onsdag 15. juli 2015

Kontantar er personvern

Kronikk i Dagens Næringsliv i dag (15.07):

Mange meiner at bruk av kontantar er gammaldags og at utviklinga mot full kortbruk ikkje kan gå fort nok. Seinast ute i så måte var professor i informatikk ved Høgskolen i Molde, Kai A. Olsen, i eit innlegg i DN 23.05.15. Men kontantar blir nok ikkje borte sjølv om dagens myntar og setlar etter kvart forsvinn – dei blir i staden digitale. Så framtidas betalingsform er faktisk kontantar!

Det professoren i informatikk i lag med styresmakter og finanssektoren hoppar glatt over, er at dersom dagens system for betaling med kort blir einerådande, blir vi som forbrukarar 100 % overvaka på alt vi føretek oss av pengeoverføringar. Det er sikkert nyttig for Økokrim og PST, men for samfunnet som heilskap vil det vera eit tap. Påstanden om at «viss du ikkje har noko å skjula, har du heller ikkje noko å frykta» held ikkje mål. For å sitera tidlegare direktør for Datatilsynet, Georg Apenes: Dei fleste av oss låser døra når vi går på toalettet, sjølv om vi ikkje har noko særleg å skjula. Personvern er ein av dei grunnleggjande menneskerettane, og det gjeld også på det økonomiske området.

Aktivitetane vår blir i aukande grad sporbare, og særleg gjeld dette all digital kommunikasjon. Når vi lastar ned ein ny app eller registrer oss på ei ny nett-teneste, tenkjer vi sjeldan over at vi legg att stadig nye digitale spor. Men ser vi på summen av slike spor, kan vi bli skremde, særleg fordi det har komme fram kva ein kan gjere med store datamengder ved hjelp av «big data»-teknologi.

Edward Snowden har gitt oss eit lite innblikk i kva mulegheiter og omfang som ligg i dagens overvaking, og det er god grunn til å bli uroa over det som er avdekt.  Det er difor svært viktig at vi har eit alternativ til den sporbare teknologien, og her kjem digitale kontantar inn som eit nødvendig tillegg til dagens dominerande betalingsmåtar.

Her etterlyser eg eit meir aktivt Datatilsynet. Datatilsynet forsvarer retten til å vera anonym, også når det gjeld betaling. Men i staden for einsidig å forsvara dagens kontantar, må dei sjå at det er framtidas digitale kontantar det må kjempast for.

I Datatilsynet si undersøking om personvern i 2013/2014 oppgir 40 % av dei spurde at det er viktig eller svært viktig for dei å kunna betala anonymt. Og det er ingen grunn til å mistenkja alle desse for å ha lovbrot eller lyssky aktivitet som grunn for ønsket sitt.


På slutten av 2008 skjedde det eit stort teknologisk gjennombrot for alternative betalingsmåtar over Internett. Systemet Bitcoin vart presentert, først i form av ein kort artikkel og seinare som eit fullt ut fungerande betalingssystem på nettet. Tidspunktet var ikkje tilfeldig; det var rett etter finanskrisa, og systemet må sjåast i lys av den.

Gjennombrotet var i første rekkje at det for første gang vart demonstrert at ei betaling ikkje trengde gå gjennom ein ein tiltrudd tredjepart, som regel ein bank. Akkurat som med fysiske kontantar kan du betala ein person digitale kontantar utan at det går gjennom banken sitt system. Men i tillegg til dei fysiske kontantane sine fordelar, har Bitcoin og liknande system også den fordelen at betaling kan skje mellom personar uavhengig av kor dei er på kloden, så lenge dei involverte har nett-tilgang.

Det er like enkelt å overføra pengar til ein bonde i Nepal som til ein børsrådgjevar i New York.
Ein viktig ting er likevel Kai A. Olsen og eg einige om: styresmaktene gjer ikkje akkurat utviklinga framover enkel. Skatteetaten har i sin visdom komme fram til at Bitcoin ikkje er eit betalingsmiddel, men eit formuesobjekt, og at handel med Bitcoin difor er avgiftspliktig. Effekten for privatpersonar er 50 % mva. – først 25 % mva. viss du kjøper Bitcoin i Norge, og så 25 % mva. når du brukar Bitcoin til betaling for varer og tenester.

På den måten set Norge seg effektivt på sidelinja i utviklinga av ein teknologi som er ein av dei mest spennande sidan Tim Berners-Lee fann opp verdsveven.

7 kommentarer:

Kyrre Groven sa...

Tankevekkande og viktig innlegg! Eg kjenner likevel ein viss ambivalens:

Om ein legg NSA sine aktivitetar til grunn kan ein vere freista til å seie at George Orwell ikkje bomma med meir enn tre tiår då han i 1949 valde tittelen "Nineteen Eighty-Four" på si dystopiske framtidsskildring. Det burde vere eit overordna prinsipp at vi tar omsyn til personvern og menneskerettar når vi etablerer dei infrastrukturane som samfunnet skal byggast på, men slik er det ikkje i dag. Her kan digitale kontantar vere eit viktig korrektiv.

På den andre sida: I mange land er den svarte økonomien eit onde som får heile samfunnet til å knele. Eg las nyleg at i Hellas blir berre ei av ti skattekroner faktisk innkravd. Det kan ikkje vere særleg tvil om at den digitale revolusjonen har gjort det vanskelegare å arbeide/kjøpe svart (her bygger eg delvis på min eigen omgang med norske handverkarar!). Eg er ikkje så sikker på at eit gjennomslag for Bitcoin vil vere ei velsigning for dei økonomiane som held på å knekke ryggen på grunn av korrupsjon og skatteunndraging.

Kyrre Groven

Svein Ø sa...

Overgang til digitale betalingssystem, krypto-valuta unnateke, vil nok gjera det vanskelegare å oppretthalda ein svart økonomi og økonomisk kriminalitet generelt. Det er også hovudargumentet til styresmaktene og finansnæringa. Men eg meiner det er ein farleg veg å gå å la målet heilage middelet. Benjamin Franklin uttrykte det ganske treffande: "Those who would give up essential Liberty, to purchase a little temporary Safety, deserve neither Liberty nor Safety". Personvernet er for viktig til å vekslast inn i påstått redusert økonomisk kriminalitet.

Med tanke på finanskrisa og handlingane til dei største aktørane i finansnæringa, kan ein verkeleg spørja kven som utfører den største økonomiske kriminaliteten. Den store skilnaden er at slike aktørar utfører svært tvilsame handlingar godt tilpassa gjeldande lover og reglar. Så vidt eg kjenner til, er ingen dømde for å ha selt rotne lån, innpakka i glansa papir, til uvitande/dumme slutt-kundar.

Svein Ø sa...

Og medan eg er i gang; eitt eksempel til som viser kor vanskeleg begrepet økonomisk kriminalitet er: Fem av dei største bankane i verda fekk nyleg ei bot på bortimot 6 mrd. dollar (50 mrd. NOK etter dagens kurs) etter at dei innrømde å ha juksa med vekslingskursar (knytt til den såkalla Libor-skandalen). Dei fem bankane er Citigroup, JPMorgan Chase, Barclays, UBS og Royal Bank of Scotland (UBS har ikkje innrømt svindel).

Også denne økonomiske kriminaliteten er gjort innafor dagens finanssystem, men igjen blir ingen stilte til ansvar personleg, berre selskapa blir økonomisk straffa. For meg framstår dette som like alvorleg kriminalitet som svart arbeid, og den kan tydelegvis godt gjennomførast utan bruk av Bitcoin eller annan delvis anonymisert valuta.

Steinar S. sa...

Kult med innlegget ditt i DN! Jeg tror det er viktig å minne om hvordan kontanter gir mulighet for "sporfri ferdsel"; jeg husker Jon Bing brukte nettopp kontanter som eksempel på "personvernøkende teknologi" på et seminar for et drøyt tiår siden.

Selv om Bitcoin gir den samme "sporfriheten" som klassiske kontanter, er det ikke en fare for at Bitcoin også har andre egenskaper som gjør teknologien problematisk? Kontanter lar seg for eksempel ikke overføre i stor skala over store avstander til noen du ikke vet hvem er. En viktig del av mange actionfilmer var tidligere de snedige oppleggene for å sørge for overføring av en koffert med kontanter uten at mottakeren (kidnapperen eller utpresseren) skulle være synlig for avsenderen. Det er et ubetydelig problem at det blir færre bra actionscener i fremtidens filmer, men det er verre hvis det blir enklere og tryggere å drive utpressing. Med andre ord, er du sikker på om Bitcoin er tilstrekkelig likt klassiske kontanter til at du ønsker det tatt i bruk i stor skala?

(Jeg har ikke satt meg ordentlig inn i Bitcoin og har sikkert misforstått vesentlige elementer av det, men det slo meg at det må være EU-grunnleggernes drøm; en teknologi som endelig kan sikre fri flyt av valuta!)

Svein Ø sa...

Takk for innspel, Steinar! Einig med deg i at "sporfri ferdsel" er viktig, og at dagens pengeutvikling er ein trussel i så måte. Når det gjeld Bitcoin og eventuelle avgrensingar i pengemengd, er det sjølvsagt vanskeleg. Ein av fordelane med Bitcoin (og liknande teknologiar) er at det er like enkelt å overføra 1 øre som 1 mill. kr. Det har ført til at det har vorte nødvendig å stramma inn i den andre enden ved at standard-gebyret for transaksjonar er heva. Det er framleis snakk om desimalar av eit øre, men det har vorte gjort for å hindra spam.

Som med annan Internett-teknologi er Bitcoin eit tveegga sverd. Det kan brukast til nyttige ting, og det kan brukast til kriminelle ting - akkurat som Internett sjølv. Eg går ut frå at du ikkje meiner at Internett bør stengjast fordi det også kan brukast av kriminelle?

Så trur eg me kan få minst like spennande action-scener i framtida med bruk av Bitcoin i staden for ein koffert full av pengar. Eg ser for meg Matrix kopla med Bitcoin-teknologi ;)

Om Bitcoin er EU-grunnleggjarane sin draum er det samtidig deira verste mareritt: Eit finansielt instrument (masseøydeleggingsvåpen?) som i stor grad er utanfor politisk og finansiell kontroll!

Gunnar H sa...

Internett er ein grei ting å ha, men om du hadde alternativ mellom:
1) eit Internett som gav ein rimeleg sikkerheit for transparens, samtidig som informasjonen om kva du føretok deg der var beskytta ved lov og
2) eit Internett som garanterte full anonymitet for våpenhandel og leigemordarar

...eg trur eg ville valt den første.

Svein Ø sa...

Viss valet var så enkelt som du framstiller det, ville det kanskje ikkje vore noko problem. Men det blir nesten som å føreta eit val mellom å vera 1) Rik og frisk, og 2) Sjuk og fattig. Dagens Internett er dominert av krefter som ikkje set personvern eller transparens først, men økonomi - dvs. eiga inntening. Det er ikkje vanskeleg å visa eksempel på at dei er villige til å gå ganske langt for å sikra denne innteninga.

Personvernet må regulerast med lov, men samtidig er det beste personvernet at ein ikkje legg att spor i det heile. Det blir som Jon Bing kalla det retten til ei "sporfri ferdsel" (jf. Steinar sin kommentar over). I handsaminga av personopplysningar må me heller ikkje vera så naive at me ikkje tenkjer tanken om kva som kan skje med slike opplysningar om me skulle få mindre demokrati-innstilte styresmakter ein eller annan gang.