fredag 26. mars 2010

San Fr. - dag 1: KickApps, Dublin Cons. og Cisco Webex

KickApps
KickApps var neste presentasjon på første dag av studieturen. Det er eit firma som tilbyr ein plattform for integrering og handtering av sosiale medium. Mange bedrifter og organisasjonar opplever å bli stadige meir fragmenterte på nettet. Dei har gjerne ei heimeside som utgangpunkt. Så ballar det på seg med bloggar, gjerne på eigne plattformer, Facebook-engasjement og Twitter-konto, videoar på YouTube og bilete på Flickr. Til slutt blir det eit uhandterleg kaos.

Det har KickApps innsett og tilbyr ei teneste, eller heller ein plattform, til å ta tilbake kontrollen. Frå KickApps kan du styra dei ulike kanalane og få hovudet over vatnet igjen. Dei kunne visa til mange og store kundar og det verka som dei hadde treft bra i marknaden.

Lance Dublin, Dublin Consulting
Lance Dublin driv eige konsulentfirma innan eLæring og snakka om framtida på dette området slik han trudde det kom til å utvikla seg.

eLæring web 1.0: Kurs online
eLæring web 2.0: Integrera eLæring med andre verktøy der du er (du "går" ikkje lenger til ein nettstad, men får det integrert med andre ting du er interessert i)

Collaboration + Prosumption + Democratization = Learning 2.0
Det handlar i alle fall ikkje om ”kurs”!

Dublin viste til Don Tapscott og hans idear om utvikling på nettet. Tapscott står bak fleire bestseljarar, som m.a. "Wikinomics: How Mass Collaboration Changes Everything". Han påstod også at universiteta ville mista betydning og at "2/3 av det du lærer på universitetet er uaktuelt på det tidspunktet du får graden din". I det heile var det mykje "web 2.0 newspeak" over det han presenterte. Han starta innlegget sitt med å oppfordra oss om å vera ueinige med han (og eg trur han meinte det), og eg tok han på ordet og lurte på om ikkje tankane hans om web 2.0 og eLæring var faretruande like tankane om den nye økonomien rett før dot.com.

Sidan Dublin brukte Tapscott som førebilete, er det både relevant og interessant å visa til ein artikkel som nettopp kritiserer Tapscott og andre for påstandar i samband med begrepet wikinomics. I artikkelen "Wikinomics and its discontents: a critical analysis of Web 2.0 business manifestos" rettar forfattarane Jose van Dijk og David Nieborg ved Univ. of Amsterdam eit kritisk søkjelys på dei mange "lettvinte" påstandane i web 2.0. Artikkelen er vel verdt å lesa for ikkje å bli så "høg" på web 2.0 at du lettar frå bakken!

Cisco Webex
Siste programpost måndag 22.03 var besøk hjå Cisco Webex. Webex er eit firma som tilbyr ei teneste for pc-basert videokonferanse og dei vart kjøpte opp av Cisco for eit par år sidan. Det er tydeleg at Cisco kjøper seg opp på innhaldstenester, noko dei også stadfesta var ein del av strategien framover.

Før me fekk ein demonstrasjon av Webex, fekk me ein kort demonstrasjon av high-tech-systemet Cisco Telepresence. Det er videokonferanse i millionklassen og var imponerande. Cisco leiger ut utstyret til interesserte bedrifter.

Webex er ei nettsky-basert teneste. Cisco har kjøpt Jabber og IM-delen av Webex er difor basert på standarden XMDP.
Video Broadcasting er ikkje enno ei ferdigpakka teneste, men dei arbeider med sikte på å få det snart.
Webex fungerer på alle vanlege plattformer (Windows, Linux, Apple).

Systemet såg interessant ut og det er nok fleire av studietur-deltakarane som kjem til å prøva det ut i nærmaste framtid. Truleg vil Cisco få nokre nye kundar..

Ingen kommentarer: