mandag 12. oktober 2009

Sogn og Fjordane som Microsoft-fylket

Computerworld spanderer framsida pluss eit par sider inne i avisa på Sogn og Fjordane fylkeskommune og deira satsing på Microsoft. Eg er ikkje overtydd om at det er god reklame for fylket, snarare tvert om. Til å illustrera artikkelen er det bilete av it-gutta på sponsortur - uff..

Det er mange som brukar Microsoft programvare som basis for it-drifta, og det er sikkert ein del gode grunnar, for all del. Men det er veldig få som står fram og skryter av det. På ein måte har det eit upolitisk korrekt skjær som kan synast modig, men ved nærmare ettertanke er det vel ikkje det. Eg tillet meg også å tvila på den reelle vurderinga av fri programvare. Kjenner eg dei rett, har det reelle valet stått mellom IBM/Lotus Notes + ein del Microsoft, og full overgang til Microsoft.

I Sogn og Fjordane har IT-forum vore den store og viktige it-satsinga. Den har ein historie sidan 1995 og kan oppsummerast i orda "dugnad" og "mykje ut av lite". Gjennom god organisering har ein klart å bruka avgrensa ressursar på ein god måte og dermed fått til relativt mykje.

Orda "dugnad" og "mykje ut av lite" assosierer eg ikkje med Microsoft, men med fri programvare. Dessverre er det eit område der IT-forum ikkje har lykkast, trass i enkelte forsøk. Microsoft-dominansen har vore for stor, særleg i offentleg sektor. Det er synd, for eg trur det ville ha passa filosofien elles i fylket bra, og i tillegg ville det vore bra å få opp alternativ for å få meir erfaring og litt konkurranse.

Eit oppslag som dette er eg redd set arbeidet med IT-forum tilbake heller enn å dytta på framover.

5 kommentarer:

Georg Arnestad sa...

Korfor må du (og mange andre) alltid måle det som vert skrive om om fenomen i SogFj,i forhold til om det er god eller dårleg reklame for fylke? Det er jo ganske uvesentleg. Og omtrent alt som vert skrive (om vårt eller andre fylke) har ingenting å bety som "reklame". Når ei megahending som eit OL, nesten ikkje har noko å seie som reklame, kvifor då "hisse seg opp" over reklameverdien av ein bitteliten tekst i Computerworld. Tåpeleg.

Frank Fardal sa...

Tja, eg trur du har rett i at det ikkje er mange som står fram slik Svein. Men eg er ikkje sikker på om det er negativt. Oslo kommune har nettopp hatt eit kjøp der M$ vs. open kjeldekode var tema, og der ein nesten vert mobba for valget sitt.

Spørsmålet er vel om debatten rundt open kjeldekode er moden for kritiske spørsmål? Er det kjeldekode, standardar, integrasjon, lock-in eller andre ting som eigentleg er viktig? Og korleis er eigentleg kostnadane og driftssituasjonen?

Svaret frå Heidi om sjampis og gode tilbod er lite betryggande i så måte, og i grenselandet til mobbing. Har ho ikkje faglege argument å svara med? Er open kjeldekode i ferd med å bli religion i staden for svaret på problem med lock-in og gjenbruk?

Svein Ø sa...

Georg: Eg trur faktisk det finst både god og dårleg reklame, og at dette avgjort er i siste kategorien. Eg trur også at det møysommelege arbeidet som er gjort i samband med IT-forum, blir redusert i verdi. Og teksten er absolutt ikkje bitteliten.

Frank: Eg er litt inne på motstraums-tanken, den er ikkje heilt borte. Men me er vel enno ikkje der at å velja Microsoft blir radikalt.

Eg er også einig med deg i at kommentaren frå Heidi Austlid var unødvendig, sjølv om dei legg farleg opp til det med å bli avbilda i "sponsor-uniformar".

Eg helsar også ein kritikk mot open kjeldekode velkommen, eg trur det blir viktig framover. Difor hadde MS-valet vore bra dersom det låg ein grundig analyse til grunn. Det trur eg ikkje det gjer..

Jørn Stenehjem sa...

Svein og Frank. De røyser her ein viktig debatt.

Eg sit med ein ganske sterk føling av at Fylkeskommunen her har blitt utnytta av Microsoft mhp presseoppslag i computerworld. Oppslaget om SogFj kjem nok som ein følge av striden computerworld skriv om her : http://bit.ly/3KuEs Vidare har cw hatt mykje oppfølging av temaet.

Men til utgangspunktet : Microsoft, eller open kildekode ? Eg trur at dei som sit med eit driftsansvar i ein org har store problem med å velge vekk Microsoft ( eller IBM / Domino )ut frå drifts-stabilitet og tilgang på kompetanse. Kompetansen på open kjeldekode finnes sikkert. Men korleis få tak i den, og kvar finnes den ? Microsoft kostar, men usikkerheiten både med kost og stabilitet/funksjonalitet er for stor til at ein tek risikoen.

Om det er slik som det blir uttalt frå fylkeskomm at dei gjer dette for å bruke/bygge lokal kompetanse og dyrke samarbeid med med andre lokalt helsar eg det velkomne. Det må gjerne skje gjennom IT-forum !

Svein Ø sa...

Er einig i vurderinga di Jørn om problemet driftsansvarlege i større organisasjonar står ovanfor. Her trur eg absolutt IT-forum både kan og bør vera ein medspelar, men då må fri programvare opp på dagsorden og det må byggjast kompetanse. Så kan ein etterpå gjera eit klokt val, enten det betyr MS eller fri programvare.