mandag 30. januar 2023

Nytt svar til Eivind Thomassen

Faksimile frå innlegget i Morgenbladet
Eivind Thomassen svarte på innlegget mitt 17. jan. med "Ølnes bommer om bitcoin" der dette var  hovudargumentasjonen hans:

  • verdifall og kryptokollaps heng saman med bitcoins ideal om desentralisering
  • den grunnleggjande årsaka til at FTX og andre kollapsa i fjor var det generelle kursfallet i kryptovaluta, og særleg bitcoin som er "kryptouniversets finansielle hjørnestein"
  • hovudpoenget er at bitcoins desentrale ideal og konstruksjon er bakgrunn for volatiliteten og den finansielle spekulasjonen på toppen av den
  • Bitcoins kapasitetsmanglar, pga. desentralisert arkitektur, har skapt spelerom for nye og meir sentralisert kryptovalutaer
  • Bitcoins blokkjede har (stor) betydning for at FTX i det heile oppstod

Her er mitt svar til dette:

Årsaker til kryptokollaps

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking (og eigar av bitcoin)

Eivind Thomassen og eg er ueinige om Bitcoins rolle i dei mange kollapsane i kryptoverda i fjor, ikkje minst konkursen i vekslingstenesta FTX. Eg er ikkje ueinig med Thomassen at bitcoin er kryptoverdas finansielle hjørnestein, eller kanskje heller reservevaluta. Men i FTX’ tilfelle var det ikkje bitcoins fallande kurs som var hovudårsaka, det var bruk av kundemidlar til å dekka over søsterselskapet Alameda Research sine store tap. Og Alamedas eigenkapital var i stor grad basert på FTX’ eigen kryptovaluta FTT og slik sett stort sett basert på luft. Så eksisterer heller ikkje bitcoin eller andre kryptovalutaer i eit vakuum, og dei makroøkonomiske endringane etter pandemien har i stor grad spelt ei rolle også for kryptovalutaer.

Hovudpoenget til Thomassen er likevel at verdifall og kryptokollaps heng saman med Bitcoins desentrale arkitektur, og der er eg heilt ueinig. Bitcoin, og endå meir andre kryptovalutaer, er volatile fordi det er små økonomiar. Bitcoin hadde vore like volatilt om det hadde hatt ein sentralisert arkitektur. Det er nok å sjå på Ethereum og endå meir sentraliserte kryptovalutaer som har hatt endå større volatilitet enn bitcoin.

Eg kan jo stilla eit motspørsmål til Eivind Thomassen: Ville det same skjedd om Bitcoin hadde hatt ein meir sentralisert arkitektur, men framleis basert på open programvare? Eg meiner svaret er ja. FTX og dei andre kollapsane i kryptouniverset er eit resultat av grådigheit og jakt på urealistisk avkastning. Det er ikkje noko nytt og det finst rikeleg med eksempel frå ordinær finans.

At det er Bitcoins manglande effektivitet som har skapt rom for dei mange alternative krypto­valutaene er tvilsamt. Bitcoin er basert på open kjeldekode, og eit typisk kjenneteikn ved slike programtypar er at dei stimulerer til kopiar og nye produkt med enkelte endringar. Og til meir populært eit ope program er, til meir vil det bli forsøkt kopiert og «forbetra». Men eg held fast på tidlegare påstand om at den eigentlege motivasjonen bak alskens kryptovalutaer er seigniorage; altså gevinsten du kan få ved å laga og omsetja eigne pengar. Saman med velkjent finansakrobatikk og grådigheit er det dei eigentlege årsakene til dei mange kollapsane i kryptoverda.

Til slutt er det viktig å plassera dette i det makroøkonomiske bildet. Etter ei massiv «pengetrykking» og nullrente i samband med pandemien, fann mykje pengar vegen til risikorelaterte investeringar som vekst­aksjar og kryptovaluta. Den påfølgjande inflasjonen og rentehevinga slo då naturleg nok mest ut på dei nemnde investeringane. Vanvittige investeringar vart gjort både innan «krypto» og ordinær finans, og som det blir sagt: når tidevatnet snur, blir det klart kven som har svømt utan badedrakt.


onsdag 4. januar 2023

Lesarinnlegg i Morgenbladet 04.01.2023

Illustrasjon: Crypto Dost (CC-BY-2.0)
Eivind Thomassen, historikar med økonomisk historie som fagområde og kommentator i Morgenbladet, skreiv i kommentaren "Drømmen om kryptovaluta er død" om FTX-kollapsen og at det sannsynlegvis betyr slutten på i alle fall draumen om kryptovaluta si framtid. 

For å få ei betre forståing av svaret mitt, må eg gjengi hovudpunkta i Thomassens kommentar. Det yter ikkje ET full rettferd, men er likevel einaste måten å gjera det på sidan kommentaren hans er bak betalingsmur hjå Morgenbladet, som også mitt innlegg er.

  • ET beskriv FTX-kollapsen innleiingsvis og koplar den til idéen om at "framtida blir til på gutterommet" (ikkje jenterommet?), i pakt med anna teknologiutvikling

  • Som følgje av krisa i 2022 er krypto som pengar daudt

  • "Kryptovalutaer er bygget opp som åpne databaser. Det er disse databasene som kalles blokkjeder. For å motvirke manipulasjon har kryptopionerene fylt blokkjedene med tilsiktede tregheter."

  • Tilsikta tregheit i blokkjeder skaper rom for mellommenn og dermed sentralisering
    [ET påstår her at FTX' FTT-token vart laga for å overkomma tregheit i ordinære blokkjeder]

  • Folk flest er komfortable med sentralisering og verdset den overlegne fleksibiliteten, effektiviteten og tryggleiken det gir

Misvisande om kryptovaluta

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking (og eigar av bitcoin)

Eivind Thomassen vil ikkje vera dårlegare enn andre som har dømt kryptovaluta nord og ned og brukar FTX-kollapsen som grunngjeving for at draumen om kryptovaluta er død. Kommentaren er prega av misforståelsar og feil, og det må vera lov å forventa meir av ein person med økonomisk historie som fagfelt og som arbeider ved eit universitet. Det merkelege er at når det gjeld Bitcoin og kryptovaluta, ser det ikkje ut som det lenger er krav om kunnskap og kompetanse for å uttala seg; kven som helst kan skriva kva som helst så lenge det er negativt.

For å forstå det som har skjedd i FTX og søsterselskapet Alameda Research, og også dei andre kollapsane i kryptoverda dette året i selskapa Terra Luna og Three Arrows Capital, er det viktig å forstå at Bitcoin skil seg radikalt frå det meste av eksisterande kryptovalutaer. Bitcoin er desentralt der dei andre kryptovalutaene er til dels sterkt sentraliserte, og i tillegg har Bitcoin frå starten av hatt ein «rettferdig» fordeling av valutaen ved at alt har komme til gjennom graveoperasjonen. Andre kryptovalutaer startar nesten utan unnatak med ei førehandsdefinert mengde av valutaen («premine») som så blir fordelt til opphavspersonar, stiftingar, utviklarar og andre.

Bitcoin har svært lite med kollapsane i kryptoverda å gjera, men blir med i dragsuget. Bitcoin er reservevalutaen i kryptouniverset, saman med ether, og blir stilt som sikkerheit for lån i diverse andre valutaer. Kollapsen i FTX og i andre selskap har skjedd etter god gammal oppskrift frå vanleg finans: Lån som er mange ganger større enn eigenkapitalen, ofte utan noko form for sikkerheit, ein eigenkapital av «luft» og på toppen spekulasjon med kundane sine innskot. Det seier også bustyrar John Ray III om det han har sett i FTX så langt. Det er ikkje snakk om nokon særleg sofistikert operasjon, men «godt», gammaldags underslag. Dette kjem også godt fram i Jon Kåre Times interessante artikkel om Sam Bankman-Frieds filosofi om effektiv altruisme.

Thomassen har rett i at det har vore lite eller ingen smitte over i vanleg finans så langt. Det er også viktig å merka seg at i motsetnad til finanskrisa er det ikkje nokon stat som går inn og reddar selskap frå konkurs, med skattebetalarane sine pengar. Aktørane bak kollapsane blir også arresterte og sikta, og truleg dømde, også det til skilnad frå finanskrisa.

Beskrivelsen av kryptovaluta bygt på blokkjeder «fylte med tregheit» er feil. I blokkjedeteknologien er det eit velkjent trilemma mellom hovudeigenskapane desentralitet, sikkerheit og kapasitet. Ikkje alle tre kan optimaliserast, og Bitcoin har bevisst ofra kapasitet til fordel for maksimal desentralitet og sikkerheit. I Bitcoin er filosofien at sjølve grunn­muren, blokkjeda og konsensusreglane, må vera så robust som muleg. Så kan raskare betalingsløysingar byggjast på lag utanfor blokkjeda, men likevel med ei forankring i den. I Bitcoin er det utvikla ei løysing for raske betalingar kalla Lightning Network, lyn-nettet, og den har kapasitet til millionar av transaksjonar pr. sekund og er i rivande utvikling.

Det er også heilt feil at FTX’ eigen kryptovaluta FTT vart laga på grunn av tilsikta tregheit i andre valutaer. FTT vart, som nesten alle andre kryptovalutaer, laga for å tena raske pengar på det som heiter seigniorage; altså gevinsten av å laga og selja sin eigen valuta. Det har tradisjonelt vore nasjonalstaten sitt monopol, men Bitcoin opna Pandoras eske slik at private aktørar også kan få del i dette privilegiet. Når kostnaden med å laga ein valuta er tilnærma null, blir gevinstpotensialet enormt. Det er for freistande til å la vera, og difor ser me så mange «pump & dump»-eksempel der småinvestorar blir taparane.

Dei fleste føretrekk sentraliserte og enkle løysingar, skriv Thomassen, og det er nok rett. Men det er også ein veldig nærsynt observasjon. Dei fleste menneska lever ikkje i Norge eller i den vestlege verda med demokratiske styresett. Dei fleste menneska i verda lever faktisk under meir eller mindre autoritære styre og får kjenna på kroppen sensur på det økonomiske området.

Eg vil tilrå Thomassen og andre som ønskjer å utvida horisonten på dette området, å delta på Oslo Freedom Forum 13. og 14. juni neste år. Der får me høyra historier om folk rundt om i verda som ved hjelp av bitcoin får fridom frå overvaking og tyranni.