søndag 11. mai 2014

Konsert med SKRUK

SKRUK og Per Oddvar Hildre i Hauge kyrkje, Lærdal.
Ja, biletet hadde vorte litt betre om eg hadde reist meg opp..
Laurdag 3. mai var det konsert med koret SKRUK i Hauge kyrkje, Lærdal. Det vart ei stor oppleving for ei nesten fullsett kyrkje, frå eit kor som held ein veldig høg standard til amatørar å vera. Konserten var ein del av lanseringsturnéen "Sangen fra katakombene".

SKRUK, eller Sunnmøre Kristelege Ungdomskor, vart starta i 1973 og feira 40 år i fjor. Enkelte har vore med sidan starten og må seiast å vera komne over den første ungdommen. Per Oddvar "Prots" Hildre har vore leiar i alle åra. Han har kanskje Norges mest imponerande skjegg (han kunne gått rett inn i gruppa ZZ Top..) , men det er nok andre kvalitetar som gjer han til ein god kordirigent. Han er tydeleg som få, og ser ut til å få koret til å yta maksimalt når det gjeld. Koret har alltid leita etter nye utfordringar og nye musikalske samarbeid, og som dei skriv sjølve:
[SKRUK] har gjennom alle desse åra vore plogspiss og grensesprengar innan norsk kormusikk. SKRUK har sidan starten i 1973 funne, og blitt funnen av, spanande musikalske samarbeidspartnarar i inn- og utland.
Det siste samarbeidet har vore med syriakiske musikarar og songarar. Syriakarane lever i grenseområdet Syria, Irak og Tyrkia og har ein heilt spesiell musikalsk kultur. Dei er kristne og tilhøyrer den syriskortodokse kristendommen, og har ein sangtradisjon som går 2000 år tilbake, nesten uendra. Dei syng også på arameisk, Jesus sitt språk, og dei syng i katakomber der dei held gudsteneste.

Koret opna med songar frå katakombene og sette med det ei spesiell stemning. Dei stod også utradisjonelt langs sidene og midtgangen i kyrkja, og kvar stemme kunne difor høyrast svært tydeleg.

Andre avdeling var sett saman av tidlegare musikalsk materiale, både norske korverk (Tord Gustavsen, Knut Nystu og Magnar Åm) og gospelmusikk frå sørstatane i USA. Det er kanskje det siste koret er mest kjende for, men eg tykte dei norske verka var høgdepunkta. Det desiderte høgdepunktet for min del var Magnar Åm sitt arrangement av Matias Orheim si salme "Å, var eg meir deg, Jesus, lik". Her er ei framføring frå ein konsert i Lysekil kyrkje:

Per Oddvar Hildre fortalde om komponisten Magnar Åm, busett i Volda. Han er lite kjend i heimlandet, men har laga mykje spennande musikk. Åm komponerer samtidsmusikk og er kanskje lite tilgjengeleg for folk flest. Hildre åtvara då også om at korarrangementet kunne høyrast litt "merkeleg" ut. Det var det absolutt ingen grunn til å gjera, det var eit arrangement som eg trur gjekk rett inn hjå dei fleste; det var berre utruleg fint, eller "vondt vakkert" som Erik Hillestad i Kirkelig Kulturverksted uttrykte då han høyrde det første gongen.

"Sanger fra katakombene" er tilgjengeleg både på CD og via iTunes, sikkert også som strøyming gjennom Beat.no eller Spotify - det har eg ikkje sjekka.

Som eg var inne på, er SKRUK kanskje mest kjende for gospelmusikken og samarbeidet med Ytre Suløens Jass-Ensemble. For eigen del har eg høyrt veldig mykje på SKRUK sitt samarbeid med Kåre Nymark Collective på plata "Dype stille sterke milde". Med trompetaren Kåre Nymarks band tek SKRUK eit steg fram frå dixie-stilen med Ytre Suløen til eit meir moderne jazz-uttrykk. Det har vore den mest spelte musikken min det siste året!


Ingen kommentarer: