fredag 11. januar 2008

DVD - Dett var dett

Det var Andreas Wiese i Dagbladet som hadde denne overskrifta onsdag. Nyheita om Warner Bros. overgang til Blu-ray (Blu-ray Disk - BD) har fått mange til å seia at kampen om den nye DVD-standarden er over. Sony står att som vinnar, og på mange måtar blir det revansje etter at dei tapte videostandarden for eit par tiår sidan.

Elkjøp dumpar no ut HD-DVD-spelarar til under 2 000, vel vitande om at det er potensielle tapsbomber dei sit på.

Eg synest likevel det er eit meir interessant spørsmål kva me skal med dei nye avspelarane. Tida er overmoden for å la bits flyta fritt på nettet og ikkje pressast inn på plater. I eit slikt lys er kampen mellom HD-DVD og Blu-ray merkeleg - eigentleg er det ein kamp mellom dinosaurar. Eller det burde vera det.

2 kommentarer:

Paal Fosdal sa...

Her er vi på veg inn i ei liknande utvikling som det ein ser innanfor formidling av musikk. Ein etablert bransje tviheld på gamal teknologi og forsøker å definere denne på nytt. Ordskiftet rundt kva som er rett format var kanhende interessant på 80 tallet då valet sto mellom Betamax og VHS. Idag har den avgrensa meining. Før Blu-Ray får etablert seg som standard, dvs at også brukarane aksepterer den som standard gjennom investering i ny boks, så er video over nett og digital-tv blitt einerådande. Min DVD skal i allefall få bli i stova ein stund til.

Svein Ø sa...

Eg håpar du har rett. Eg har venta på VoD (Video on Demand) i mange år no.

Kvar gong eg er inne på Narvesen og låner ein DVD bannar eg stilt inni meg - både fordi det er steinalder og fordi sjølve plata er full av striper og hakk og garantert kjem til å stoppa.