Internet for dummies
Eivind Trædal, MDG,
slår til alle sider i kampen mot Bitcoin og kryptovaluta. Han får godt svar frå
partikollega Jonas Bugtene Boulifa. Det er bra det finst folk i MDG som evnar å
heva blikket ut over vår lokale andedam. Trædal nemner at eg har samanlikna
blokkjedeteknologien med Internetts betydning. Ei presisering er på sin plass
her: eg samanlikna Bitcoin med Internetts betydning, ikkje blokkjedeteknologien
generelt. Men samtidig gir Trædal sin kommentar meg mulegheit for å fortelja
korleis Internett fekk sitt gjennombrot for meir enn 30 år sidan, mot alle
odds..
At Eivind Trædal
truleg gjekk i barnehage på den tida den viktige kampen om framtidas globale
nettverk stod på, er ikkje unnskyldning for å setja seg inn i den viktige
historia. For det som skjedde på slutten av 1980-åra minner mykje om det som no
skjer med Bitcoin og kryptovaluta.
På slutten av
1980-talet stod kampen om kva som skulle bli framtidas globale, digitale
nettverk mellom Internett på den eine sida, og eit såkalla OSI-basert nett
(Open Systems Interconnection) på den andre sida. Viktigare enn dei tekniske
skilnadene var styringsmodellen for dei to alternativa. OSI-standarden var dei
statlege teleoperatørane sitt alternativ, medan Internett først og fremst vart
fronta av akademia.
Alle vestlege land,
også Norge, vedtok å satsa på OSI-standarden kontrollert av teleselskapa. Det
var utenkjeleg å satsa på ein nettverksstandard som ikkje var kontrollert av
styresmakter. Internett vann fram likevel, trass i styresmaktene sine vedtak!
Det var fordi utviklingstempoet i det opne, desentrale nettet var mykje raskare
enn i det byråkratiske og hierarkiske alternativet.
Kva ville Eivind
Trædal stemt på om han var politikar på den tida? Med sine utfall mot Bitcoin
og kryptovaluta er det lett å tenkja at han ville ha stemt for teleselskapa
sitt alternativ, og mot Internett. Bitcoin er eit desentralisert system
styresmaktene ikkje har direkte kontroll over, på same måten som Internett. Men
i tillegg er pengar integrerte i systemet, noko som gjer det endå meir
utfordrande enn Internett var i si tid. I dag er Internett for lengst akseptert
som sjølvsagt av alle. Det same kan skje med Bitcoin og kryptovaluta.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar