søndag 2. oktober 2011

Den vanskelege samordninga

IT-forum 2011  er akkurat ferdig. Den årlege IT-konferansen vart arrangert for 17. gang, i Balestrand, og med god deltaking med meir enn 200 til stades. Sjølv følgde eg konferansen via nettoverføring (videoopptak tilgjengelege her).

Ein av dei interessante og viktige diskusjonane handla om IT-samarbeid og -samordning på helseområdet, og særleg i lys av samhandlingsreforma.

Samordning = sentralisering?
Når IT-samordning og -samhandling blir diskutert, ligg det ofte under som ein uuttalt premiss at det må slåast saman og sentraliserast. Samordning = sentralisering. Samordning på it-sida handlar mykje om standardisering, men endå viktigare er det at ulike organisasjonar klarer å snakka saman. Om det ikkje er god dialog i utgangspunktet, vil det ikkje kunna løysast ved hjelp av teknologi.

Det er for mykje demokrati innan IT!
I diskusjonen om samordning innan it og helse, kom det fort opp krav om at it-arbeidet måtte løftast opp frå kommunane til eit høgre nivå. Det vart også argumentert for at "det er for mykje demokrati innan IT". IT har jo som kjent ikkje noko med politikk å gjera, på dette området er det berre å bestemma og skjera gjennom. Eller?

IT er politikk
Eit nyheitsoppslag denne veka om innføring av gebyr for uttak av pengar i minibank, illustrerer godt at IT/teknologi i høgste grad er politikk. Forslaget vil gå ut over eldre som ikkje har teknologisk tryggleik og kunnskap nok til å delta i det straumlinjeforma teknologiske landskapet me er inne i. Gjennomføring av eit slikt tiltak ville forsterka dei alt store skilnadene mellom teknologikyndige og teknologi-analfabetar. Difor blir ropet om å løfta IT ut av hendene til politikarar, ei markering av ei farleg utvikling.

Større = Betre?
Helsesektoren ser for utanforståande ut til å vera eit ugjennomtrengeleg villniss av it-løysingar, mangel på standardisering, håplaust gamle rutinar - eit skikkeleg svart hol som sluker alle ressursar som blir putta inn. I forsøket på å få kommunikasjonen til å fungera betre, er det freistande å slå saman både organisasjonar og system. Om alle brukte det same systemet, ville vel alle kommunikasjonsproblema forsvunne?

Forsøket på å slå saman organisasjonar og system ser likevel ikkje ut til å fungera særleg bra. Helse Sør-Øst er ein mastodont, og problema ser ingen ende å ta. Nyleg vart eit påbegynt IT-system for betre samordning og kommunikasjon mellom einingar i helseforetaket, skrota, og prislappen var 160 mill. kr.

IT i National Health Service som skrekkeksempel
Det blir likevel for vekslepengar å rekna om me ser på storsatsinga på IT i National Health Service (NHS) i Storbritannia. Gigantsatsinga har kosta mange milliardar, og må kunna kallast ein fiasko. The Independent skreiv dette om it-satsinga i august i år:
"The NHS IT scheme will be remembered as one of the great public procurement disasters of all time. The cost has been staggering. Some £6.4bn has been spent. The original 2007 deadline for the completion of the vast project was missed. And now the Government is expected to call a halt to the entire project. Instead of a national database of patients' records, as originally envisaged by the previous Labour government in 2002, we will have a patchwork of incompatible systems"
Styresmaktene har bestemt seg for å teminera heile gigantsatsinga, og det må vera eit bra eksempel på at sentraliserte løysingar heller ikkje løyser alle problem, snarare tvert om.

IKT og samhandling i helsesektoren
Her i landet har Verdikt-programmet i Forskingsrådet finansiert prosjektet "IKT og samhandling i helsesektoren", og eit av resultata i prosjektet er boka som illustrerer blogginnlegget. I denne boka tek mange ulike forfattarar/forskarar for seg ulike sider ved IKT-samhandling. Boka er redigert av Margunn Aanestad og Irene Olaussen, inst. for informatikk ved UiO.

Frå "saumlaus integrasjon" til "integrasjonens saumar"
I kapitlet Fra "sømløs integrasjon" til "integrasjonens sømmer" tek Margunn Aanestad for seg målsetjinga om saumlaus integrasjon (samordninga nemnt i innleiinga til blogginnlegget). Ho startar med å sitera den kjende organisasjonsforskaren Henry Mintzberg og legen Sholom Glouberman som har studert helsesektoren. Dei spør seg: "Kvifor er helsesystem så notorisk vanskelege å styra?". Svaret deira er at "Den opplagde forklaringa er at dette er eit av dei mest komplekse systema i dagens samfunn. Spesielt er sjukehus rekna for å vera ekstraordinært komplekse oganisasjonar." Mintzberg kjem snart med boka "Managing the Myths of Health Care".

For mykje demokrati?
Kan me så venta enkle, saumlause IT-system i ei så kompleks verd? Sjølvsagt ikkje, og dette er noko av det første dei som diskuterer betre it-samordning i helsesektoren må erkjenna. Aanestad skriv at visjonen om "saumlaus integrasjon" er villeiande og skjuler vegen mot målet. Den tilslører realismen og peikar berre på eit mål utan hjelp til å nå det.
"Kanskje den til og med bidrar til å skjule veien fram mot målet, og leder oss til å tro at integrasjon er en enkel teknololgisk løsning som kan realiseres gjennom administrative vedtak."
Og dermed var me tilbake til at "det er for mykje demokrati innan IT"!

Sosiotekniske tilnærmingar
Det betyr ikkje at ikkje Sogn og Fjordane kan oppnå mykje i forsøket på betre samhandling og samordning av IT i helsesektoren. Eg vil påstå at det heller er tvert om: Dersom det berre er storskala-effektar som er saliggjerande, har fylket vårt uansett ikkje mykje å fara med. Om betre samhandling og samordning derimot heller handlar om ein betre dialog mellom ulike organisasjonar og sektorar, har fylket vårt ein stor fordel pga. små einingar og god kommunikasjon i utgangspunktet. Dette samspelet mellom organisasjon, sosiologi og teknologi kallar forfattarane den sosiotekniske kompleksiteten. Ved å ta omsyn til heile biletet i forsøka på betre samordning, kan Sogn og Fjordane oppnå mykje og bli eit godt føregangseksempel.

Ingen kommentarer: