onsdag 28. november 2018

Populistisk næringspolitikk

Regjeringa sitt vedtak om å ikkje la kryptorelaterte datatenester få redusert el-avgift, har skapt bølgjer og ser ut til å setja ein brå stoppar for dagens kryptoutvinning og nye investeringar. Endringa blir sett i verk ved årsskiftet, altså med rundt ein månads tid for aktørane å tilpassa seg (les: stengja ned aktiviteten).

Eg har skrive eit lesarinnlegg som stod på trykk i Dagens Næringsliv i dag:

Populistisk næringspolitikk

Regjeringa sitt vedtak om å ta ut krypto-relatert aktivitet frå ordninga med redusert el-avgift for datasenter, er både populistisk og kortsiktig. Det er merkeleg at ei regjering leia av Høgre står for ein så lite føreseieleg og ikkje-nøytral næringspolitikk. Saka er styrt av moralistiske argument og mangel på kunnskap om teknologien. Det er stor fare for at vedtaket vil øydeleggja det som er bygt opp for å få store datasenter til å etablera seg her i landet. Slike etableringar kostar mykje og treng sterke  garantiar for stabile rammevilkår. Regjeringa har sådd tvil om at så er tilfelle.

Blokkjedeteknologien er vanskeleg å forstå, og dei fleste bommar når det gjeld valutadelen. Opne blokkjeder treng ein valuta for å fungera. Utan valutaen, må blokkjeda kontrollerast på ein meir lukka  måte. Den opne blokkjedeteknologien har potensial til å gi oss eit reelt desentralisert Internett og kan vera ei løysing på dagens enorme sentraliseringsproblem der nokre få gigantar styrer det meste.

Heile saka minner om framveksten av Internett for 30 år sidan. Den skjedde ikkje på grunn av, men trass i styresmaktene sine vedtak. Norge ville ikkje basera kommunikasjonen på Internett-standardar, like lite som andre land. Internett var ikkje kontrollert av noko land eller organisasjon og var for farleg. Me veit alle kva som skjedde, og historia har ein tendens til å gjenta seg, om enn i litt ulike former.

Ingen kommentarer: