torsdag 21. desember 2006

Statoil + Hydro = dessverre sant

Denne bloggen skal først og fremst handla om it-saker, men av og til gjer eg eit unnatak. Det undrar meg at samanslåinga av Hydro sin olje- og gassdivisjon med Statoil blir møtt med nesten unisone heia-rop. For er dette særleg lurt, sett frå Ola og Kari si side?

Det er ein undarleg logikk som blir brukt som grunngjeving for samanslåinga: Vi må bli større for å kunna konkurrera om oppdrag internasjonalt. Ja, det høyrest jo heilt tilforlateleg ut. Men sidan dette er statleg kontrollerte selskap, bør heller spørsmålet vera: Er det ei offentleg oppgåve å utvinna olje i trøblete statar som Algeri, Angola, Aserbadsjan, Nigeria og Iran? Sjølve verstinglista av korrupte regime? Eg meiner svaret heilt klart er Nei.

Dersom spørsmålet hadde vorte formulert litt annleis, ville kanskje svaret vore meir opplagt. Tenk deg at politikarane fekk følgjande forslag på bordet: Norge må ta 500 mrd av oljeformuen og oppretta eit gigantisk selskap som skal ut i verda og slåst om olje- og gassoppdrag. Det forslaget ville naturlegvis ikkje hatt ein sjanse. Kvifor skal vi så spela lotto med mine og dine pengar? Er dette ei nasjonal oppgåve? Private aktørar må for all del prøva seg internasjonalt på dette område, men ikkje staten!

Det finst fleire andre argument mot også. Dersom staten først skal satsa enorme summar på ein bransje, ville det vore best om det var ein bransje med framtida for seg. Olje- og gassutvinning er ein solnedgangs-industri. Fornybar energi ville vore eit mykje betre prosjekt å satsa pengar på. Eit siste argument er at eit nytt gigantkonsern som dette faktisk er for stort for vesle Norge. Selskapet er verdt like mykje som eit norsk statsbudsjett. Politikarar som drøymer om å kontrollera ein slik gigant kan berre gløyma det - det blir halen som lograr med hunden.

Ingen kommentarer: