tirsdag 12. juni 2012

ECIS 2012, Barcelona, dag 2

Henry Chesbrough, Univ. of California (Berkeley) og ESADE Business School
Services Science - an update

Chesbroughs Service Science - A Manifesto er eit av hovudverka på området og ein mykje sitert artikkel.
Tenester overtek meir og meir av omsetning og inntekter for selskap, eks.vis IBM der teneste-området no er mykje større enn både programvare og system til saman.

Skal me få tak på 'tenester' må me gi slepp på vårt eige, litt snevre, domene og prøva å sjå heilskapen.
"Service science is the transdisciplinary study of service systems & value-cocreation".

Service Science
Ideen om ein ny vitskapleg retning kalla teneste-vitskap (service science) starta med ein telefonsamtale i 2004 mellom Jim Spohrer, IBM Research Service Research department, og prof. Henry Chesbrough, Univ. of California, Berkeley. Den resulterte etter kvart i den ovannemnde kjende artikkelen.

T-shape
T-shaped professionals: Både breidde og djupn; me må sjå vidare enn den eine pillaren (i 'T'-en) me er ekspertar på for å få eit godt resultat. Ein PhD er typisk nok stolpen i 'T'-en. Den er nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg.

Mobil-utviklinga
Motorola laga Razr som vart ein kjempesuksess pga. ny, slank design. Men dei andre mobil-selskapa kom fort etter, og oppfølgjaren frå Motorola, Krazr (?!), vart ingen suksess. Motorola vart forbikøyrt av m.a. Nokia, vart global leiar. Men Nokia fekk også problem..

Kortversjonen er at tenester er ein viktig del av svaret og løysinga. Selskapa må tenkja tenester, sjølv om det er maskinvare dei lagar. Dei må skapa tenester rundt produkta.

Kva er eit teneste?
"A service is a change in the condition of a person, or a good belonging to some economic entity, brought about as the result of the activity of some other economic entity, with the approval of the first person or economic entity." (Hill, 1977)

Porter's Value Chain
Porter's verdikjede: Tenester er heilt i enden, og litt vekkgøymt, i kjeda. Viss ein tenkjer på tenester på denne (gammaldagse) måten, får ein problem.

Tenester er ikkje konkrete (intangible) og difor blir det vanskeleg for kundane å uttrykkja kva dei ønskjer, utan at dei er deltakarar i prosessen med utforming av tenesta.

Kva slags forsking trengst?
Fire I-ar:
- Infrastruktur
- Individ (skills)
- Institusjonar (rules, jobs)
- Informasjon

Horizon 2020: Multidisciplinary Grand Challenges
- Aging
- Climate Change
- Food Security
- Energy
- Information

I alt er det føreslått eit budsjett for det nye FoU-programmet på € 80 mrd. over 7 år, men det endelege resultatet veit me ikkje. Det interessante er i alle fall at multidisiplinær forsking blir prioritert (fleirfagleg i motsetnad til tverrfagleg?).


Spørsmål til Chesbrough:
Sidan me ikkje nådde fram med artikkelen, men berre fekk aksept for poster, måtte eg sørgja for å marknadsføra oss gjennom spørsmål. Spørsmålet mitt til Chesbrough var e-Service og problemet med definisjon, særleg innan e-forvaltning. Eg hevda at alt blir kalla e-service og at det tømmer konseptet for innhald og at vi kjem til å få store problem med interoperabilitet pga det.

Chesbrough starta svaret med å samanlikna eGovernment med eCommerce og han meinte e-Services/e-Government eigentleg stamma frå e-Commerce. Han meinte vidare at det sentrale ved e-services (og services for så vidt) er meirverdien det skaper for mottakaren (innbyggjaren). Interoperabilitets-delen av spørsmålet mitt fekk han til å gå over på format-problem og slik sett kom han litt utanfor det eigentlege spørsmålet. Men presiseringa av meirverdi er nyttig i arbeidet vårt med å få eit meir presist vokabular for e-tenester. Ein effekt av den tenkinga er jo at aktivitetar som skatterapportering o.l. (via Altinn) vil falla utanfor teneste-begrepet fordi det knapt kan seiast å skapa meirverdi for brukaren/innbyggjaren. Om tenestebegrepet i det heile skal brukast her, noko det nok ikkje skal, må det vera INNBYGGJAREn som yter ei teneste til FORVALTNINGA - altså det stikk motsette av det som i dag er retorikken.

Arild og eg diskuterte dette vidare med prof. Gøran Goldkuhl, Univ. i Linkøping, som er heilt på linje med oss  i vurderingane av e-tenester og det problematiske språket. Me har jo også brukt hans arbeid som ein viktig del av fundamentet for artikkelen. Han peikte også på anna arbeid han har gjort som kan vera nyttig for det vidare vårt med denne artikkelen.

Peter Corbett, iStrategyLabs: Hacking Open Data

Peter Corbett er kjend for arbeidet med Apps for Democracy saman med tidlegare CIO i Obama-regjeringa, Vivek Kundra i den tida han var ansvarleg for IT i Washington DC, og Apps for the Army-programmet for US Army. Han har starta firmaet iStrategyLabs der han er dagleg leiar.

Tre år etter at arbeidet med Apps for Democracy starta, har meir enn 40 land og byar teke etter modellen og lansert eigne program. Corbett utarbeidde også konseptet "Apps for Army" for US Army. Det vart ein stor suksess, men endå viktigare er det at programmet blir vidareført av det militæret på eiga hand og dei har no gjennomført "Apps for Army 4".  Langsiktigheit (sustainability) er viktig for å lykkast slik at det ikkje berre blir eit eingongs-stunt.

Code for America er ein slags digital kode-dugnad for å løysa ein del problem det offentlege ikkje kan gjera sjølve, fordi det ikkje er prioritert av ulike grunnar. Eit Code for Europe-program er under etablering. CodeforAmerica er støtta av fleire av dei store namna i web-verda, som Tim O'Reilly, Mark Zuckerberg, Biz Stone (Twitter) og Catherina Fake (Flickr).

Civic Commons er endå eit initiativ i same retning ("a marketplace for open innovation in government"). Eit liknande initiativ er også under utvikling i Europa/EU.

Spørsmål: Korleis oppnå langsiktig effekt (sustainability)?Svar: Code for America er eit initiativ for å få ein meir langsiktig verknad. Eit anna moment er at off. myndigheiter, t.d. kommunar, opnar saksbehandlar-systema sine og tillet direkte meldingar frå brukarane (bilete av hol i vegen, gatelys som ikkje verkar osv.).

Spørsmål: Korleis oppnå utveksling på tvers?
Svar: Lite kontroll på dette, det beste svaret er at ein bør basera seg på dei formata og den strukturen dei offisielle datakatalogane er bygde på.

Spørsmål: Kva med det politiske elementet i dette?
Svar: Apps for Democracy var eit iStrategyLabs-initiativ, ikkje eit Washington DC-initiativ; viktig distinksjon. Elles har haldning vore meir "let's just do it", applikasjonane som er utvikla viser ikkje noko særleg anna enn det du kan lesa i avisene kvar dag, berre på ein litt annan måte (t.d kriminalitet knytt til kart).

Peter Corbett understreker til fulle den amerikanske haldninga til open data med "just do it". Det spelar ingen rolle kva format eller korleis du gjer det, berre få data ut. Det er stor vekt på privat entreprenørskap, som rimeleg er på dette kontinentet. Eg må innrømma at det har ein viss sjarm, og så må ein bera over med at alt ikkje er like gjennomtenkt og at motførestillingar er lite velkomne. Det er ikkje akkurat klima for kritisk haldning her..

Ingen kommentarer: