte overføring til enkeltpersonar):

  1. Posta ei fast (statisk) bitcoin-adresse (veldig dårleg alternativ for personvern!)
  2. Generera ei ny adresse manuelt (skalerer ikkje)
  3. Køyra ein BTCPay-server eller tilsvarande (beste av desse alternativa, men inneber mykje arbeid og en høg terskel)

Paynyms
Det finst heldigvis enklare metodar enn alternativ tre i lista over. Metoden heiter Paynyms og byggjer på BIP47 ("Reusable Payment Codes for Hierarchical Deterministic Wallets"). Det er ein sikker og personvern-messig god måte å senda og motta bitcoin på. Paynyms maskerer bitcoin-adressene og i bakgrunnen blir det laga ei ny bitcoin-adresse kvar gang, sjølv om Paynym er det same.

Paynyms er Samourai wallet sin implementasjon av BIP47, og dessverre er det ikkje som har følgt etter. I følge Matt Odell er situasjonen litt "det beste blir det godes fiende", for utviklarar meiner metoden er for ressurskrevjande. Men resultatet blir at me blir ståande med få gode og brukarvennlege metodar å overføra bitcoin sikkert og ukonfiskerbart. Det er ikkje haldbart, her må det jobbast!


lørdag 19. februar 2022

Demokratiet i fare: Tilfellet Canada

Lastebil-konvoi i Ottawa (Foto: Reuters)
Då styresmaktene i Canada kravde vaksinepass for å kunna kryssa grensa til USA, fekk mange lastebilsjåførar nok og køyrde bilane sine til Ottawa der dei sperra gatene i sentrum. Eit vaksinepass betydde i realiteten arbeidsforbod for dei som ikkje var vaksinerte eller som ikkje hadde eit slikt sertifikat.

Unntakstilstand
Styresmaktene svarte med å realiteten innføra unntakstilstand ved å ta i bruk ei nød-lov ("Emergency Act") frå 1988, for første gang. Lova set til side vanlege demokratiske prinsipp og gir styresmaktene vide fullmakter utan å gå gjennom domsapparatet. Ordlyden i lova tyder på at den berre skal brukast i krigs- eller krigsliknande tilstandar, så det er ganske alvorleg at den blir brukt i ein fredeleg demonstrasjon som her. Og fredeleg er eit viktig stikkord her - aksjonane har vore fredelege, heilt utan valdsbruk, og det set unntakstilstanden i eit endå meir grelt lys. Blokkeringa har vore forstyrrande, særleg i Ottawa by, for all del, men som sagt ei fredeleg markering.

Innsamlingsaksjonar og frysing av midlar
Det vart raskt sett i gang innsamlingsaksjonar til lastebilsjåførane, og plattformer som GoFundMe og andre samla inn 8-10 mill. dollar kvar. Med nød-lova i hand vart desse midlane stoppa og fryst - lett når det er snakk om sentraliserte tenester som dette. Då var Bitcoin tilsynelatande redninga, og det vart sett i gang innsamling.

Bra for Bitcoin?
Mange Bitcoin-tilhengjarar var raskt ute med å peika på at denne saka var den beste demonstrasjonen av bitcoin som sensurfrie pengar sidan innsamlinga til WikiLeaks i 2010. Det vart hevda at dette var den beste (ufrivillige) marknadsføringskampanjen for Bitcoin nokon sinne, og mange av dei ganske naive slagorda dukka opp ("Bitcoin er umuleg å stoppa", "Bitcoin er uunngåeleg" osv.).

Naive Bitcoin-tilhengjarar
Det har vist seg å vera ein farleg naivitet, for styresmaktene hadde ikkje store problem med å svartelista bitcoin-adressene som vart brukte til innsamling. Det har effektivit sett søkelyset på Bitcoins framleis for svake personvern og motstandskraft mot sensur. Tilfellet bør vera eit kraftig varsku til alle i Bitcoin-miljøet om at personvern og motstandskraft mot sensur må setjast høgt på prioriteringslista over nye tiltak. Så må det også leggjast til at det er manglande rutinar og gode verktøy for bitcoin-brukarar heller enn grunnkonstruksjonen i Bitcoin som er hovudsaka her.

Dei ansvarlege for innsamling av bitcoin (og i nokre få tilfelle Litecoin, ether og monero) har på mange måtar dumma seg litt ut. Å annonsera ei fast bitcoin-adresse for innsamling, er ein dårleg idé. Å la adressa peika til ei vekslingsteneste er ein endå dårlegare idé. Jesse Powell, adm. dir. i Kraken, var så tydeleg som det går an å vera i ein twitter-kommentar på spørsmålet om Kraken ville levert ut opplysningar om kundane sine i ein slik situasjon: 



Både denne og andre ytringar på Twitter frå Jesse og Brian Armstrong frå Coinbase vart rapporterte til politiet (RCMP - Royal Canadian Mounted Police)! Det ser ikkje ut til å vera grenser for kva styresmaktene i Canada er villege til i denne konflikten.

Demokratiet på skråplanet
Men det er ikkje berre Canada som er i ferd med å gå ned på det demokratiske skråplanet. Fleire andre land har forbode liknande demonstrasjonar. Pandemien har i sanning vist oss kor skjørt demokratiet er når det dreg seg til.

Det meste av media har oppført seg som lydige hundar for styresmaktene og formidla det synet styresmaktene ønskjer: Demonstrantane er rabiate vaksinemotstandarar som i stor grad er å finna på ytterste høgre fløy. Dessverre har ikkje media gjort den viktige jobben dei skal gjera - prøva å avdekka maktmisbruk. Å klistra "vaksinemotstand" og "høgrekrefter" til aksjonane er effektivt, men bør avslørast av media. Aksjonane handlar ikkje om vaksinemotstand, men om store inngrep i fridommen til enkeltmenneske, og at styresmaktene går altfor langt i kampen mot Covid. 

Venstresida sviktar!
Det er spesielt skuffande, men ikkje overraskande, at venstresida blindt går med på styresmaktene sine forklaringar og sviktar ekte arbeidaropprør, arbeidarar dei elles snakkar veldig varmt om. Det er rett og slett eit svik, og mange bør gå i seg sjølve og stilla spørsmål ved korleis dei har kunna ta parti for styremaktene mot arbeidarane. I lesarinnlegget "Folkeopprør mot tvang" i Klassekampen 12. februar i år stiller Kari Elisabet Svare dette spørsmålet (dessverre bak betalingsmur). Eg håpar innlegget hennar skaper diskusjon og refleksjon.

Beste praksis for personvern i Bitcoin
Beste praksis for sikre bitcoin-overføringar får bli ein eigen post, denne vart lang nok.



torsdag 10. februar 2022

Bøker i 2021

Tvillingenes dagbok
Langt nede i kaninholet med Bitcoin og kryptovaluta nærmast døgnet rundt, er det viktig av og til å stikka hovudet over kanten og sjå at det også finst andre ting. Bøker er viktige på mange måtar, ikkje minst for å unngå ekkokammer og for å få utvida horisonten og danninga.

Her er bøker eg har lese det siste året:

Ingvild Rishøi: «Stargate»

Lena Lindgren: «EKKO – Et essay om algoritmer og begjær»

Saifedean Ammous: «The Bitcoin Standard”

Maren Uthaug: «Der det finst fuglar»

Isabelle Allende: «Åndenes hus»

Mary McCarthy: «Gruppen»

Alex Michaelides: «Den tause pasienten»

Agota Kristof: «Den tredje løgnen»

Maren Uthaug: «Ein lykkeleg slutt»

Joseph Roth: «Den falske vekten»

Isabelle Allende: «Etter vinteren»

Marie Aubert: «Kan jeg bli med deg hjem»

Agota Kristof: «Beviset»

Agota Kristof: «Tvillingenes dagbok»

Carlo Rovelli: «Tid»

Amanda Svensson: «Et system så storslått at man blendes»

Khaled Khalifa: «Døden er et slit»


lørdag 5. februar 2022

When Money Dies

"When Money Dies" er historia om etterkrigstidas Weimar-republikk i Tyskland og den økonomiske kollapsen som følgje av hyperinflasjon. Det er den britiske, konservative politikaren Adam Fergusson som har skrive boka, så tidleg som i 1975. Finanskrisa aktualiserte boka og den vart gitt ut på ny i 2010 og er nærmast å rekna som ein klassikar.

Historia Fergusson fortel er langt meir enn ei historie om økonomisk og valutamessig undergang; det er ei bok om korleis den økonomiske undergangen øydelegg heile samfunnet, og det viktigaste av alt: Tillit! Den øydelegg både tilliten til styresmaktene, som er det første som forsvinn, men det verkeleg alvorlege er når tillit mellom medmenneske forsvinn. Resultatet blir eit brutalt samfunn med grobotn for brutale regime.

Krigstapet og den enorme krigserstatninga Tyskland vart dømde til å betala, blir ofte trekt fram som den einaste forklaringa på den økonomiske kapitulasjonen i åra 1919-1924. Men inflasjonen starta før, og var ganske høg under heile krigen, om enn ikkje så dramatisk som i åra 1921-1923.

Kjelde: Wikipedia

Ikkje berre ei årsak
Årsakene til den katastrofale utviklinga er mange, og sjølvsagt utgjer krigen og krigserstatninga ein viktig del. Men det vart gjort mange feil i tillegg, og mellom dei mest synlege var den totalt forfeila valutapolitikken til Reichsbank (sentralbanken). Både sjefen for Reichsbank, dr. Rudolf Havenstein, og heile det politiske etablissementet var fast overtydde om at det ikkje var den tyske marken som fall i verdi, men nasjonane rundt Tyskland som styrka sine valutaer! Det høyrest vanvittig ut, men det var den offisielle forklaringa, og dei fleste trudde på den langt inn i hyperinflasjonen.

President Havenstein
Havenstein hadde ei oppgåve: forsyna bankane med nok valuta, uansett om det utvikla seg til karikerte situasjonar der verdien av ein pengeseddel vart redusert i det øyeblikket du fekk den i handa. Det betydde at pengane brann i hendene på folk, og dei måtte kvitta seg med dei fortast råd. Det vart ein enorm omløpshastigheit på sedlane, og karusellen gjekk berre fortare og fortare.

Også Austerrike og Ungarn
Det er hyperinflasjonen i Tyskland som har fått mest merksemd, og det er mindre kjent at både Austerrike og Ungarn gjekk gjennom mykje av den same utviklinga, og låg jamvel framfor Tyskland tidsmessig. Austerrike var i praksis konkurs då dei klarte å få særleg Storbritannia og Frankrike med på eit naudlån som stabiliserte den austerrikske krona. Lånet vart gitt med tøffe krav, ikkje ulikt det Hellas opplevde etter finanskrisa, men den beiske medisinen verka. Krona stabiliserte seg ganske raskt, og interessant nok før pengetrykkinga stoppa opp. Det viser at (hyper-)inflasjon også har ei betydeleg psykologisk side; viss du trur pengane får redusert verdi, handlar du deretter og er med på å driva inflasjonen opp. Men det motsette er også tilfelle.

Dr. Rudolf Havenstein
Dr. Rudolf Havenstein 
(Wikipedia)

Mellom kommunisme og fascisme
Ein viktig grunn til at Austerrike vart redda, var frykta for at enten Italias fascistregime skulle få større innflytelse, eller at russisk kommunisme skulle gjera det. Plassert mellom kommunisme og facisme, fann Storbritannia og Frankrike (+ USA) det best å prøva å redda landet frå begge dei ekstreme regima. Men stabiliseringa hadde sin pris: det vart massearbeidsløyse og kanskje endå tøffare tider.

Det same skjedde i Tyskland, men med eit par års etterslep. Då hadde Frankrike teke kontroll over Ruhrområdet fordi Tyskland ikkje betalte krigserstatninga. Industrien i Ruhrområdet var det som heldt Tyskland i live, og utan verdiskaping der, stoppa det heilt opp. I tillegg gjennomførte Tyskland ein passiv motstandskamp, Ruhrkampf, som i tillegg kosta dyrt.

Havenstein var uråd å avsetja, det minner om den uavhengige sentralbanken som er diskutert mykje her til lands i desse dagar. Den einaste måten å erstatta han på, var å venta til han døydde på post, og det var det som også skjedde 20. november 1923. Men rett før det, hadde Rentenbank vorte oppretta som eit forsøk på å etablera ein stabil valuta særleg retta mot bøndene. Det var store problem med forsyning av landbruksvarer fordi bøndene ikkje ville ta i mot betaling med den vanlege valutaen. I staden sat dei på store lager medan folk i byane sleit meir og meir med å få tak i mat. Import var utelukka sidan Tyskland knapt hadde valutareservar å ta av.

Dr. Hjalmar Schacht
Dr. Hjalmar Schacht
(Wikipedia)

Hjalmar Schacht og Rentenbank
Bøndene kunne ikkje klandrast; det var ikkje rart dei motsette seg å ta i mot verdilause pengar. Situasjonen var uhaldbar, og mange stader vart det plyndring og øydelegging av gardar der både husdyr og avling rauk med. Rentenbank hadde sikkerheit frå mellom anna industrien og etablerte valutaen Rentenmark som i motsetnad til annan tysk mark skulle halda verdien og ikkje bli utvatna. Det var ikkje ei permanent løysing, men ei naudløysing for særleg å få landbruksvarer ut til folket.

Dr. Hjalmar Schacht vart etter kvart sentral i omstruktureringa som tvinga seg fram då hyperinflasjonen tok livet av den tyske marken. Han var sentral i etableringa av Rentenbank og Han overtok som sentralbanksjef etter Havenstein og fekk den tøffe jobben med å føra Tyskland gjernnom skjerselden til eit nytt og stabilt valutasystem. For det var heilt klart: overgangen var på ingen måte enkel. Det vart verre, mykje verre, før det vart betre. Det første og mest synlege resultatet av innstramming av den økonomiske politikken, var akutt arbeidsløyse. Arbeidsløysa var nesten null då pengetrykkinga gjekk på høggir, men det var jo i realiteten berre ein kamuflasje. Med brutal innstramming av finanspolitikken kom også realitetane til syne i form av enorm arbeidsløyse. Det skapte igjen grobotn for radikale krefter og var på mange måtar opptakten til nazistane si overtaking. 

Boka dessverre aktuell også i dag
Boka fekk ein renessanse etter finanskrisa og er dessverre endå meir aktuell i desse dagar med stadig stigande inflasjon. Bakgrunnen er sjølvsagt den enorme pengetrykkinga i kjølvatnet av pandemien, kombinert med ekspansiv finanspolitikk. Som makroøkonom Lyn Alden forklarer så godt, er det først når pengetrykking blir kombinert med stigande budsjettunderskot inflasjonen aukar. I denne artikkelen i Kryptografen forklarer eg det, med temaet Bitcoin som vern ("hedge") mot inflasjon som hovudsak.

Sjølv om det neppe er fare for hyperinflasjon i vår del av verda, viser boka at når det først begynner å gå galt, aksellererer det fort og det blir svært vanskeleg å stoppa. Sentralbankane har i dag ei vanskeleg oppgåve; dei må prøva å bremsa inflasjonen ved å setja opp renta. Men viss dei gjer alvor av å setja opp renta så mykje som dei burde, risikerer dei at gjeldsbobla sprekk, med katastrofalt resultat. Det blir "damned if you do, damned if you don't". Difor er det mange som trur at sentralbankane først og fremst er tøffe i kjeften og at dei faktisk ikkje torer å gjera alvor av rentehevingane dei har annonsert.



tirsdag 1. februar 2022

Stærke påstandar på svakt grunnlag

Spaltist Bjørn Stærk tok for seg Bitcoin i eit innlegg i Morgenbladet 25. januar. Under overskrifta "Sjansen for å bli rik på bitcoin er like stor som å overleve daglige runder med russisk rulett" raljerte han med Bitcoin og demonstrerte etter mitt syn eit kunnskapsløyse av dimensjonar. Det var difor naturleg å svara på dei mange feilaktige påstandane. Lesarinnlegget mitt er dessverre bak Morgenbladet sin betalingsmur, så eg gjengir det her.

Faksimile av Bjørn Stærks spalte:















Stærke påstandar på svakt grunnlag

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking

Ofte er det dei som har sett seg minst inn i ei sak som kjem med dei sterkast uttalane. Slik ser det også ut til å vera med Bjørn Stærk. Raljeringa med Bitcoin i Morgenbladet 25. januar i artikkelen «Sjansen for å bli rik på bitcoin er like stor som å overleve daglige runder med russisk rulett» er vanskeleg å ta på alvor.

Bitcoin er den største digitale innovasjonen sidan Internett, og mykje tyder på at den til liks med Internett og andre store innovasjonar, vil gå gjennom dei velkjende fasane Mahatma Gandhi skisserte:

“First they ignore you, then they laugh at you, then they fight you, then you win.”

Bitcoin vart først ignorert, så latterleggjort (haha, Bitcoin er håplaust tregt samanlikna med Visa), så er det fasen med intens motarbeiding som me er inne i no, og til slutt truleg opplagt for dei fleste at dette var ein både nødvendig og svært nyttig innovasjon.

Internett var ein frigjerande teknologi som gav stort håp for menneskeheita. Etter 30 år med kommersielt Internett er det tydeleg for dei fleste at me har vorte digitale leiglendingar. Bitcoin har gitt oss tilbake trua på at me kan ta kontroll over vårt eige digitale liv, i første rekkje det økonomiske og finansielle. Andre blokkjedesystem rettar seg mot andre digitale utfordringar, men felles for den revolusjonen Bitcoin starta, er å gå tilbake til dei desentrale røtene Internett opphaveleg var bygt på. Men med eit viktig tillegg: Pengar er også integrerte i dette prosjektet.

Silicon Valley-gründer Naval Ravikant er truleg den som har definert Bitcoin best:

«Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a
get-rich-quick scheme.»

Å bli rik i ein fart, trekkjer nok mange til Bitcoin, men mange av desse oppdagar at det er kvalitetar og potensial i Bitcoin som langt overstig den økonomiske sida.

Av dei mange feilaktige påstandane i Stærks artikkel er det kanskje tittelen som skurrar mest. Den er sikkert meint å vera morsom, men blir ganske platt når ein ser på verdistiginga til bitcoin i heile den 13-årige perioden. Det er sjølvsagt ingen garanti for at det vil halda fram slik, men den historiske økonomiske utviklinga er udiskutabel.

Nokre andre utsegn som er verdt å kommentera:

«En spennende, men mindre viktig, del av forklaringen er at databasen er en åpen, distribuert blokkjede,...»

Mindre viktig?? Desentralitet og distribusjon er Bitcoins raison d’être. Bitcoin innførte eit sjølvkontrollerande nettverk der verdioverføringar kan skje utan mellomledd. Du har full kontroll med eigne verdiar og ingen kan ta dei frå deg. Du kan kryssa landegrenser med nøkkelen til verdiane bokstavleg tala i hovudet. Ikkje rart at Hongkong, Venezuela, Kviterussland, Nigeria, for å nemna nokre få, er stader der bruken av bitcoin har auka særleg mykje.

«energiforbruket er så stort at det truer både klimaet og energipolitikken..»

Ja, energiforbruket er stort, men det truar verken klimaet eller energipolitikken. La oss gjera nokre samanlikningar: Utvinning av gull krev dobbelt så mykje energi som Bitcoin og står for om lag tre ganger så store utslepp av klimagassar. Miljøbelastninga er i tillegg enorm (gruveavfall, kvikksølv i grunnvatnet ++). Merkeleg nok er det ikkje kampanjar for å få slutt på gullgraving, for me har jo eigentleg ikkje bruk for gull, har me? Energibruken til luftkjøling (air conditioning) krev i følgje US Departement of Energy 6 % av total energiproduksjon i USA. Omrekna blir det 240 kWt i året, om lag det doble av Bitcoins forbruk. Også  tørketromlar står for ein årleg energibruk som overgår Bitcoin-forbruket. Ingen har skrive harmdirrande om at folk kan hengja opp kleda og på den måten spara klimaet.

«Bitcoinkursen er så ustabil at du må være gal for å bruke det til å lagre eller måle verdier.»

Lagring og måling av verdiar er to vidt forskjellige funksjonar pengar kan ha. Du kan ikkje slå dei saman slik Bjørn Stærk gjer her, og viser dermed ein mangel på elementær pengeøkonomisk forståing. Når det gjeld bitcoin som verdilagring, viser verdistiginga dei siste 10 åra at dei som har investert,  heller har vore smarte.

«El Salvadors eksperiment er mislykket.»

El Salvador innførte bitcoin som lovleg betalingsmiddel i september i fjor og alt no kan Bjørn Stærk utan vidare slå fast at det har vore mislykka. Utsegna illustrerer godt mangelen på seriøsitet i heile artikkelen.

Heldigvis er det mange som er langt meir nysgjerrige på Bitcoin og kryptovaluta enn Bjørn Stærk. Eg underviser i emnet på Høgskulen på Vestlandet og i dette vårsemesteret tilbyr me eit kurs i samarbeid med Finansforbundet. Finansforbundet annonserte kurset i nyheitsbrevet sitt 26. januar, og etter ein halv time hadde 125 meldt interesse for å delta. Eg kan sikkert ordna ein plass til Bjørn Stærk også, sjølv om kurset eigentleg ser ut til å bli overfylt.