lørdag 5. februar 2022

When Money Dies

"When Money Dies" er historia om etterkrigstidas Weimar-republikk i Tyskland og den økonomiske kollapsen som følgje av hyperinflasjon. Det er den britiske, konservative politikaren Adam Fergusson som har skrive boka, så tidleg som i 1975. Finanskrisa aktualiserte boka og den vart gitt ut på ny i 2010 og er nærmast å rekna som ein klassikar.

Historia Fergusson fortel er langt meir enn ei historie om økonomisk og valutamessig undergang; det er ei bok om korleis den økonomiske undergangen øydelegg heile samfunnet, og det viktigaste av alt: Tillit! Den øydelegg både tilliten til styresmaktene, som er det første som forsvinn, men det verkeleg alvorlege er når tillit mellom medmenneske forsvinn. Resultatet blir eit brutalt samfunn med grobotn for brutale regime.

Krigstapet og den enorme krigserstatninga Tyskland vart dømde til å betala, blir ofte trekt fram som den einaste forklaringa på den økonomiske kapitulasjonen i åra 1919-1924. Men inflasjonen starta før, og var ganske høg under heile krigen, om enn ikkje så dramatisk som i åra 1921-1923.

Kjelde: Wikipedia

Ikkje berre ei årsak
Årsakene til den katastrofale utviklinga er mange, og sjølvsagt utgjer krigen og krigserstatninga ein viktig del. Men det vart gjort mange feil i tillegg, og mellom dei mest synlege var den totalt forfeila valutapolitikken til Reichsbank (sentralbanken). Både sjefen for Reichsbank, dr. Rudolf Havenstein, og heile det politiske etablissementet var fast overtydde om at det ikkje var den tyske marken som fall i verdi, men nasjonane rundt Tyskland som styrka sine valutaer! Det høyrest vanvittig ut, men det var den offisielle forklaringa, og dei fleste trudde på den langt inn i hyperinflasjonen.

President Havenstein
Havenstein hadde ei oppgåve: forsyna bankane med nok valuta, uansett om det utvikla seg til karikerte situasjonar der verdien av ein pengeseddel vart redusert i det øyeblikket du fekk den i handa. Det betydde at pengane brann i hendene på folk, og dei måtte kvitta seg med dei fortast råd. Det vart ein enorm omløpshastigheit på sedlane, og karusellen gjekk berre fortare og fortare.

Også Austerrike og Ungarn
Det er hyperinflasjonen i Tyskland som har fått mest merksemd, og det er mindre kjent at både Austerrike og Ungarn gjekk gjennom mykje av den same utviklinga, og låg jamvel framfor Tyskland tidsmessig. Austerrike var i praksis konkurs då dei klarte å få særleg Storbritannia og Frankrike med på eit naudlån som stabiliserte den austerrikske krona. Lånet vart gitt med tøffe krav, ikkje ulikt det Hellas opplevde etter finanskrisa, men den beiske medisinen verka. Krona stabiliserte seg ganske raskt, og interessant nok før pengetrykkinga stoppa opp. Det viser at (hyper-)inflasjon også har ei betydeleg psykologisk side; viss du trur pengane får redusert verdi, handlar du deretter og er med på å driva inflasjonen opp. Men det motsette er også tilfelle.

Dr. Rudolf Havenstein
Dr. Rudolf Havenstein 
(Wikipedia)

Mellom kommunisme og fascisme
Ein viktig grunn til at Austerrike vart redda, var frykta for at enten Italias fascistregime skulle få større innflytelse, eller at russisk kommunisme skulle gjera det. Plassert mellom kommunisme og facisme, fann Storbritannia og Frankrike (+ USA) det best å prøva å redda landet frå begge dei ekstreme regima. Men stabiliseringa hadde sin pris: det vart massearbeidsløyse og kanskje endå tøffare tider.

Det same skjedde i Tyskland, men med eit par års etterslep. Då hadde Frankrike teke kontroll over Ruhrområdet fordi Tyskland ikkje betalte krigserstatninga. Industrien i Ruhrområdet var det som heldt Tyskland i live, og utan verdiskaping der, stoppa det heilt opp. I tillegg gjennomførte Tyskland ein passiv motstandskamp, Ruhrkampf, som i tillegg kosta dyrt.

Havenstein var uråd å avsetja, det minner om den uavhengige sentralbanken som er diskutert mykje her til lands i desse dagar. Den einaste måten å erstatta han på, var å venta til han døydde på post, og det var det som også skjedde 20. november 1923. Men rett før det, hadde Rentenbank vorte oppretta som eit forsøk på å etablera ein stabil valuta særleg retta mot bøndene. Det var store problem med forsyning av landbruksvarer fordi bøndene ikkje ville ta i mot betaling med den vanlege valutaen. I staden sat dei på store lager medan folk i byane sleit meir og meir med å få tak i mat. Import var utelukka sidan Tyskland knapt hadde valutareservar å ta av.

Dr. Hjalmar Schacht
Dr. Hjalmar Schacht
(Wikipedia)

Hjalmar Schacht og Rentenbank
Bøndene kunne ikkje klandrast; det var ikkje rart dei motsette seg å ta i mot verdilause pengar. Situasjonen var uhaldbar, og mange stader vart det plyndring og øydelegging av gardar der både husdyr og avling rauk med. Rentenbank hadde sikkerheit frå mellom anna industrien og etablerte valutaen Rentenmark som i motsetnad til annan tysk mark skulle halda verdien og ikkje bli utvatna. Det var ikkje ei permanent løysing, men ei naudløysing for særleg å få landbruksvarer ut til folket.

Dr. Hjalmar Schacht vart etter kvart sentral i omstruktureringa som tvinga seg fram då hyperinflasjonen tok livet av den tyske marken. Han var sentral i etableringa av Rentenbank og Han overtok som sentralbanksjef etter Havenstein og fekk den tøffe jobben med å føra Tyskland gjernnom skjerselden til eit nytt og stabilt valutasystem. For det var heilt klart: overgangen var på ingen måte enkel. Det vart verre, mykje verre, før det vart betre. Det første og mest synlege resultatet av innstramming av den økonomiske politikken, var akutt arbeidsløyse. Arbeidsløysa var nesten null då pengetrykkinga gjekk på høggir, men det var jo i realiteten berre ein kamuflasje. Med brutal innstramming av finanspolitikken kom også realitetane til syne i form av enorm arbeidsløyse. Det skapte igjen grobotn for radikale krefter og var på mange måtar opptakten til nazistane si overtaking. 

Boka dessverre aktuell også i dag
Boka fekk ein renessanse etter finanskrisa og er dessverre endå meir aktuell i desse dagar med stadig stigande inflasjon. Bakgrunnen er sjølvsagt den enorme pengetrykkinga i kjølvatnet av pandemien, kombinert med ekspansiv finanspolitikk. Som makroøkonom Lyn Alden forklarer så godt, er det først når pengetrykking blir kombinert med stigande budsjettunderskot inflasjonen aukar. I denne artikkelen i Kryptografen forklarer eg det, med temaet Bitcoin som vern ("hedge") mot inflasjon som hovudsak.

Sjølv om det neppe er fare for hyperinflasjon i vår del av verda, viser boka at når det først begynner å gå galt, aksellererer det fort og det blir svært vanskeleg å stoppa. Sentralbankane har i dag ei vanskeleg oppgåve; dei må prøva å bremsa inflasjonen ved å setja opp renta. Men viss dei gjer alvor av å setja opp renta så mykje som dei burde, risikerer dei at gjeldsbobla sprekk, med katastrofalt resultat. Det blir "damned if you do, damned if you don't". Difor er det mange som trur at sentralbankane først og fremst er tøffe i kjeften og at dei faktisk ikkje torer å gjera alvor av rentehevingane dei har annonsert.



Ingen kommentarer: