lørdag 1. desember 2007

Schopenhauer-kuren

Det 200. innlegget på bloggen skulle helst ha vore ei lita markering med statistikk osv., men det får venta. Har akkurat lese ferdig Schopenhauer-kuren av Irvin D. Yalom og har lyst til å formidla inntrykk frå den.

Irvin D. Yalom er psykiater som er kanskje er meir kjend som forfattar, både av fakta og fiksjon. Han er prof. emeritus i psykiatri ved Stanford Univ. og kjend psykoterapist.

I Schopenhauer-kuren er som namnet antyder, Arthur Schopenhauer sentral. Han var ein kjend tysk filosof (1788-1860) som mellom anna sette seg føre å korrigera Kant på vesentlege punkt og som øvde stor innflytelse på seinare filosofar og vitskapsfolk; særleg Friedrich Nietzsche, men også vitskapsmenn som Sigmund Freud.

Yalom har massevis av erfaring som terapeut og brukar den til å formidla kloke råd og stilla fornuftige og kritiske spørsmål til det han sjølv og fagfellene driv med. Han kvir seg ikkje for å stilla nokså fundamentale spørsmål om terapi og terapeut-rollen og han vågar også å skriva om tabu-område som t.d. sex i møtet mellom terapeut og klient. Sex er i det heile ein viktig del av problemstillingane han drøftar i mange av bøkene sine, men om du er ute etter "mjukporno" eller liknande er dette feil mann..

I Schopenhauer er hovudpersonen (nok ein gong) den eldre terapeuten som har fått konstatert ein vondarta svulst og har kort tid att å leva. Han tenkjer gjennom livet sitt og på alle pasientane han har hatt og får lyst til å finna ut om han faktisk har gjort nokon skilnad - om han har hjelpt nokon i det heile. Han stansar ved ein av klientane som han hadde store problem med å hjelpa, han må faktisk erkjenna at han ikkje klarte å hjelpa han trass i tre års terapi.

Han kontaktar den tidlegare klienten, som tilsynelatande klarte å kurera problemet sitt (unormal høg sex-drift). Kuren var Schopenhauer, derav namnet på boka. Dei to inngår så ein avtale/veddemål med gjensidige motivasjonar og resten av boka dreier seg om vekselvis gruppeterapi der dei to har sentrale roller, og glimt frå Schopenhauer sitt liv.

I mange av bøkene til Yalom går terapeuten med på ei utfordring, eit veddemål eller ein annan slags avtale. Det er ofte spenningsdelen av boka og det som driv forteljinga framover. Yalom får heile tida brukt erfaringane sine frå terapien på same tid som han er ein glitrande forteljar. Det gjer at bøkene både er lettlesne og interessante. Av norske forfattarar er det kanskje Finn Skårderud (også psykiater) som kjem nærmast og han har også ofte nemnt Yalom som eit førebilete.

Til slutt nokre sitat/aforismer frå Schopenhauer - ein grunnleggjande pessimist, misantrop og ateist. Han var faktisk ein av dei få filosofane som ope stod fram som ateist og det kunne han gjera fordi han aldri var avhengig av ei lærestilling; han levde på farsarven til siste slutt.

Livet er noen elendige greier. Jeg har bestemt meg for å tilbringe livet med å tenke på det.

Talent er som en skarpskytter som treffer et mål andre ikke klarer å treffe. Genialitet er som en skarpskytter som treffer et mål andre ikke klarer å se.

Religionen har alt på sin side : åpenbaring, profetier, statlig beskyttelse, den høyeste rang og verdighet (...) og hva mer er, det uvurderlige fortrinnet ved å få lov til å presse sine doktriner inn i sinnet i den tidligste barndommen, slik at de blir nesten medfødte tanker.

Ingen kommentarer: