mandag 17. desember 2012

Interessant historiebok

"Haren med øyne av rav" ("The Hare with the Amber Eyes") handlar om ei samling netsuker, små japanske minityrfigurar, og deira vandring frå rundt om i Europa. Netsukene tilhøyrer den jødiske familien Ephrussi og det en denne familien sin historie frå siste halvdel av 1800-talet fram til vår tid me får innsyn i.


Familiekrønike og Europa-historie
Edmund de Waal har skrive ein familiekrønike som samtidig er historien til jødane i 100 år frå siste halvdel av 1800-talet til etter siste verdskrig. Når historie blir skriven på ein slik måte, blir den heilt spesiell. Han høyrer sjølv til den russiske slekta og er 5. generasjon etter stamfaren Charles Joachim Ephrussi.

Russisk jødefamilie
Stamtreet startar som sagt med C. J. Ephrussi, fødd i Ukraina og kornhandlar i Odessa, og me følgjer dei to sønene Leon og Ignace, fødde i 1826 og 1829, til Paris og Wien. Ephrussifamilien slo seg opp på kornhandel og bankverksemd i Odessa, dei kontrollerte storparten av kornhandelen frå aust (Ukraina) til vest og samla seg enorme rikdommar. I 1860 var familien den største korneksportøren i verda.

Ekspansjon i Europa
Charles Joachim "plasserte" dei to eldste sønene sine i Wien og Paris for å utvida imperiet, og det er etterkommarane etter desse to boka følgjer. Netsukene kjem inn i historia rundt 1870, då Charles, son til Leon Ephrussi kjøper dei hjå ein kunsthandlar i Paris. Charles er kunstinteressert og vankar i kunstnarmiljø med Proust, Manet, Monet og Renoir mellom anna.

Wien og "Fin de siècle"
Frå Paris tek samlinga vegen til Wien rundt århundreskiftet. Det skjer i form av  ei bryllupsgåve til Charles sitt søskenbarn, Victor. Frå det livlege Paris møter me eit Wien på toppen av den habsburgske tida, men også ein by mett på seg sjølv og prega av "fin de siècle". Ephrussifamilien i Wien er steinrik og eig eit enormt palass ved Ringstrasse; Palais Ephrussi, teikna av den kjende danske arkitekten Theofil Hansen.

Slutten for Habsburg
Det habsburgske riket er tilstivna på alle vis, så når første verdskrig bryt ut er det nesten som ein lettelse over at det endeleg skjer noko. Men verdskrigen betyr slutten for stormakta Østerrike-Ungarn. Keisar Franz Josef I døyr i 1916 etter å ha vore på trona sidan 1848! Han var ikkje berre keisar over Østerrike og konge av Ungarn og Böhmen, men også konge av Lombardia og Venezia, av Dalmatia, Kroatia, Slavonia, Galicja, Lodomeria og Illyria, storhertug av Toscana, konge av Jerusalem og hertug av Auschwitz!

"Vannhodet" Wien
Etter krigen har Østerrika tapt nesten alt, og Wien blir kalla "vannhode" - eit altfor stort hovud i forhold til kroppen som har vorte veldig liten. Wien hadde over 2 millionar innbyggjarar ved århundreskiftet og var ein verdsmetropol. No er byen overdimensjonert, for å seia det mildt.

Gryande nazisme og jødehat
I tida etter første verdskrig får nasjonalsosialistane meir og meir tilslutnad og jødehatet aukar monaleg. Det har alltid vore eit meir eller mindre uttrykt hat mot jødane, men utover i 1920 og 1930-åra blir det farleg. Med "Anschluss" i 1938 er det fritt fram for plyndring og skjending av jødar og Ephrussi-familien mister alt dei eig. Frå å vera på toppen av samfunnet er dei no heilt på botnen. Netsuke-samlinga på 264 miniatyrfigurar er det einaste som er att av den enorme rikdommen.

Det ironiske, og for familien Ephrussi tragiske, er at Wien-greina ikkje sikra pengane sine ved å flytta formuen til t.d. Sveits, som mange andre. For å visa at dei var ekte Østerrike-Ungarn-patriotar, kjøpte Victor von Ephrussi store mengder krigsobligasjonar. Ei av dei vanlege skuldingane mot jødane var at dei ikkje var patriotar, dei var landflyktige og hadde ikkje nasjonalkjensle.

Den jødiske tragedien
Den jødiske tragedien står sentralt i boka. Edmund de Waal hintar om jødisk forretningsverksemd og grunnar til at dei klarer å opparbeida seg slike enorme formuer, men det blir berre i små hint. Det er klart dei ikkje blir monopolistar i kornhandel ved eit lukketreff, eller ved ei tildeling/anbud. Denne delen av den jødiske historia er dessverre for lite drøfta. Den er sikkert vanskeleg, fordi det fort kan nøra oppunder jødehat. Men eg trur likevel den delen også må skildrast nøyare for å få heile biletet. Det er nødvendig for å forklara ein del av det enorme jødehatet som er i dei fleste europeiske land på den tida, og som på mange måtar heller aldri har sleppt taket.

Jødar i Europa og kinesarar i Asia
Jødane sin suksess som forretningsfolk i Europa verkar å ha mange parallellar til kinesarane sin status i mange asiatiske land utanom Kina. Både i Indonesia, Malaysia og Thailand er kinesarane langt hyppigare representerte som vellykka handelsfolk enn innbyggjarane elles. Og dei er forhatte nettopp fordi dei er så dyktige til å manøvrera seg til topps. Det har skapt store spenningar i fleire land, og enkelte valdseksplosjonar, som t.d. i Malaysia på 1960-talet.

Historie på ein annan måte
Viss du er litt interessert i historie, er dette ei bok som er verdt å lesa. Om du ikkje er interessert i historie, er boka likevel interessant, og du får med historiekunnskapar nesten umerkeleg.

Ingen kommentarer: