onsdag 24. februar 2010

Imperiet slår tilbake


Microsoft har dei siste åra vore yndlingsfiende for mange innan IT. Ein kombinasjon av marknadsdominans og -misbruk i tillegg til dårlege produkt (særleg Vista) gjorde dei til eit opplagt mål for mange sin frustrasjon. Der Windows XP var eit godt gjennomført og stabilt OS (stabilt i Windows-forstand), var Vista prega av feil og tregheit. For mjølkekua Office var problemet at gratis programvare som OpenOffice var eit like bra alternativ og eit alternativ som var lett å gå over til.

Med Windows 7 og Office 2007 har Microsoft slått tilbake. Windows 7 ser ut til å vera fullt på høgde med XP og feila frå Vista er retta. Det betyr at dei mange som framleis køyrer XP og har venta med å ta stilling til neste OS, får eit godt alternativ for oppgradering.

Office-pakken gjekk gjennom ei radikal endring med overgangen til 2007. "Less is more" og 80/20-regelen har vore styrande (dei 20 % av funksjonane du brukar 80 % av tida [har forresten skrive om det uheldige valet av tala 80 og 20 i Zipf-/Pareto-fordelingar tidlegare]). Menyane er forenkla og dei mest brukte funksjonane er lett tilgjengelege. Dei funksjonane du brukar sjeldnare, vil du uansett måtta bruka litt tid på å finna og bruka.

Etter å ha brukt OpenOffice mest det siste året, tek eg tek meg sjølv i å føretrekkja Office 2007. OpenOffice verkar plutseleg veldig gammaldags. Ei oppgradering a la Office 2007 er sårt tiltrengt.

Ein annan faktor som også verkar til Microsofts fordel, er at alternativ som Google ikkje lenger framstår som uskuldsreint, men ein maktbastion berre med litt andre midlar.

Konklusjonen er at Microsoft ikkje må avskrivast, om nokon trudde det.

PS.
Har no installert iTunes for 10. gang, minst. Kvar gong eg må ta omstart av pc-en, noko eg ikkje gjer anna enn når det er tvingande nødvendig, må eg installera iTunes på nytt. Om det er Apple som har feilen eller Microsoft veit eg ikkje, men irriterande er det.

Ingen kommentarer: