mandag 4. oktober 2010

Webdagane som Freemium


Webdagene 2010 er den beste konferansen eg ikkje har vore på. Eg følgde store delar av konferansen på nettet, takka vera generøs haldning frå arrangøren Netlife Research. All æra til dei for at dei både klarer å samla eit stort tal deltakarar på konferansen og i tillegg vel å dela presentasjonane både gjennom streaming, lagring av videoar og tilgjengelege lysark-presentasjonar.

Webdagene har vore arrangert frå 2006 og er i dag kanskje den viktigaste konferansen for folk som jobbar med web, enten som utviklar/design/"løysingsarkitekt" eller som web-redaktør eller liknande.

I prosjektet "Kunnskap kryssar grenser" er stimulering til meir bruk av nettoverføring ("webcast") eit viktig mål. Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane har vore pådrivarar i prosjektet og Vestlandsforsking har delteke saman med fleire andre, både offentlege verksemder og private bedrifter. Forprosjektet har vist at marknaden ikkje fungerer godt; arrangørane tenkjer i liten grad på nettoverføring og det er også dårleg tilbod blant leverandørane på teknologi og tenester knytt til dette.

Då er det spesielt positivt å sjå at eit så profilert arrangement som Webdagene tek teknologien i bruk og delar  kunnskapen sin med resten av verda.

Konferansen IT-forum 2010 startar i morgon 5. oktober og har tittelen "Kunnskap kryssar grenser". Den blir sjølvsagt overført på nettet i tillegg til at over 200 deltakarar er samla på Skei.

(Freemium er Chris Andersons uttrykk for ein forretningside der produktet i utgangspunktet er gratis, men der ein meir påkosta versjon kostar)

Ingen kommentarer: