- System 1: Rask, intuitiv, følelsesmessig
System 1 opererer automatisk og fort, med lite tenkekraft og liten eller ingen kontroll. System 1 har også ein sterk tendens til å sjå årsakssamanhengar (kausalitet) der det ikkje finst og berre er reine statistiske fenomen. - System 2: Sein, grundig logisk
System 2 blir mobilisert når det er behov for grundigare tenking og resonnering. Men system 2 krev ein god del tankekraft, og fordi me er grunnleggjande late, let me ofte vera å bruka det.
Müller-Lyer illusjon |
Kahneman er utdanna psykolog og har saman med kollegaen Amos Tversky (døydde i 1996) etablert ein kognitiv basis for vanlege menneskelege feil som stammar frå system 1-tenking (heuristikkar og fordommar/førehandsoppfatningar). Han fekk Nobel-prisen i økonomi i 2002 for arbeid innan behavioristisk økonomi (finst det eit godt norsk namn på dette feltet?) og grunnlaget som vart lagt med prospect theory. Grunnleggjande sett handlar det om korleis menneske tek avgjerder og om usikkerheit (decision-making and uncertainty).
Priming
Priming er når ubevisst påverknad fører til endra åtferd. Psykologen John Bargh gjennomførte eit berømt ekseperiment ved universitetet i New York der han ba grupper av studentar å setja saman setningar frå eit sett med fem ord. Gruppene fekk ulike ord. Ei av gruppene fekk orda "Florida", "forgetful", "bald", "grey" og "wrinkle", altså ord som kan assosierast med eldre og alderdom utan at sjølve orda "eldre" og "alderdom" var med.
I del to av forsøket skulle studentane gå til ein annan stad i bygningen og tilbake til klasserommet. Det viste seg då at gruppa som hadde fått orda assosiert med alderdom, gjennomgåande gjekk saktare enn dei andre studentane. Dette fenomenet er også demonstrert av andre forskarar i liknande forsøk.
Forankring ("Anchoring")
Kahneman og Tversky gjennomførte eit forsøk ved universitetet i Oregon der dei rigga opp eit lykkehjul som på førehand var stilt inn slik at det stoppa enten på 10 eller 65 (tala har ingen betydning). Studentane vart så bedne om å snurra på hjulet og etterpå svara på spørsmåla
"Er prosentdelen afrikanske land av alle FN-landa høgare eller lågare enn talet du akkurat fekk?" og "Kor mange prosent trur du afrikanske land utgjer av FN-landa totalt?"Det er opplagt ingen samanheng mellom lykkehjulet og prosentdelen afrikanske land i FN! Men dei to tinga blir kopla saman likevel, ubevisst, av system 1. Gruppene som trekte respektive 10 og 65 på lykkehjulet, svarte 25 % og 45 % på spørsmål 2. Dette fenomenet er også grundig dokumentert av andre forskarar.
I eit forsøk med taksering av ein bustad fekk ei gruppe studentar, utan noko kjennskap til eigedommar og taksering, og ei gruppe eigedomsmeklarar begge oppgitt eit tal før dei skulle vurdera verdien på bustaden. Begge gruppene vart (sjølvsagt) påverka av det initielle talet (= forankringseffekt); den einaste skilnaden var at studentane innrømte at dei vart påverka medan eigedomsmeklarane nekta for ein slik påverknad!
WYSIATI - What You See Is All There Is
Me er kjende med begrepet WYSIWYG og Kahneman har utvikla det parallelle begrepet WYSIATI. System 1 konstruerer den beste historia/forklaringa ut frå tilgjengeleg informasjon, enten den er relevant eller ikkje. Det er ei assosiasjonsmaskin som set saman tilgjengelege bitar på sparket. Men den kan ikkje bruka informasjon som ikkje er tilgjengeleg, eller som vil krevja meir innsats å skaffa fram (= system 2), derav WYSIATI.
System 1 er ein meister i å hoppa til raske slutningar, ofte kort-slutningar, fordi det berre brukar tilgjengeleg informasjon og ikkje gjer seg bry med å prøva å finna fram vanskelegare tilgjengeleg informasjon. Som komikaren Danny Kaye sa om ei kvinne: "Her favorite position is beside herself, and her favorite sport is jumping to conclusions".
Aksjemekling = bingo
Kahneman stiller det litt ubehagelege, for aktørane i finansverda, spørsmålet om kvifor finansverda held fast på trua om kunnskap og evner som styrande for aksjehandel når både økonomisk teori og empiri viser at det ikkje er slik? Det beste ein aksjemeklar kan gjera er å ikkje gjera noko! Eit heilt system er bygt på ei livsløgn. Viss du tvilar på påstanden, sjekk aksjefonda på børsen og kor mange av dei som slår referanseindeksen (= å ikkje gjera noko).
Vår gode evne til å forklara det som har skjedd, gjer at me får urealistiske førestillingar om evnene til å føresjå kva som vil henda. Men det er stort sett ingen samanheng!
Ekspertkommentatorar
Eit anna godt eksempel på overdriven tru på å føreseia hendingar og utvikling, er dei mange ekspertkommentatorane i media. Dei dominerer media og er over alt med sine skråsikre, men ofte dårleg funderte, påstandar om kva som vil skje.
Philip Tetlock skreiv artikkelen "Expert Political Judgement: How Good Is It? how Can We Know?" og konkluderte med at ekspertkommentatorar er "unrealistically overconfident". Han intervjua 284 ekspertar og ba dei vurdera hendingar i nær framtid. I alt analyserte han over 80 000 påstandar. Resultatet vart ein katastrofe for ekspertane: Dei gjorde det dårlegare enn om dei hadde slått kron og mynt!
Kahneman kan her synast svært deterministisk, men forsøka let seg likevel ikkje bortforklara.
Det enkle er ofte det beste
I same retning peiker han når han refererer til forsøk som viser at statistiske metodar i dei fleste tilfella slår kliniske metodar for prediksjon av utvikling. Han refererer til boka "Clinical vs. Statistical Prediction: A Theoretical Analysis and a Review of the Evidence" av Paul Meehl der han evaluerer resultata av 20 studiar der klinisk prediksjon utført av erfarne psykologar vart samanlikna med statistisk prediksjon basert på eit fåtal kriterium. Meehl fann at den statistiske metoden i dei fleste tilfella trefte betre enn prediksjonane frå ekspertane. Boka til Meehl vart ikkje godt motteken blant psykologar flest, det var som å banna i kyrkja å påstå at eit program stort sett kunne gjera ein betre jobb enn ein psykolog.
Kahneman brukar dette eksempelet som inngang til eigne erfaringar som psykolog i den israelske hæren (Kahneman er fødd og oppvaksen i Israel og flytte seinare til USA). Arbeidet i hæren var å sortera soldatane til ulike greiner. I starten brukte han berre kliniske metodar (intervju med soldatane og konklusjonar frå desse) og det viste seg at han trefte ganske dårleg. Så las han Meehl sine observasjonar og bestemde seg for å prøva ut statistisk metode for predisjon basert på nokre enkle kriterium/indikatorar. Det viste seg at den statistiske metoden var langt overlegen den kliniske, og Kahneman sine erfaringar forsterka påstandane frå Meehl.
Overført til tilsetjingar
Kahneman overfører dette til jobbintervju og tilsetjingar. Han meiner at innsikt frå forskinga kan brukast i slike tilfelle. I staden for eit laust basert intervju (= klinisk metode), bør ein på førehand setja opp ei handfull indikatorar som ein evaluerer kandidatane etter og basert på sluttsummen, bør ein velja den som skårar høgst , uavhengig av magefølelsen! Det siste er nok det vanskelegaste..
Boka kan absolutt tilrådast, den er full av gode eksempel og interessante forsøk. Dersom du har lite tid, kan du få tak i essensen ved å lesa dei to artiklane av Kahneman og Tversky gjengitt som vedlegg til boka:
"Judgement Under Uncertainty: Heuristics and Biases" (publisert i Science, 1974)
"Choices, Values, and Frames" (publisert i American Psychologist, 1984)Men viss du berre skal lesa desse, treng du eigentleg ikkje boka, for artiklane finn du på nettet.
5 kommentarer:
Kjenner Kahnemann egentlig bare gjennom popularisatoren Dan Arielys bøker som er ganske underholdende. "Thinking fast and slow" var litt for slow for meg.
Det er ei bok der ein typisk kunne ha lese dei akademiske artiklane og fått hovudpoenga destillert ned til nokre få sider. Men eg synest alle forsøka han referer, er interessante og slik sett forsvarer lengden på boka.
Sympatisk nok har Kahneman inkludert dei viktigaste artiklane i boka slik at dei som berre vil ha kortversjonen, kan lesa dei og skumma gjennom resten.
Pussig sammentreff - jeg bestilte denne boka fra amazon i går. Jeg har alltid hatt stor sans for Kahneman og Tversky, og gleder meg stort til den kommer i posten.
Ariely gjør denne forskningsgrena mer praktisk anvendelig ved å destillere eksempler forskning på lønn, økonomiske incentiver. Dette river vekk hele fundamentet som sosialøkonomien har stått på siden Alfred Marshalls tid.
Foredrag
http://www.youtube.com/watch?v=VZv--sm9XXU
@Kjetil
Skaff deg en Kindle, så slipper du vente på å få bøker skipet over Atlanteren :-D
Veldig bra foredrag!
Har høyrt han i TED-samanheng, om bandasjane..
Legg inn en kommentar