onsdag 30. januar 2008

Altinn - igjen!

Eg har omtalt Altinn tidlegare, og vore kritisk til brukargrensesnittet. Eg er ikkje ofte inne på Altinn, 2-3 gonger i året, men eg tippar det er relativt mange som meg, og då må brukargrensesnittet støtta denne type sjeldne gjester.

Altinn ser ut til å meina at "for mykje av det gode er heilt topp" og tilbyr meg difor 6 ulike måtar å logga inn på. Men for mange val blir berre forvirrande for brukaren. Altinn har heilt klart noko å læra av "kuttisme" og kan starta med å sjå på Google - det enklaste er ofte det beste.

Sjølvsagt vel eg feil og prøver det eg meiner er det enklaste. Altinn har ikkje høyrt om ordet "romsleg" eller "få ein sjanse eller to til". Nei, her er det enten rett første gang eller så er det ein time i skammekroken! Det gir meg i alle fall tid til å skriva denne bloggen og få ut litt frustrasjon!

Ein annan ting eg oppdagar er at Altinn er svært hjelpsam med å fortelja meg om fødselsnr. er rett eller ikkje. Det ser ikkje ut som dei har teke lærdom av skandalen for ei kort tid sidan der ein unggut laga årets mash-up ved å kombinera nettopp ei slik teneste med Tele2 sine manglar og fekk ut store mengder private data.

Eg spør meg: Kor mange hundre millionar kroner skal det til for å laga eit godt brukargrensesnitt? Altinn har brukt mange år og mange hundre millionar og eg forventar meir enn dette.

mandag 28. januar 2008

Handlevogn til besvær

Kommunikasjonen vår er full av metaforar - få har vel beskrive det betre enn George Lakoff i "Metaphores we live by" (skriven saman med Mark Johnson). Også nettet og nettbruken er full av metaforar. Ein vanleg metafor for handling på nettet er handlevogna og simulering av handlinga i ein butikk. Vi legg varene i handlevogna og går mot kassen for å betala når vi er ferdige.

Dessverre er det litt for mange som brukar metaforar som eigentleg ikkje passar. Mange forskingsinstitusjonar brukar handlevogna som metafor for å "kjøpa" rapportar, når det enklaste er å lasta ned eller i tilfelle brukaren insisterer på fysisk medium: eit enkelt bestillingsskjema eller epost.

Sosial- og helsedirektoratet har også handlevogna og "butikkhandel" som metafor for distribusjon av publikasjonar. Eg prøvde å bestilla publikasjonen "Tilgjengelige nettsteder 3:3 - Anskaffelse og kvalitetskriterier" for eg ville gjerne ha det fysiske heftet. Men uansett kva eg prøvde, skjedde det ingen ting med handlevogna. Den verka å vera limt fast og nekta å ta meg til kassen eller på annan måte la meg fullføra bestillinga. I slike tilfelle blir det for dumt å bruka ein slik metafor - det enklaste er ofte det beste: send bestillinga med epost eller via eit enkelt bestillingsskjema.

søndag 27. januar 2008

Overvaking

Det nye datadirektivet frå EU opnar for at informasjon om telefon- og nett-/epostbruk kan lagrast i inntil 2 år. Minstekravet er lagring i 6 mnd. Etter nettopp å ha lese "1984 - Store bror ser deg" av George Orwell er det ikkje fritt for at eg frys på ryggen av denne utviklinga.

Betre blir eg ikkje av å lesa Kripos si haldning til saka. Dei vil lagra data i minst 1 år, helst 2. Rune Fløisbonn i Kripos utviser logikk av høg klasse når han i motsvar til Georg Apenes i Datatilsynet seier at "Personvernet vil bli styrket fordi slike opplysninger brukes stadig oftere og er avgjørende for å bevise både skyld og uskyld". Skrekk og gru! Likevel går politiet inn for 1 års lagring og ikkje 2. Men viss dei skal følgja sin eigen logikk må det bli dobbelt så bra personvern med 2 års lagring som med eitt!

Fløisbonn sin uttale er ganske typisk for ivrige tilhengjarar av meir overvaking: Dei som ikkje har noko å skjula har heller ikkje noko å frykta. Georg Apenes karakteriserer dette med reine ord: "Totalitært svermeri".

Eg ønskjer meg ei styrking av Datatilsynet, minst ei dobling av ressursane, og at dei får ein viktigare rolle i samfunnet. Og eg er veldig spent på kven som blir den neste direktøren for tilsynet; eg har tidlegare sagt at Kristin Clemet ville vera ein bra kandidat og eg kan gjerne gjenta det. Elles reknar eg med at dette innlegget vil bli lagra i minst to år...

torsdag 24. januar 2008

Døgnopen forvaltning?








Norges forskingsråd har aldri skjønt vitsen med døgnopen forvaltning - det er i grunnen litt oppskrytt. Tidlegare har dei hatt innleveringsfrist kl. 18.00 på søknader, no ryddar dei opp i den uheldige utglidinga og annonserer innleveringsfrist kl. 12.00 midt på dagen. Slik skal det vera!

Opne nett-tenester døgnet rundt er i grunnen noko stort tull. No ventar me berre på at nettbankane følgjer etter og innfører opningstider frå 08.00 - 16.00.

fredag 18. januar 2008

Ein god URI endrar seg ikkje

Jon Udell tek opp namngjeving av URI-ar i sitt siste blogginnlegg. Endring av URI-ar er eit av dei største problema på web'en og leverandørar av web-serverar og publiseringssystem må ta sin del av skulda. Jon Udell jobbar for Microsoft som internett-evangelist (evangelist er ein populær jobbtittel i store amerikanske konsern), men pga. si frie rolle kan han også kritisera arbeidsgjevaren, noko han gjer i dette innlegget.

Eg stifta først kjennskap med Jon Udell i legendariske BYTE tidsskrift. Rundt 15 års lesing av BYTE og PC Magazine har vore ein viktig del av utviklinga av IT-kunnskap for min del. Dessverre gjekk papirutgåva av BYTE inn rett etter tusenårsskiftet, etter mi meining ei feilsatsing frå forlaget. Ein elektronisk versjon kan ikkje erstatta eit slikt produkt, eg trur fleire og fleire vil oppdaga det etter kvart som dei legg ned produksjon av fysisk medium ("IT-avisen" er eit av dei siste eksempl).

Jon Udell var ein av mange gode spaltistar i BYTE. Han kan trygt karakteriserast som nerd, men ein type nerd som har eit uvanleg godt utvikla sidesyn og har visjonar om nett-utviklinga generelt. Nerd er her sjølvsagt brukt i positiv forstand: han nøyer seg ikkje med å skriva om tekniske utfordringar, han etterprøver dei alltid kodemessig. Etter BYTE gjekk han til InfoWorld og derifrå til Microsoft for vel eit år sidan.

torsdag 17. januar 2008

MySQL kjøpt opp av Sun

Sun Microsystems har annonsert oppkjøp av den svenske, opne relasjonsdatabasen MySQL. MySQL har hatt stor suksess som viktig komponent i web-rammeverket basert på friprogramvare. LAMP - Linux, Apache, MySQL og PhP - er samlebegrepet på dette rammeverket.

Tim O'Reilly sit i styret for MySQL og helsar oppkjøpet velkomme. Han peiker på at det passar godt inn i Sun sin nye strategi som det leiande miljøet på fri programvare blant dei store IT-aktørane.

Suns oppkjøp må sjåast på som eit godt eksempel på ei veldig viktig utvikling: fri programvare er i ferd med å bli "stoverein" i dei fleste miljøa og er den viktigaste drivkrafta i programvaresektoren for tida.

lørdag 12. januar 2008

Freebase = semantic web + Wikipedia

Freebase er eit interessant forsøk på å skapa semantisk web for folk flest. Når to såpass respekterte skribentar som Jon Udell og Tim O'Reilly snakkar varmt om produktet, er det verdt å ta ein nærmare titt.

Freebase hentar informasjon frå Wikipedia og utstyrer den med struktur. Men i tillegg opnar dei opp for brukarane til å leggja til eigen informasjon og struktur - det er det som er det mest interessante. Ideen er god og det er mange slike initiativ for tida; eit nærliggjande eksempel er DBpedia. Det er semantic web med "liten s" - kanskje ein reaksjon på den litt kompliserte RDF/OWL-standarden. På ei anna side er det også grunn til å sjå på dette som semantiske strukturar som kanskje kan koplast til andre semantiske web-kjelder.

Etter å ha sett litt på systemet må eg seia at det minner veldig om emnekart (Topic Maps). Topics er det sentrale i Freebase og emna er av ein type. Så langt heilt parallelt til emnekart. Typane har eigenskapar (properties) som også emna (instansar av typar) arvar. Assosiasjonar mellom emne (topics) blir handtert av eigenskapane til emna. Spørjespråket heiter MQL - MetaWare Query Language.

Det verkar altså veldig likt emnekart, men det er også ein del skilnader. Eit emne kan vera av fleire typar (!) - eit eksempel her er George W Bush som både er av typen 'Person' og typen 'President'. I emnekartforstand verkar det her som dei sausar saman rollar og typar. Dei sentrale begrepa i Freebase er:
  • Topic: Eit kva som helst slags emne
  • Type: Gruppering av emne (merk at eit emne kan tilhøyra fleire typar)
  • Property: Emna har eigenskapar (arva frå typen/typane). Eigenskapane uttrykkjer både verdiar og relasjonar.
  • Schema: Settet med eigenskapar til ein type
  • Domain: Gruppering av typar med eit visst slektskap (eksempelvis musikk)
Ut frå dette lurer eg litt på gjenbruk av t.d. måten relasjonar blir handtert på. Det verkar heller ikkje veldig klartenkt at eit emne kan ha fleire typar, og grupperinga av typar i domene ser også noko uklar ut.

I tillegg til dette sit eg att med eit stort spørsmål (og ei stor utfordring): Kvifor ikkje bruka Topic Maps som grunnlag for Freebase? Og kvifor ikkje laga ei tilsvarande/liknande teneste basert på emnekart, men der det blir opna opp for at brukarane kan leggja til emne og typar sjølve?

fredag 11. januar 2008

DVD - Dett var dett

Det var Andreas Wiese i Dagbladet som hadde denne overskrifta onsdag. Nyheita om Warner Bros. overgang til Blu-ray (Blu-ray Disk - BD) har fått mange til å seia at kampen om den nye DVD-standarden er over. Sony står att som vinnar, og på mange måtar blir det revansje etter at dei tapte videostandarden for eit par tiår sidan.

Elkjøp dumpar no ut HD-DVD-spelarar til under 2 000, vel vitande om at det er potensielle tapsbomber dei sit på.

Eg synest likevel det er eit meir interessant spørsmål kva me skal med dei nye avspelarane. Tida er overmoden for å la bits flyta fritt på nettet og ikkje pressast inn på plater. I eit slikt lys er kampen mellom HD-DVD og Blu-ray merkeleg - eigentleg er det ein kamp mellom dinosaurar. Eller det burde vera det.

søndag 6. januar 2008

1984 - Store bror ser deg

Få bøker om framtida har fått større merksemd enn George Orwells 1984. George Orwell var pseudonymet for Eric Arthur Blair, fødd i India (!) i 1903 og død i 1950 i London. Boka 1984 vart skriven i 1948 og er ei novelle om eit dystopisk framtidssamfunn basert på ekstrem overvaking og kontroll.

Først trudde eg at det var ein skrivefeil i tittelen - ar Store bror skulle ha vore storebror. Det er jo slik det blir uttalt og Store bror ser deg har gått inn i daglegtalen som uttrykk for stadig meir (elektronisk) overvaking. Men det er altså Store bror.

Orwell var sosialist av overtyding, men såg at den sosialismen som vart forma i Sovjetunionen ikkje vart det samfunnet han trudde på, men tvert om eit sentralistisk terror-regime der alt individuelt var knust. Orwell var oppteken av individet og individuell fridom - kombinert med sosialistiske strukturar.

I 1984 blir individa knuste og kontrollen trengjer heilt inn til tankane. Tankepolitiet har som oppgåve å ta seg av dei som tenkjer feil - og dei blir ikkje berre torturerte og henretta, men "kurerte" på ein slik måte at minnet deira blir utsletta og tankane "korrigerte". Dette er som psykisk lobotomering.

Store bror ser deg har vorte ståande som sjølve begrepet på overvakingssamfunnet. I novella er fjernskjermane og tankepolitiet manifestasjonen av overvakinga. Fjernskjermane er tovegs fjernsysapparat monterte over alt der det kan tenkjast å vera fare for tankeforbrytelse. Skjermane er då sjølvsagt også monterte i private heimar. Dei som argumenterer for "den som ikkje har noko å skjula, har ingen ting å vera redd for" bør i alle fall lesa denne boka...

Nytale og dobbelttenking er sentrale begrep i boka og det samfunnet som blir skildra. Nytalen har til føremål å utvikla eit språk som er fritt for uønska ord slik at det til slutt ikkje skal bli muleg å tenkja dei gale tankane. Dobbelttenking er den tilnærminga til realitetane som blir kravd av innbyggjarane. Dei må godta at 2 + 2 = 5 på ein slik måte at dei både veit at det er feil, men likevel er overtydde om at det er rett. Det er absurd, men dessverre skremmande aktuelt når vi ser på dei mange feiltrinna som er gjorde opp gjennom historien.

Nytalen fører til at Fredsministeriet er namnet på krigsdepartementet, Kjærleiksdepartementet namnet på overvaking og tortur-apparatet og Overflodsministeriet er ansvarleg for rasjonering osv. Nytale er også eit begrep som har gått inn i daglegtalen og vi ser dessverre mange eksempel på formuleringar som har stort slektskap med nytale.

I 1984 hentar nok Orwell mest inspirasjon frå utviklinga i Sovjetunionen og Stalin er nokså tydeleg modell for Store bror. Men boka rettar kritikk mot alle typar totalitære regime og styresett som øver vald mot individa, og nazismen er då også eit like aktuelt eksempel på totalitær tenking.

Det er ei skremmande bok og ei sterk oppleving å lesa, og den er dessverre stadig vekk viktig.

fredag 4. januar 2008

2007 oppsummert

Det er tid for å gjera opp rekneskap, også for bloggaktiviteten. Statistikken viser 102 innlegg, altså eit snitt på to i veka. Det er bra, eg har hatt som mål å skriva minst eitt innlegg i veka.

Men aktualitet og kvalitet er viktigare enn kvantitet. Innlegget om elektronisk postjournal-prosjektet i staten skapte mest debatt med 10 kommentarar (inkl. mine svar). Sikkert mykje pga. sterke meiningar, men det er eit prosjekt som eg er svært skeptisk til og som eg sikkert vil komma tilbake til.

Google Analytics meiner eg har rundt 30 besøk for dagen (590 siste månad), men samanlikning av Google sin statistikk med andre verktøy viser at GA er veldig nøkterne i sine tal (skal ta opp dette i eigen omtale). I tillegg kjem rss-brukarar, reknar med at dei ikkje blir fanga opp av GA (?). Google meiner vidare at halvparten av brukarane kjem via lenker på andre nettstader og vel ein tredjedel via søkemotor.

Interessant nok kjem bloggen høgt på trefflista for følgjande søk, i følgje Googles Webmaster Toolkit:
  • 'Forbrytelsen' (10. plass av 40 600 treff)
  • 'Ordbok på nett' (10. plass)
  • 'auto motor und sport' (16. plass av 1 240 000 treff!)
Størst gjennomstrøyming ("click-through") hadde søka 'da Nietzsche gråt' og 'fiat 500'.

Alt i alt vil eg seia meg bra fornøyd med bloggåret 2007.