onsdag 7. september 2022

Baltic Honeybadger 2022

Baltic Honeybadger endeleg tilbake!
Det har gått tre år sidan forrige Baltic Honeybadger (2019) og det var godt å komma i gang igjen og komma tilbake til Riga. Dette er konferansen for "hardcore" bitcoiners; her handlar det berre om bitcoin. Arrangøren er HodlHodl som driv vekslingsteneste og låneverksemd (HodlHodl Lend). For den som ikkje har fått med seg koplinga mellom Bitcoin og honninggrevlingen, kan denne videoen forklara ;)


Space Monkey viste at noko
spesielt var på gang

Årets konferanse er på ein ny stad, litt meir strigla enn den gamle som var i ein gammal fabrikkhall. Nytt er også at dei køyrer to parallelle sesjonar; ein bitcoin- og ein satoshi-sesjon. Dessverre har sats-sesjonen litt for lite kapasitet og det var til tider overfylt der. I tillegg var det tekniske opplegget dessverre prega av litt for mykje rot. Mange av presentasjonane feila og måtte restartast, med lange ventetider og oppstykka foredrag som resultat. Slikt burde ikkje skje på eit såpass stor arrangement.

Opptak frå konferansen ligg tilgjengeleg på Youtube, delt i dag 1 (3. sept.) og dag 2 (4. sept.).

Oppsummering av BH2022
Det er "den harde kjernen" av bitcoin-tilhengjarar som deltek på Baltic Honeybadger. Det kjennest som å vera del av ein stor familie; alle har den same glødande interessa og alle er interesserte i å diskutera bitcoin-tema. 

Årets konferanse var den første sidan 2019, og som i 2019 er det igjen bjørne-marked (Bear Market). Det la ikkje nokon dempar på konferansen. Tvert om viste konferansen at det skjer veldig mykje spennande. Det rimer godt med tidlegare erfaringar under liknande forhold: når bitcoin-kurs ikkje lenger blir ein distraksjon, blir det jobba best i miljøet.

Sjølv om alle er opptekne av Bitcoin, er ikkje alle einige om alt - det skulle berre mangla! Blant dei meir kontroversielle tema på konferansen var sidekjeder/drivkjeder (sidechains/drivechains), først og fremst fronta av Paul Sztorc, og spørsmål om endring av bitcoin-tilførsel/total bitcoin pengemengde. Det siste er veldig kontroversielt, men kudos til arrangøren for at dei vågar å løfta temaet. Peter Todd var mellom dei som våga å pirka i 21 mill.-tabuet. Han har tidlegare også teke til ordet for ein  inflasjonsjustert tilførselsmodell. Han vart delvis støtta (litt uklart for meg eigentleg) av Eric Voskuil, som la fram matematiske utrekningar av "tail emission". Meir om dette i referatet av Erics innlegg og paneldebatten på slutten av dag to.

Baltic Honeybadger 2022 - dei enkelte innslaga

Hovudkonferansen vart styrt av Stephan Livera, ein kjent podkastar i Bitcoin-miljøet. Han er også tilsett i selskapet Swan Bitcoin.

Giacommo Zucco
Legg merke til Nic Carter-
bildet :-D
Først ute var Giacomo Zucco - eit fast innslag på BH-konferansane. Giaccomo er italienar og snakkar engelsk med sterk italiensk aksent. Det er nesten vorte eit varemerke for han. Han er ein artig kar, men bak humoren skjuler det seg ein ekte Bitcoin-maksimalist. Enkelte har kanskje fått med seg sommarens diskusjon om Bitcoin-maksimalisem, som særleg Nic Carter drog i gang. Giacomo var sjølvsagt involvert i (Twitter-)diskusjonen med Nic og stilte difor med t-skjorte med namnebroren Nick Carter frå boy-bandet Backstreet Boys :-D

Tittelen på presentasjonen hans var "Why Money Laundering Is Beautiful", men for å sleppa inn i Latvia måtte han operera med ein dekktittel ;)

Neste innslag var også ein gjengangar; både på Honeybadger og på Bitcoin-konferansar generelt: Jimmy Song. Det er i det heile mykje resirkulering av foredragshaldarar på slike konferansar. Jimmy hadde eigentleg svært lite å seia - ikkje mykje å referera frå i alle fall. Tittelen på presentasjonen var "Fiat Delenda Est", ein modifisert versjon av "Carthago Delenda Est" som er det kjende uttrykket Cato den eldre alltid avslutta talane i det romerske senatet med. 


Lisa Neigut var vel den første som presenterte litt teknisk innhald. Ho snakka om det lagdelte Bitcoin. Hovudkjeda ("base layer") held orden på status ("state update") og alle må via alt ("tell everybody"). På lag utanfor, og mest aktuelt lag 2 som Lightning Network, er det andre reglar og mål:

  1. Ikkje fortel alle ("Don't tell everybody")
  2. Kven eig kva? ("Who owns what?")
  3. Korleis kjem du deg ut? ("How do you get out?")
Fedimint har fått mykje merksemd i Bitcoin-miljøet den siste tida og det er eit føderert ("federated") lag utanfor hovudkjeda. Det fungerer på eit vis på same måte som Liquid som er ei føderert sidekjede til Bitcoin. Fedimint er grupper av folk som går saman om å kontrollera ei viss mengde bitcoin. Den er tenkt gruppert av sosiale relasjonar som f.eks. familie, venner og andre tette miljø. Det er særleg land i Afrika som er målgruppa for denne utvidinga av Bitcoin.

Paneldebatt: Sidekjeder og L2 (lag 2)
Ordstyrar: Aaron Van Wirdum (kjent frå Bitcoin Magazine)
Adam Back, Blockstream
Paul Sztorc
Lisa Neigut, Blockstream
Obi Nwosu

Problemet med Lightning er "onboarding" - den prosessen skalerer dårleg (Paul). Adam Back minna om at Lightning også er tilgjengeleg på Liquid (sidekjede til Bitcoin). Han streka under at det alltid er snakk om avveging av pluss og minus ("trade-offs"):

- main chain is audible, but has less privacy
- Liquid has better privacy [but a federated security model]
- Fedimint has good privacy, but is not audible

Paul framheva sine eigne forslag BIP 300 og BIP 301. Viss dei blir implementert i Bitcoin-protokollen, kan alle typar altcoins gjenskapast på ei sidekjede til Bitcoin. Bitcoin kan på den måten driva heile kryptouniverset, om ønskjeleg. Det som skjer på sidekjedene har ingen verknad på Bitcoins hovudkjede, så det er ikkje muleg å øydeleggja noko i Bitcoin. Det einaste synlege på Bitcoin-kjeda er to hashverdiar i to blokker; ein verdi for "pegging in" og ein verdi for "pegging out". Paul har implementert ein ZCash-versjon som sidekjede til Bitcoin. Andre aktuelle prosjekt på ei sidekjede er RSK (Rootstock), eit prosjekt for smarte kontraktar på Bitcoin, drive av Sergio Lerno.

Adam Back nemnde Simplicity, eit nytt skriptspråk som muleg erstattar av dagens SCRIPT i Bitcoin. Om det blir teke inn i Bitcoin-protokollen kan det bli den siste soft-fork i Bitcoin fordi nye endringar og tillegg kan skje med smarte kontraktar i Simplicity. Han nemnde som eksempel at Taproot kunne ha vore innført utan soft-fork dersom Simplicity hadde vore ein del av Bitcoin. Ei innføring av Simplicity vil føra til at Bitcoin-protokollen omtrent blir "sett i stein".

RGB er eit anna prosjekt for smarte kontraktar i Bitcoin, og vart presentert i eit eige innslag. Her er ein presentasjon av RGB i Bitcoin Magazine.

Gigi i aksjon - viser tydeleg at BH ikkje er
som andre konferansar :-D
Gigi: Kryptografi er ikkje nok!
Dette var utan tvil den mest spesielle presentasjon på årets konferanse. Gigi er ein kjent type i Bitcoin-miljøet og stilte på ekte Bitcoin-vis forkledd som ein slags Lynvingen. Referat frå presentasjonen er umuleg, forhåpentlegvis blir den tilgjengeleg på nettet etter kvart. Sats-rommet var stappfullt og mange kom ikkje inn. Dette innslaget skulle nok ha vore på hovudscena.



Kva skjer i El Salvador?
Den italienske podkast-verten Riccardo Giorgio Frega ("Rickie") ville undersøkja på eiga hand kva som skjer i El Salvador etter innføringa av Bitcoin som lovleg betalingsmiddel. Og han understreka at han var interessert i heile landet, ikkje berre hovudstaden San Salvador og surfestranda El Zonte ("Bitcoin Beach"). Han bestemde seg difor for å gjera ei rundreise i landet, utstyrt berre med bitcoin, og sjå korleis det gjekk.

Kort fortalt er bildet langt meir samansett enn ivrige bitcoinerar formidlar, og det er ikkje så rart. På overnattingssida aksepterer berre rundt 15 % av hotella bitcoin. For mat er det noko betre fordi mange innbyggjarar har Chivo-lommeboka. Og Chivo har dei lasta ned fordi dei får 30 dollar for å gjera det. Chivo omtalte han elles som "spyware" frå styresmaktene. Etter å ha casha ut 30 dollar har dei fleste gløymt lommeboka, men ikkje sletta den.

Samla sett var det lettare å betala med bitcoin til små aktørar, individuelle seljarar m.m., enn store, kjedebaserte aktørar.

Riccardo var ganske kritisk til måten innføringa av Bitcoin har skjedd på, på ein ovanfrå-og-ned-måte. Difor har det vorte slik at Bukele er Bitcoin og Bitcoin er Bukele. Politiseringa av bitcoin er ikkje av det gode. Det er også slik at for mange i El Salvador heiter det ikkje bitcoin, men chivo.

På den positive sida drog Riccardo fram den første læreboka om Bitcoin for grunnskulen. Den er tilgjengeleg for El Salvador, Guatemala og Costa Rica i første omgang. Men sidan den er på spansk kan sjølvsagt alle spansktalande land.

Anita Posch: Bitcoin for fairness
Anita har verkeleg teke steget opp blant "dei store" i Bitcoin-verda. Som ho sjølv sa: PÅ forrige Honeybadger-konferansen var ho publikum, no var på på talarlista. Det er innsatsen hennar i Afrika som har ført ho dit. Ho gjer ein fantastisk jobb med å læra folk, særleg i Zimbabwe og Sør-Afrika, om Bitcoin. Men som ho seier: ho er ikkje der som ein kvit person som skal fortelja afrikanarar kva dei skal gjera. Ho lærer opp interesserte personar som i sin tur lærer opp andre i nærområda sine. Eit skikkeleg grasrot-initiativ med andre ord.

Anita gjekk gjennom FNs menneskerettsfråsegn og understreka at Bitcoin er viktig for fleire av dei universelle rettane.

Braidpool - desentralisert bitcoin-graving
Kulpreet Singh orienterte om Braidpool; eit prosjekt for å gjera bitcoin-graving meir desentral og gi meir makt til dei enkelte gravarane. I dag er problemet at dei store gravesamanslutningane ("mining pools") har stor makt. Det kan samanliknast med eit investeringsfond, t.d. Blackrock eller Vanguard, som har mange enkeltinvestorar, men der avgjerder blir tekne av dei sentrale personane, enten i administrasjonen eller i styret. Den enkelte investoren har liten eller ingen innflytelse. Det same er tilfelle i dagens graveindustri. I dag er det dei som styrer samanslutninga ("pool-en") som bestemmer kva transaksjonar som skal handterast og ikkje. Her ligg det sjølvsagt ein stor fare for sensurering, enten eigen-sensurering eller pålagt sensurering frå styresmakter.

Stratum v2 er eit anna prosjekt med same målsetjing. Det er drive av Braiins, folka bak Slushpool som var den første gravesamanslutninga i Bitcoin. 

Bitcoin Development Panel
Aaron Van Wirdum (vert)
Peter Todd
Jimmy Song
Lisa Neigut
Martin Habovstiak

Fleire sentrale Bitcoin-utviklarar har slutta, eller gått over til andre ting ("moved to other things", som Satoshi sa). Mest kjende er Peter Wuille, Jonas Schnelli og Vladimir Van der Laan (sjefs-vedlikehaldar/"main Bitcoin Core maintainer"). Er det grunn til bekymring?

Jimmy Song avdramatiserte dette og sa at det ikkje er vanleg å arbeida med same prosjektet i årevis. Peter Todd la til at ein annan grunn kan vera at Bitcoin-protokollen no er så moden og stabil at det ikkje skjer så mykje utvikling ("ossified").

Lisa var einig i det og peikte på den store interessa for utvikling innan Lightning Network og andre tillegg utanfor Bitcoin-protokollen. Det er enklare og raskare å utvikla LN-ting enn Bitcoin Core - treng ikkje konsensus.

Peter Todd hadde jobba i eit oppstartsselskap som leverte programvare til flyindustrien. Han meinte at testregimet i Bitcoin er mykje strengare enn det han kjende frå flyindustrien! Den omfattande testinga som må til for endringar i BC, til og med små endringar, er ganske trøyttande i det lange løpet, og det er forståeleg at det blir utskrifting av folk.


2 kommentarer:

Anonym sa...

Fint oppsummert! Motivet på Giaccomos t-skjorte var forresten Nic Carters navnebror Nick Carter fra Backstreet Boys, se https://no.pinterest.com/pin/508977195389452683/ :-)

Svein Ø sa...

Ah, det gir jo meir meining. Takk for korrigeringa :)