Det var vel neppe Peps Perssons hit frå 1975 Standardiseringsrådet og FAD hadde i tankane då dei la fram forslag til referansekatalog over tilrådde og obligatoriske IT-standardar. Men departementet har absolutt hatt sin tvil om kva som skal vera den høge standarden; kva som skal vera obligatoriske forvaltningsstandardar.
Det er heller ikkje vanskeleg å forstå, for historisk sett har ikkje forvaltningsstandardar innan offentleg IT-bruk vore nokon stor suksess. Det er nok å nemna kongeleg resolusjon om bruk av X.400 og NOSIP (norsk OSI-profil) som mildt sagt var i utakt med utviklinga alt frå starten av.
Forslaget til nye forvaltningsstandardar i form av referansekatalog vart lagt ut til høyring på FAD før sommarferien og med frist 20. august til å gi innspel. Vestlandsforsking stod ikkje på lista over høyringsinstansar, men me sende inn våre synspunkt i lag med 68 andre.
Det store spørsmålet er sjølvsagt kva dokumentformat som skal tilrådast innan tekstbehandling. Forslaget frå departementet gjeld berre bruk av dokumentformat på web, men ein obligatorisk standard her vil sjølvsagt få langt vidare betydning.
ODF er alt godkjent som ISO-standard og blir tilrådd av departementet. Microsoft kjempar ein hard (og brutal?) kamp for å få OOXML godkjent som ISO-standard og likestilt med ODF. Det er eit rått køyr som ingen veit utfallet av enno.
I høyringssvaret frå VF har eg skrive at å argumentera for at ein treng to standardar for denne type dokumentutveksling er det same som å argumentera for at me bør gjeninnføra
fot som måleeining for å ha eit alternativ til
meter. Computerworld likte tydelegvis denne formuleringa og dette synet og har gjengitt delar av høyringssvaret vårt i siste utgåve, der forvaltningsstandardane var hovudtema.
Referansekatalogen er elles ei salig blanding av hummar og kanari; det meste kopiert frå den tilsvarande danske katalogen. Dei har også kopiert inn feila frå den danske: Emnekart blir omtalt som
de facto-standard (industristandard). Det er svakt; dei som har utarbeida forslaget bør ha såpass kjennskap at dei veit at dette er ein open ISO-standard (ISO 13250). Dei opererer også med filformatet XTP for Topic Maps. Kanskje er eg heilt på bærtur, men eg har aldri høyrt om dette formatet (?).