fredag 19. august 2022

Internet for dummies

Eivind Trædal var igjen ute mot Bitcoin og kryptovaluta, i eit innlegg på dagbladet.no. Sidan eg også vart nemnt i innlegget, skreiv eg dette innlegget og sende til Dagbladet. Dei har ikkje publisert det, men her er det.





Internet for dummies

Eivind Trædal, MDG, slår til alle sider i kampen mot Bitcoin og kryptovaluta. Han får godt svar frå partikollega Jonas Bugtene Boulifa. Det er bra det finst folk i MDG som evnar å heva blikket ut over vår lokale andedam. Trædal nemner at eg har samanlikna blokkjedeteknologien med Internetts betydning. Ei presisering er på sin plass her: eg samanlikna Bitcoin med Internetts betydning, ikkje blokkjede­teknologien generelt. Men samtidig gir Trædal sin kommentar meg mulegheit for å fortelja korleis Internett fekk sitt gjennombrot for meir enn 30 år sidan, mot alle odds..

At Eivind Trædal truleg gjekk i barnehage på den tida den viktige kampen om framtidas globale nettverk stod på, er ikkje unnskyldning for å setja seg inn i den viktige historia. For det som skjedde på slutten av 1980-åra minner mykje om det som no skjer med Bitcoin og kryptovaluta.

På slutten av 1980-talet stod kampen om kva som skulle bli framtidas globale, digitale nettverk mellom Internett på den eine sida, og eit såkalla OSI-basert nett (Open Systems Interconnection) på den andre sida. Viktigare enn dei tekniske skilnadene var styringsmodellen for dei to alternativa. OSI-standarden var dei statlege teleoperatørane sitt alternativ, medan Internett først og fremst vart fronta av akademia.

Alle vestlege land, også Norge, vedtok å satsa på OSI-standarden kontrollert av teleselskapa. Det var utenkjeleg å satsa på ein nettverksstandard som ikkje var kontrollert av styresmakter. Internett vann fram likevel, trass i styresmaktene sine vedtak! Det var fordi utviklingstempoet i det opne, desentrale nettet var mykje raskare enn i det byråkratiske og hierarkiske alternativet.

Kva ville Eivind Trædal stemt på om han var politikar på den tida? Med sine utfall mot Bitcoin og kryptovaluta er det lett å tenkja at han ville ha stemt for teleselskapa sitt alternativ, og mot Internett. Bitcoin er eit desentralisert system styresmaktene ikkje har direkte kontroll over, på same måten som Internett. Men i tillegg er pengar integrerte i systemet, noko som gjer det endå meir utfordrande enn Internett var i si tid. I dag er Internett for lengst akseptert som sjølvsagt av alle. Det same kan skje med Bitcoin og kryptovaluta.