fredag 27. januar 2006

Web 2.0

Web 2.0 er heilt klart eit av dei viktigaste "buzz"-orda for tida. Men er det noko meir enn "hype"?
Tim O'Reilly har skrive ein innsiktsfull artikkel om kva som ligg i begrepet 'Web 2.0'.

Det er altså ikkje ei produktoppgradering som ligg bak namnet, men eit skifte av fokus frå ein måte å tenkja web og web-utvikling på, til ei anna. O'Reilly symboliserer generasjonsskiftet med slike eksempel:

Web 1.0 -> Web 2.0
----------------------------------------
DoubleClick -> Google AdSense
Britannica Online -> Wikipedia
Personlege websider -> Blogg
Sidevisingar -> 'Cost per click'
'Screen scraping' -> Web services
Directories -> Tagging ("folksonomies")

Google og Amazon blir haldne fram som eksempel på den nye bølgja som karakteriserer Web 2.0. Det er framfor alt brukarinvolvering som kjennerteiknar den. Brukarane blir med-utviklarar på tenestene og står for mykje av innhaldet. Hjå Google blir alle søka ein svært verdifull base, ikkje minst utnytta reklamemessig. Hjå Amazon blir brukarmønster utnytta til meir boksal og bokmeldingar blir ein viktig del av omtale og innhald.

AJAX er begrepet som teknisk sett blir kopla til Web 2.0. AJAX er ikkje ein spesiell teknologi, det er ei samling av ulike teknologiar, men med eit felles føremål: brukarane skal ha ei kjensle av direkte tilbakemelding utan unødig venting. Inntasting frå brukarane blir behandla på sparket, utan at det er nødvendig med 'Send', 'Utfør' eller liknande asynkrone opplegg. Sentrale element i AJAX er:

  • standardar som XHTML og CSS
  • dynamisk vising og interaksjon basert på DOM - Document Object Model
  • datahandtering og -manipulering ved XML og XSLT
  • asynkron datafangst ved bruk av XMLHttpRequest
  • JavaScript som bind det heile saman
Også script-språket Ruby blir hyppig nemnt i samband med AJAX og Web 2.0.

Men les Tim O'Reillys artikkel om Web 2.0 og finn ut sjølv...

The World Is Flat (II)

Friedman fortvilar over status på mobildekning og interoperabilitet i USA, særleg etter ein tur til Japan, og bestemmer seg for å stilla som presidentkandidat med følgjande valkamp-progam:

"I promise, if elected, that within four years America will have as good a cell phone coverage as Ghana, and in eight years as good as Japan - provided that the Japanese sign a standstill agreement and won't innovate for eight years so we can catch up."

Håpar ingen norske politikarar får bruk for dette tipset, f.eks. innan breibandutbygging (!).

onsdag 25. januar 2006

The World Is Flat (I)

Spaltist Thomas L. Friedman i The New York Times har skrive boka "The World Is Flat", og den er absolutt verdt å lesa, sjølv om eg har enkelte innvendingar (som eg skal komma tilbake til seinare). Espen Andersen, BI, gjorde meg merksam på boka i sin blogg, og han har ein fyldig (og ganske ukritisk) omtale av boka.

Her skal eg berre gi att eit afrikansk dikt om det evige rotteracet. Friedman påstår at ein amerikansk forretningsmann hengde opp dette diktet - omsett til mandarin - på fabrikken sin i Kina:

Every morning in Africa, a gazelle wakes up
It knows it must run faster than the fastest lion or it will be killed
Every morning a lion wakes up
It knows it must outrun the slowest gazelle or it will starve to death
It doesn't matter whether you are a lion or a gazelle
When the sun comes up, you better start running


fredag 20. januar 2006

Kalendar på nettet

Har fått den årlege innkallinga til tannlegetime og den passa sjølvsagt dårleg. No var eg heldig og trefte den dyktige tannlegen min på telefonen med det same og fekk endra time.

Men tanken som slo meg var at tannlegen, som forresten er veldig hissig på ny teknologi, sjølvsagt burde ha lagt kalendaren sin ut på nettet slik at eg kunne ha endra det sjølv. Han ville spart mange telefonar og ikkje minst daglege forstyrringar (han har ingen assistent og tek alle telefonar sjølv).

Det kan henda det finst tannlegar som har gjort dette, men eg har ikkje sett det til no. Dette gjeld også mange andre yrke, der timebestilling ofte er eit mareritt.

Så i neste veke, når eg sit i stolen - og før eg har fått kjeften full av diverse utstyr, skal eg føreslå det til han. Høyrest forresten ut som eit godt SkatteFunn-prosjekt...

torsdag 19. januar 2006

Ny søkemotor?

IT-avisa "Dagens IT" melder at det europeiske initiativet Quaero tek opp konkurransen med Google. Trur ikkje Google mister nattesøvnen av det. Litt av eit namn; du må truleg søka på Google for å finna fram til søkemotoren :-)

søndag 15. januar 2006

Classic & Sports Car

Alle bilentusiastar bør lesa C≻ og kanskje dei gjer det?
I helga har eg kost meg med eldre årgangar av bladet og særleg sett på testar av sports-ikon for ulike tiår. Den første testen er av 10 bilar frå ein 1904 (!) Mercedes 28/32 til ein 1997-mod. Lotus Elise.

Racing-legende John Surtees står for testinga. Han har ei rekkje WC-titlar frå motorsykkel (50-talet) og seinare mange seierar i ulike billøp. Her er lista over bilar han testa og beste rundetid i testen (årsmodell for aktuell bil i parantes):

1. Mercedes 28/32 (1904) - 39,84
2. Bugatti Type 35B (1929) - 30,45
3. Alfa Romeo 8C 2900 B (1937) - 32,56
4. Mercedes-Benz 300 SL (1956) - 32,08
5. Ferrari 250GT SWB (1961) - 30,03
6. Mini Cooper S (1971) - 30,56
7. Jaguar E-Type 4.2 (1967) - 30,14
8. Porsche 911 2.7RS (1973) - 27,92
9. Lamborghini Miura (1968) - 29,23
10. Lotur Elise (1997) - 27,38

Det er mange overraskingar her. Ikkje minst er det imponerande at den eldste i gamet held så godt følgje. Ein bil frå 1904 som likevel ikkje er meir enn 9 sek. unna 70 år yngre bilar! Har det ikkje vore så veldig utvikling likevel?

Bugatti'en er også imponerande; den er like rask som langt yngre og meir moderne bilar. Men så vog den berre 650 kg og hadde 150 hk frå ein rekke-8'ar. Det var den gongen dei laga Racer-bilar med stor R!

Også Mini'en hevdar seg godt. Den er om lag like kjapp som den 50 (!) gonger dyrare Ferrari'en.

Konklusjonen til grand ol' man Surtees er at den gamle Mercedes'en imponerer mest, alder teke med i vurderinga. Elles er Porsche'n favoritten og den han gjerne ville hatt med seg heim...

fredag 13. januar 2006

Den lange halen

Chris Anderson i Wired lanserte begrepet The Long Tail som viser til ei asymptotisk kurve som fell raskt i starten og så flatar ut i ein lang hale-liknande kurve mot 0-punktet. Anderson skildrar her den typiske brukarskaren på nettet i form av preferansar på ein eller annan nettstad. Andersons poeng er at i motsetnad til den fysiske verda, der det berre er lønnsamt å føra varer med ein viss minimums-omsetnad, må ein tenkja annleis for omsetnad på nettet. Her vil summen av sal i "den lange halen" i mange tilfelle utgjera ein stor del av omsetninga. Ein annan måte å seia dette på er at nettet er som skapt for nisje-produkt.

Sjølv om kurva på ein måte er illustrerande er den også tilslørande i den forstand at det er vanskeleg å oppfatta volumet av den lange halen. Anderson illustrerer difor med hjelp av ein Microsoft-medarbeider den lange halen på følgjande måte, i form av kronestykke:

  • Tenk deg at du har stablar med kronestykke på kontoret ditt. Stablane avtek raskt i størrelse og når du nærmar deg døra er dei reduserte til enkelte kronestykke. Men rekkja med kronestykke snor seg ut døra, bortover korridoren, ned treppene og ut hovuddøra, vidar ut på vegen og så langt bortover som auga kan sjå...
Då får du ein ide av kva verdiar som ligg i den lange halen!

Men i The Long Tail ligg det meir enn berre nisje. Anderson viser at ein stor del av omsetninga til store nett-tenester som Amazon, Rhapsody (musikk) og NetFlix (DVD) finst i den delen av omsetningskurva som ville blitt definert som ulønnsam av vanlege bok- og musikkhandlarar. I mange tilfelle vil denne delen kunne utgjera 20 - 30 % og meir av all omsetning!

Å forstå verknaden av The Long Tail er vesentleg og begrepet er også viktig i Web 2.0-konseptet.

Nettbutikken Demonstenes ligg i Balestrand og leverer radiorøyr (valves) til ulike forsterkarar til kundar over heile verda. Det er eit nisje-produkt som få, og butikken ville ikkje hatt ein sjanse til å overleva utan nettet; sjølv om den låg i Oslo! Den er slik sett ein del av den lange halen.

tirsdag 10. januar 2006

Grådige søkemotorar

Jakob Nielsen har ein interessant artikkel om grådige søkemotorar. Han omtalar dei som nettets blodigler og meiner dei får for stor del av kaka på kostnad av innhaldsprodusentane. Han meiner vidare at det vil resultera i at innhaldsleverandørar i større grad vil prøva å gjera seg uavhengige av søkemotorane, og han nemner fleire tiltak i så måte. Det viktigaste er kanskje å byggja lojale brukarar (evt. kundar).

Problemstillinga minner om diskusjonen for nokre år sidan om infrastruktur-eigarane (Telenor & co.) som stakk av med pengane og let innhaldsleverandørane sitja att tomhendte. Til ein viss grad har denne diskusjonen stilna, dels som følgje av dot com-krakket og dels som følgje av at annonseinntekter igjen har skote fart på nettet. Men for det siste fenomenet gjeld det jo at det er søkemotorane som tek største delen av kaka også der.

Forseinka 50-årshelsing

"Padda ", Citroën DS, fylte 50 år i 2005. Den vart presentert første gong på Paris-salongen i 1955 og var ein sensasjon i ordets rette betydning. Sjeldan, eller kanskje aldri, har nokon bil skapt større overrasking. Bilen var ein revolusjon både sett utanfrå og innanfrå.

Teknisk sett var kanskje den hydrauliske dempinga og nivåstabiliseringa det som var mest revolusjonært. Eit system Citroën har halde på heilt fram til nyleg og nokså åleine. Men no lagar sjølvsagt Citroën også A4-bilar som teknisk sett ikkje skil seg frå ein Mazda eller ein Ford.

I Paris vart 50-årsjubileet feira med eit DS-opptog på rundt 2 000 køyretøy! Som ein deltakar sa: "It was the sheer volume - an overdose of Citroëns!".

Det høyrer også med til historia at politiet nekta opptoget pga. fare for trafikk-kaos. Men ein franskmann var vel ikkje fransk om han ikkje ga blaffen i eit slikt forbod! (hmm - det minner veldig om ein eg kjenner...)

fredag 6. januar 2006

Dessverre - vi er utselde for elektroniske filer!

Etter mykje skryt for iTunes er tida kommen til litt malurt i begeret. Nedlasting av musikk frå nettet er like genialt som det er sjølvsagt. For meg er det spesielt interessant i forhold til speling i Sogndal storband. Veldig kjekt å kunna lasta ned ulike melodiar me spelar.

For tida øver me inn ein Sinatra-konsert og det er difor interessant å høyra på ulike innspelingar. Prøvde å lasta ned ulike versjonar av "Our Love Is Here To Stay", men etter å ha fått på plass Frank sjølv pluss Ella & Louis, måtte eg gi tapt for Harry "Sweets" Edison (glimrande swing-trompetist, spelte lenge med Count Basie storband) og Joe Newman (også glimrande swing/bop-trompetist, spelte også med Count Basie).

iTunes melder om at "The item you tried to buy is no longer available".
Hallo? Enten har de innspelingane eller så har de dei ikkje! På nettet eksisterer ei fil, eller den eksisterer ikkje. Om den er lasta ned 1 milliard gonger, finst den framleis der. Den blir ikkje utseld. Høyrer de, Apple?

Hunter S. Thompson

Apropos plateindustrien, som nemnt i forrige blogg: Det finst eit kjendt sitat av gonzo-journalisten Hunter S. Thompson i så måte:

The music business is a cruel and shallow money trench, a long plastic hallway where thieves and pimps run free, and good men die like dogs. There's also a negative side.
Fleire gode Thompson-sitat kan du finna på BrainyQuote.

Apple - here I come!

Så er også eg vorten Apple-fan! Som ny iTunes-brukar (velkommen etter vil nok mange seia) må eg få skryta litt av Apple. Dei har eit fantastisk grep på design og kjenner brukarane som få. Dei tek tida på pulsen - Zeitgeist.

iTunes er like enkel som den er genial og den viser at brukarane gjerne betalar for varene berre dei blir serverte brukarvennleg nok. Altså gjer dei plateselskapa sine truslar til skamme.

Det er iTunes plateselskapa bør vera redde, ikkje Napster-kopiar og fri nedlasting. CD-en som fysisk distribusjonsmedium for musikk syng heilt klart på siste verset, det er berre selskapa som desperat prøver å vri siste dråpane ut av sitrona. Framtida for musikkdistribusjon er elektronisk.

I same slengen: Også typisk Apple å laga lekker innpakning på program som ofte er temmeleg råtne. Ikkje heilt uproblematisk å registrera seg (måtte gjennom det to ganger av ein merkeleg grunn) og søkefunksjonen i iTunes er direkte latterleg (kor er søkeknappen??).

Men når det funkar, er det til gjengjeld veldig bra.