Spaltist Bjørn Stærk tok for seg Bitcoin i eit innlegg i Morgenbladet 25. januar. Under overskrifta "Sjansen for å bli rik på bitcoin er like stor som å overleve daglige runder med russisk rulett" raljerte han med Bitcoin og demonstrerte etter mitt syn eit kunnskapsløyse av dimensjonar. Det var difor naturleg å svara på dei mange feilaktige påstandane. Lesarinnlegget mitt er dessverre bak Morgenbladet sin betalingsmur, så eg gjengir det her.
Faksimile av Bjørn Stærks spalte:
Stærke påstandar på svakt grunnlag
Svein Ølnes, seniorforskar
ved Vestlandsforsking
Ofte er det dei som
har sett seg minst inn i ei sak som kjem med dei sterkast uttalane. Slik ser
det også ut til å vera med Bjørn Stærk. Raljeringa med Bitcoin i Morgenbladet
25. januar i artikkelen «Sjansen for å bli rik på bitcoin er like stor som å
overleve daglige runder med russisk rulett» er vanskeleg å ta på alvor.
Bitcoin er den
største digitale innovasjonen sidan Internett, og mykje tyder på at den til
liks med Internett og andre store innovasjonar, vil gå gjennom dei velkjende fasane
Mahatma Gandhi skisserte:
“First they ignore you, then they laugh at you,
then they fight you, then you win.”
Bitcoin
vart først ignorert, så latterleggjort (haha, Bitcoin er håplaust tregt samanlikna
med Visa), så er det fasen med intens motarbeiding som me er inne i no, og til
slutt truleg opplagt for dei fleste at dette var ein både nødvendig og svært
nyttig innovasjon.
Internett var ein
frigjerande teknologi som gav stort håp for menneskeheita. Etter 30 år med
kommersielt Internett er det tydeleg for dei fleste at me har vorte digitale
leiglendingar. Bitcoin har gitt oss tilbake trua på at me kan ta kontroll over
vårt eige digitale liv, i første rekkje det økonomiske og finansielle. Andre
blokkjedesystem rettar seg mot andre digitale utfordringar, men felles for den
revolusjonen Bitcoin starta, er å gå tilbake til dei desentrale røtene
Internett opphaveleg var bygt på. Men med eit viktig tillegg: Pengar er også
integrerte i dette prosjektet.
Silicon
Valley-gründer Naval Ravikant er truleg den som har definert Bitcoin best:
«Bitcoin is a tool for freeing humanity from
oligarchs and tyrants, dressed up as a
get-rich-quick scheme.»
Å bli rik i
ein fart, trekkjer nok mange til Bitcoin, men mange av desse oppdagar at det er
kvalitetar og potensial i Bitcoin som langt overstig den økonomiske sida.
Av dei
mange feilaktige påstandane i Stærks artikkel er det kanskje tittelen som skurrar
mest. Den er sikkert meint å vera morsom, men blir ganske platt når ein ser på
verdistiginga til bitcoin i heile den 13-årige perioden. Det er sjølvsagt ingen
garanti for at det vil halda fram slik, men den historiske økonomiske
utviklinga er udiskutabel.
Nokre andre
utsegn som er verdt å kommentera:
«En spennende, men mindre viktig, del av forklaringen er at databasen er en åpen, distribuert blokkjede,...»
Mindre viktig??
Desentralitet og distribusjon er Bitcoins raison d’être. Bitcoin
innførte eit sjølvkontrollerande nettverk der verdioverføringar kan skje utan
mellomledd. Du har full kontroll med eigne verdiar og ingen kan ta dei frå deg.
Du kan kryssa landegrenser med nøkkelen til verdiane bokstavleg tala i hovudet.
Ikkje rart at Hongkong, Venezuela, Kviterussland, Nigeria, for å nemna nokre
få, er stader der bruken av bitcoin har auka særleg mykje.
«energiforbruket er så stort at det truer både klimaet og energipolitikken..»
Ja, energiforbruket er stort, men det
truar verken klimaet eller energipolitikken. La oss gjera nokre samanlikningar:
Utvinning av gull krev dobbelt så mykje energi som Bitcoin og står for om lag
tre ganger så store utslepp av klimagassar. Miljøbelastninga er i tillegg enorm (gruveavfall, kvikksølv i
grunnvatnet ++). Merkeleg nok er det ikkje kampanjar for å få slutt på
gullgraving, for me har jo eigentleg ikkje bruk for gull, har me? Energibruken
til luftkjøling (air conditioning) krev i følgje US Departement of Energy 6 %
av total energiproduksjon i USA. Omrekna blir det 240 kWt i året, om lag det
doble av Bitcoins forbruk. Også tørketromlar står for ein årleg energibruk som
overgår Bitcoin-forbruket. Ingen har skrive harmdirrande om at folk kan hengja
opp kleda og på den måten spara klimaet.
«Bitcoinkursen
er så ustabil at du må være gal for å bruke det til å lagre eller måle
verdier.»
Lagring og måling av
verdiar er to vidt forskjellige funksjonar pengar kan ha. Du kan ikkje slå dei
saman slik Bjørn Stærk gjer her, og viser dermed ein mangel på elementær pengeøkonomisk
forståing. Når det gjeld bitcoin som verdilagring, viser verdistiginga dei
siste 10 åra at dei som har investert, heller
har vore smarte.
«El Salvadors eksperiment er mislykket.»
El Salvador innførte bitcoin som lovleg
betalingsmiddel i september i fjor og alt no kan Bjørn Stærk utan vidare slå
fast at det har vore mislykka. Utsegna illustrerer godt mangelen på seriøsitet i
heile artikkelen.
Heldigvis er det mange som er langt meir
nysgjerrige på Bitcoin og kryptovaluta enn Bjørn Stærk. Eg underviser i emnet på Høgskulen på
Vestlandet og i dette vårsemesteret tilbyr me eit kurs i samarbeid med
Finansforbundet. Finansforbundet annonserte kurset i nyheitsbrevet sitt 26.
januar, og etter ein halv time hadde 125 meldt interesse for å
delta. Eg kan sikkert ordna ein plass til Bjørn Stærk også, sjølv om kurset
eigentleg ser ut til å bli overfylt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar