Lenke til illustrasjonen |
Dessverre har DN kutta innleiing og avslutning og innlegget blir dermed litt utan "hovud & hale". Her er original-innlegget slik eg sende det.
Bitcoins største utfordring er intern
Svein Ølnes, Vestlandsforsking
«If it doesn’t kill you it just makes you
stronger» er eit uttrykk opprinneleg formulert av Friedrich Nietzsche, og
utviklinga av Bitcoin ser ut til å følgja denne. Til meir kritikk og til fleire
dommedagsprofetiar utanfrå, til sterkare ser Bitcoin ut til å bli og til meir
aukar kursen på valutaen.
Kina har strypt handelen med bitcoin og
kryptovaluta, men etter ein kort dupp har vekslingskursen teke seg opp att til
nye høgder. Jamie Dimon, toppsjefen for JPMorgan Chase (banken som fekk NOK 100
mrd. i bot for svindel i samband med finanskrisa!), er stadig ute med negative
utsegner om Bitcoin, utan at det påverkar kursen i negativ retning. Og her
heime meiner Finans Norge at Bitcoin kan rasera velferdsstaten! Dette utsagnet
påverkar sjølvsagt ikkje den globale valutaen og er elles meir å rekna som ein
skivebom.
Nei, dei største truslane for Bitcoin kjem
heller innanfrå. Dei siste åra har diskusjonen rasa om korleis Bitcoin best bør
auka kapasiteten. Frontane har vore steile og det har etter kvart resultert i
splitting av sjølve blokk-kjeda («hard fork»). 1. august fekk vi den nye
valutaen Bitcoin Cash, og i slutten av oktober fekk vi Bitcoin Gold. Endå ei splitting, kalla
SegWit2X, var planlagt i midten av november. Frå å ha eitt Bitcoin-system, får
vi etter kvart mange! Om det var vanskeleg å forklara Bitcoin frå før, blir det
ikkje akkurat enklare.
Skilnaden på valutaene som oppstår etter
splitting, og andre kryptovalutaer som Ethereum eller Litecoin, er at dei har
felles historie med Bitcoin. Det vil seia at dersom du eig Bitcoin før ei
splitting, vil du etter splittinga ha same tal bitcoin både på den gamle og den
nye Bitcoin-blokkjeda. Det høyrest jo flott ut; kven vil seia nei takk til
gratis pengar? Men det er gratis pengar med ein bismak, for splittinga i stadig
fleire valutaer skaper både forvirring og svekkjer tryggleiken til systemet.
Det blir kamp om kva som er den “ekte” Bitcoin og har rett til å bruka namnet.
Såkalla vennlege splittingar,
representerer ein mindre fare enn omstridde og til dels fiendtlege splittingar.
Bitcoin Cash og Bitcoin Gold er relativt vennlegsinna splittingar der det er
utvikla vern mot å gjennomføra feilaktige transaksjonar. Dersom det ikkje blir
gjort noko for å skilja dei to bitcoin-variantane som oppstår etter ei
splitting, vil nettverket ha problem med å vita kva for ein bitcoin du faktisk
overfører. Då oppstår det fare både for å gjera feil og for å bli utsett for
svindel («replay attack»). Vennlegsinna splittingar byggjer eit vern mot dette,
medan andre splittingar ikkje gjer det.
Tidlegare i år kom ei gruppe kommersielle
aktørar som i stor grad representerte graveindustrien og vekslingstenester,
saman i New York og vart einige om ein avtale for å auka kapasiteten. Det
første tiltaket var innføring av endringa SegWit, eit «knep» for å frigjera
plass, men utan å bryta kompatibiliteten bakover. Den andre endringa var ei
dobling av blokk-størrelsen. Den siste endringa ville krevja ei splitting (ein
«hard fork»). SegWit vart innført 1. august i år, og etter planen skulle
doblinga av blokk-størrelse skje rundt tre månader seinare, i midten av
november. Men det var stor motstand mot doblinga av blokk-størrelsen. Enktel
sagt har det vore vanlege Bitcoin-brukarar mot kommersielle aktørar, og særleg
grave-interesser.
Frontane har vore steile i dei to leirane
og miljøet bak New York-avtalen har ikkje villa byggja inn vern mot såkalla
«replay»-angrep. Når i tillegg 80-90 % av graveressursane stilte seg bak
avtalen, låg det an til ei veldig farleg splitting av Bitcoin. Det ville vore
risikabelt å bruka Bitcoin i tida etter splittinga, og det ville også vorte ein
«krig» for å kunna bruka Bitcoin-namnet. Seint onsdag kveld (08.11) kom
meldinga om at SegWit2X vart trekt tilbake, og Bitcoin-miljøet kunne pusta
letta ut – for denne gang.
Bak denne omstridde
splittinga låg det også eit ønskje om å bli kvitt «brysame» utviklarar i
Bitcoin-samfunnet. Bitcoin blir i dag vedlikehalde av ein liten kjerne på 3-4
utviklarar, tilsette av universitetet MIT. Det er mange fleire som kjem med
endringsforslag til Bitcoin, men det er kjerne-utviklarane set endringane ut i livet
når det er stor oppslutnad om det. Kjerne-utviklarane har lagt seg på ei
forsiktig linje og har vore motstandarar av omdiskuterte splittingar. Det er
ein del kommersielle interesser misnøgde med; dei vil ha større tempo i
Bitcoin-utviklinga. Splittinga SegWit2X var difor også eit forsøk på å setja
denne gruppa av utviklarar på sidelinja.
Uttrykket i starten kan også omskrivast
til «if it doesn’t make you stronger, it just kills you», og det kan fort bli
resultatet om slike interne kampar dukkar opp på nytt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar