søndag 13. februar 2011

Revolusjon 2.0


Diskusjonen har gått høgt om sosiale media sin rolle i revolusjonane i Tunisia og Egypt. Eg har skrive eit blogginnlegg på Vestforsk-bloggen om diskusjonen.

Det verkar som stadig fleire meiner at sosiale media faktisk har vore veldig viktig i mobiliseringa. Det er heller ikkje så rart. Akkurat her trur eg den godaste Malcolm Gladwell har dumma seg litt ut..

Både Dagens Næringsliv og Dagsrevyen har hatt omfattande dekning av sosiale medias betydning i dagens utgåver. Det er særleg Facebook og Twitter som blir nemnde, men bloggar har spelt ei svært viktig rolle i tida fram til opprøret starta.

Fleire har spådd bloggen sin død, særleg etter lynmedium som FB og Twitter. Men eg har stor tru på bloggen. FB og Twitter har etter mi meining særleg viktig for ei utvikling der den vanlege "dagbok-bloggen" har vorte kraftig redusert, kanskje med eit unnatak av "rosa-"bloggar. Resultatet er at dei korte oppdateringane, som jo var weblog-en sitt opphavelege uttrykk, har gått over til FB og Twitter. Bloggen blir dermed plassen for meir utdjupande resonnement.

Eg vågar difor påstanden at nye sosiale media har gjort bloggane betre, sjølv om dei kanskje har vorte noko færre.

2 kommentarer:

Lars Marius Garshol sa...

At bloggen skulle ta sin død av Facebook og Twitter blir litt som om folk skulle slutte å spise epler fordi vi har begynt å importere mango.

Generelt begynner jeg å bli lei av "X er død"-maset. Jeg synes det er sjelden disse påstandene har noe poeng utover det at de tiltrekker seg oppmerksomhet ved å være kontroversielle.

Svein Ø sa...

Men det er ein bra gimmick. Lurer på kor mange fleire abonnement Wired har skaffa seg på bakgrunnen av "The Web is Dead".

Reint bortsett frå det trur eg faktisk at import av mango og anna frukt går ut over eplesalet ;-)