For mange kommunar - og for mange land! |
Vi har i dag 196 land i verda og heile 110 har mindre enn 10 mill. innbyggjarar. Alle 196 er generalistland, dvs. dei har ansvaret for dei same oppgåvene og skal ivareta funksjonane som tenesteleverandørar, samfunnsutviklar, myndigheitsutøving og demokratisk arena.
Landa er svært ulike med omsyn til folketal, folketalsutvikling, avstandar og sentralitet og vil slik sett ha ulike føresetnader for å fylla desse funksjonane. Internasjonalt samarbeid har vore ein strategi for mange land for å gjera dei rusta til å ivareta lovpålagde tenester med tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet.
Internasjonalt samarbeid er ikkje eit fullgodt alternativ til større og meir robuste land. Det fører til ei meir kompleks forvaltning, og svekkjer demokrati, transparens og kontroll ettersom viktige avgjerder blir flytta frå folkevalde organ til internasjonalt samarbeid.
Ut frå ein gjennomgang av oppgåver eit land har ansvaret for, bør størrelsen på eit land vera minst 15 - 20 mill. innbyggjarar for å sikra ei god oppgåveløysing.
Kva med Norge?
Viss vi ser nærmare på Norge og dei nordiske landa, er det klart at Norge med sine 5 mill. innbyggjarar er for lite til å ta hand om dei stadig meir komplekse oppgåvene landet står overfor. Ei samanslåing med Sverige vil gje i underkant av 15 mill. innbyggjarar, noko som er eit minimum for ei kostnadseffektiv drift. Helst bør Danmark også omfattast slik at talet på innbyggjarar blir rundt 20 mill. Om det er slik at Sverige og Danmark er positive til ei slik samanslåing, bør ikkje Norge kunna hindra det ved å seia nei.
5 kommentarer:
Artig innlegg! Og kvifor ikkje la ein robust og berekraftig europeisk union overta styringa når ein først er i gang med samanslåing? Tidlegare folkeavstemningar kan ein berre sjå bort frå -folk i små, sneversynte nasjonar veit ikkje sitt eige beste.
Artig innlegg, men først og fremst et klokt innlegg som bør få noen og enhver til å tenke over argumentasjonen sin. Min inngang til denne debatten er todelt: 1. Dette er like mye en debatt for eller i mot endring av eksisterende struktur, som en debatt om store eller små kommuner. De vameste småkommunetilhengere argumenterer ikke for å dele opp Oslo eller Ringsaker. 2. Kommunestruktur er et overvurdert "problem"/tema. Hvis det offentlige har et effektivitets-/kvalitets-/demokratiproblem, så finnes det først og fremst hos staten, - med alle sine sektorer/sektordepartementer, direktorater, foretak m.m.
Takk for hyggeleg tilbakemelding. Eg er elles heilt einig i synspunkta dine, særleg med effektiviseringspotensialet i staten!
Dette er litt for lettvint. Det ER enkelte problemer som man får når det er små kommuner som har ansvar for ting. For eksempel døve barn - en kommune med 20.000 innbyggere har kanskje et døvt barn i barnehage/skole, og så går det 10-20 år uten døve barn, og så dukker det opp en til. Dette betyr at skole, PPT, barnehage, helsetjeneste etc i kommunen ikke har kompetanse til å gi barnet et godt tilbud, og barnet blir offer for myter som f.eks. at CI operasjoner gir fullgod hørsel (det skjer så å si aldri, 1 av 4 barn vil kanskje kunne fungere som lett tunghørt etter en operasjon, 3 av 4 trenger fortsatt mye mer tilrettelegging). Sånne problemer er veldig utbredt når "sjeldne" problemstillinger dukker opp i småkommuner. Men da er ikke nødvendigvis "feilen" at kommunene er for små, men at de ikke kan ha ansvar for utfordringer som er så sjeldne at de må finne opp hjulet på nytt hver gang. Nå vil noen komme med innvendinger om at Statped vil komme støttende til for disse små kommunene med døve barn, men Statped er i den motsatte enden av skalaen - et byråkratisk NAV-lignende monstrum som har kun ett femsifret telefonnummer for å få kontakt, som er veldig fjernt fra lokale forhold, og attpåtil er det en organisasjon som ikke har brukerkompetanse - men massevis av arroganse som kommer fra skrivebordsteoretikere. Vi bør ha kommuner som er store nok til å være kompetente, men som er små nok til å ha nærhet til brukere, som f.eks. Trondheim, Bergen, Stavanger. Oslo er for stort til å være en kommune.
Det finst klart behov som vil vera vanskelege å dekka på ein fullgod måte for små kommunar. Men spørsmålet er om ein skal organisera kommunane for å møta slike behov, eller heller løysa slike saker på annan måte, som kommunesamarbeid?
Barnevern har ofte vorte trekt fram som eksempel på ei teneste der det er viktig både med avstand til dei berørte, men også eit tilstrekkeleg godt fagmiljø. Men så langt som eg kjenner til, er barnevern alt organisert som kommunesamarbeid svært mange stader.
Kommentaren om Statped samsvarer godt med poenget til Aksel: Det er kanskje meir å henta på reformar og omorganisering i statleg sektor.
Legg inn en kommentar