lørdag 1. juni 2013

Elbil-landet Norge

El-bilar på rekkje og rad i Oslo. Fremst ein Nissan Leaf
Ein stille revolusjon er i ferd med å skje: el-bilen blir meir og meir synleg i Norge, og særleg i Oslo. El-bilen Nissan Leaf er i ferd med å bli ein stor suksess for Nissan, og har klatra frå 9. plass i januar (265 stk.) til 5. plass i april (455 stk.). I alt er det selt 1304 Nissan Leaf så langt i år, dei fleste truleg i Oslo. Totalt er det selt 1508 el-bilar til og med april månad. Nissan Leaf har altså ein marknadsdel av el-bilar på 86 %! I følgje e24.no er meir enn 40 % av den samla Nissan Leaf-produksjonen seld i Norge.

auto motor und sport
Det tyske bilbladet auto motor und sport via nyleg el-bilutviklinga i Norge eit stort oppslag. Dei reiste til Oslo for å prøva å finna ut kvifor Norge, og Oslo, er i særstilling i Europa når det gjeld tal el-bilar. Det dei fann, bør jo vera kjendt for oss, men er likevel nyttig repetisjon og forklarer ein god del av utviklinga me ser:
  • avgiftsfritak for el-bilar
  • gratis parkering mange stader
  • ladestasjonar i samband med parkering
  • kan køyra i kollektivfeltet
  • gratis bompengepassering
Til saman gir dette ganske gode insentiv for å kjøpa el-bil i storbyar som Oslo. No er sikkert el-bilen bil nr. to, eller kanskje tre eller fire, men likevel: den bidreg til reduksjon av CO2-utslepp og andre skadelege utslepp. I Norge kan me også gå ut frå at el-bilen går på 100 % fornybar energi, i motsetnad til andre land i Europa der el-bilen si miljøsparing er meir komplisert.

Hybrid
I tillegg til el-bilen sin framgang har også hybrid-bilane for alvor begynt å ta av. Det har samanheng med at stadig fleire bilprodusentar tilbyr hybridmodellar. I mange tilfelle kan ein hybridbil vera den beste løysinga. Den vil ha eit lågt samla utslepp av CO2 i tillegg til at den har langt større rekkevidde enn ein rein el-bil. Men hybridbilen får ikkje dei mange fordelane el-bilen nyt godt av. Her kan det beste bli det godes fiende. Eg trur ei endå sterkare omlegging av eingangsavgiftene i retning av å vera utsleppsavhengige, ville me ha fått ein større miljøgevinst raskare.

Det skjer mykje spennande innan hybridbilar også, kanskje endå meir enn innan el-bilmarknaden. For det første er det vanlege modellar som kjem i hybridutgåve, enten diesel/elektrisk eller bensin/elektrisk. Det betyr at barrieren for å gå i meir elektrisk retning blir mindre. Talet på nyregistrerte hybridbilar veks endå raskare enn el-bilar. Til og med april er det selt 3306 hybrid-bilar; enten diesel/el. eller bensin/el.

Dessverre er el-bilar framleis prega av eit Bestemor Duck-design. Eg forstår ikkje at det skal vera så vanskeleg å gi el-bilar eit spennande design. Tesla er eit heideleg unnatak, sjølv om Tesla Roadster eigentleg var ein Lotus Elise der motoren vart bytta ut med ein batteripakke.

Porsche 918 Spyder
Til slutt eit bilete av ein av dei råaste hybridbilande pr. i dag, ein Porsche 918 Spyder. Øko-fantastar får problem med denne: Dette råskinnet har ein V8-motor pluss to el-motorar med til samen 887 hk og den aksellererer frå 0-200 km/t på 7,9 sek. (altså 0-200, ikkje 0-100). Den brukar likevel berre rundt 0,3 liter bensin pr. mil. Det er ganske utruleg. Visst er det ein del utslepp i samband med produksjonen, men likevel..

Porsche 918 Spyder. Foto: Geneva2010 179

1 kommentar:

Halvard Mikal Sæbø sa...

Hei!
Eg prøver å samla elbilbloggarar (og bloggarar med tilsvarande, elektriske interesser) i ei felles bloggliste; "Blogg om elbil"; bloggomelbil.blogspot.com. Har òg oppretta ei Facebookgruppe med same tittel og med adressa; https://www.facebook.com/groups/980141348717317/
Har ikkje funne noko slik liste andre stader, og trur det hadde vore fint om me hadde nokre samlingsstader der me kunne utveksla erfaringar.

Er det greitt at eg legg til ei lenke og litt informasjon om din blogg på bloggomelbil.blogspot.com?
Og viss du ynskjer det, er du velkommen til å melda deg inn i Facebookgruppa.

Tanken er at du seinare kan skrive inn litt informasjon, gjerne både i blogglista og Facebookgruppa om seinare artiklar som du publiserer, slik at andre interesserte kan følja med når det skjer noko nytt i bloggen din. Og når du ynskjer å utveksle skriveerfaringar om elbil, kan desse stadene vere fin å bruka.

Håpar med det at me kan få ei fellesskap i elbilskrivinga vår.

Vennleg helsing;
hamiso@gmail.com