
Først ein honnør til Skatteetaten (det lokale likningskontoret): På grunn av misforståing fekk eg fekk problem med innleveringa av sjølvmelding via Altinn innan fristen 31.05. Eg sende då ein e-post til det lokale likningskontoret og forklarte saka, og fekk tilbakemelding morgonen etter med utsetjing til 4. juni. Slik skal det vera - ein etat som brukar det skjønnet og den fornuften den har rett og plikt til å bruka.
Minuset gjeld Altinn. Eg har
kritisert Altinn før, og må nok gjera det igjen. Denne 200 mill. kr-gorillaen (minst!) har framleis svære hol i brukarvennlegheit. Eg vil berre kommentera eit par av dei. Det er bygt inn omtrent null intelligens i skjemaportalen. Til sjølvmeldinga mi var det 4 vedlegg (næringsoppgåve, tilleggsskjema ++) og eg måtte fint tasta inn namn og adressa kvar jævla gang. Er det for mykje forlangt av eit system i 2007 at det skal kunna hugsa desse detaljane frå skjema til skjema? Eg er jo autentisert og dei veit alle detaljar frå før.
I næringsoppgåva skal også tala frå 2005 oppgjevast. Dei tasta eg møysommeleg inn i fjor, men trur du Altinn hugsar det? Nei, dei ligg der nok i skjema frå 2005, men Altinn klarer ikkje å henta dei innatt for meg.
Eg er fullt klar over at dei fleste brukarane av Altinn ikkje tastar inn tala manuelt slik eg gjer. Men det er mange nok som gjer det til at det ville spart mykje arbeid om Altinn bygde inn bittelite grann intelligens og automatikk. Dette er funksjonar du forventar i eit enkelt system til nokre titusen kr, og her snakkar me om ein portal der det hittil har vore brukt fleire hundre millionar! Konsulentselskapa kan gni seg i hendene, det er framleis mykje ugjort her.