Foto: Richard Lee (CC-BY-ND-NC) |
Floskelen over alle floskler i forsknings- og utdanningspolitikken er "kvalitet". For det vil selvsagt alle ha. Å proklamere "kvalitet i alle ledd" har derfor liten verdi dersom det ikke konkretiseres.
Eit springande punkt er talet på forskings- og utdanningsinstitusjonar. Her viser EG til Stjernø-utvalet som i 2008 la fram ein rapport som konkluderte med at det er for mange FoU-institusjonar i Norge og at det går ut over kvaliteten.
EG siterer Røe Isaksen med "Det kan hende 19 institusjoner for lærerutdanning i Norge er for mye" og skriv vidare:
Nei, det kan ikke hende. Det ER for mye. Det finnes tonnevis av forskning som understreker betydningen av robuste fagmiljøer for kvalitet.Uttrykket "robuste fagmiljøer" fekk meg til å skriva følgjande lesarinnlegg til DN (som blir publisert her sidan dei valde å ikkje trykkja det):
Floskelproblem indeed!
Eva Grinde har rett i at kvalitet i forsking og høgare utdanning er ein av dei største flosklane i utdanningsdiskusjonen. Men det er ein floskel som er større og farlegare: "robuste fagmiljø". Kva er det? Det synest som ei finurleg omskriving av tyngdelova: Til større, til betre.Grinde skriv at "det finnes tonnevis av forskning som understreker betydningen av robuste fagmiljøer for kvalitet". Då kan ho kanskje dela nokre gram av denne for oss som ikkje kjenner til den?
Det som derimot er dokumentert, er ein eintydig samanheng mellom størrelse og auka administrasjon. Professor Bjørn Jamtveit ved UiO har vist at administrasjonen ved universitet og høgskular veks eksponensielt med aukande størrelse. Det bør gi både utdanningsminister og DN noko å tenkja på.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar