fredag 23. februar 2007

Jakob i hardt ver

Peter Merholz, president i firmaet Adaptive Path, gir Jakob Nielsen det glatte laget i ein bloggpost nyleg (via Netlifes IAllEnkelhet). Han skuldar Jakob for å ha forlate fagområdet han har kompetanse på, usability m.m., og gitt seg inn på område han absolutt ikkje har peiling på, som t.d. økonomi. (biletet er henta frå PMs blogg som har tittelen Jakob jumps the shark - klikk på tittelen for å få ei forklaring på uttrykket)

Eg er einig i PM sin kritikk av JN. På same tida som eg alltid har hatt stor sans for Jakob Nielsen og hans grunnsyn på web og brukarvennlegheit (usability), har eg fått større og større problem med den enorme trangen til kvantifisering han har fått. For alle undersøkingar eller påstandar, endar han opp med eit eller anna prosenttal for å kunna dokumentera med 'hard facts' det som elles har mest med kvalitative påstandar å gjera. Det blir feil, og eg veit ikkje om grunnen er eit ønskje om å få større respekt for fagområdet, eller om det er noko genuint amerikansk over dette. Sannsynlegvis er det ein kombinasjon.

Som Peter Merholz heilt rett påpeiker, blir det direkte latterleg når JN i eit nyheitsbrev nyleg påstår at ei offentleg verksemd ville få ein gevinst (ROI - Return On Investment) på 22 000 % ved å retta opp ein del grunnleggjande usability-problem. Det blir berre for dumt, og det gjer at JNs rykte og anerkjenning nok vil få ei dalande kurve framover (den har nok alt starta). Derav referansen til uttrykket jumping the shark.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det byr meg sterkt imot å bli ståande som forsvarar for JN, men eg held det ikkje urimeleg at Cyprus Villas and Appartments for Rent ville kunne auke ROI med 22 000% ved å følgje litt fleire av råda til Nielsen.

Svein Ø sa...

Er det via Web Pages That Sucks du har funne denne? Det er noko av det mest horrible eg har sett på denne sida av 2000!