Ill. henta frå "Silk Road - The Untold Story" i Wired |
Silk Road
Silk Road var ein marknadsplass på nettet for ulovlege (og lovlege!) varer. Mesteparten av omsetninga var narkotika i ulike former, og nesten all handel vart gjort med bitcoin. Silk Road var på mange måtar Bitcoins "killer application". Ross Ulbricht, aka "Dread Pirate Roberts", var sentral i oppbygging og drift av tenesta, i alle fall i følgje dommen. Etter eit møysommeleg detektivarbeid vart han pågripen på eit bibliotek i San Francisco i 2013. det var avgjerande å pågripa han medan han var pålogga, difor var det litt av eit opplegg. Heile historia kan du lesa i Wired - den er ytterst fascinerande ("Silk Road - The Untold Story").
2 x livstid + 40 år
Så langt historia om Silk Road og arrestasjonen av Ross Ulbricht. Saka er komplisert og til meir som kjem fram, til meir merkeleg verkar dommen mot han. 2 x livstid + 40 år er ufatteleg strengt og er vanlegvis dommar ein berre ser i samband med seriemordarar, leiarar av mafia-gjengar, leiarar av store narkotika-kartell og liknande. Kva var grunnen til den strenge straffa?
Gjenopptaking avvist
Lyn Ulbricht, mor til Ross, har kjempa ein utrøytteleg kamp for sonen for å få teke opp att saka. Det siste kravet om gjenopptaking vart avvist av høgsteretten nyleg, og det er dermed sett stopp for denne saka i domstolane. Den einaste sjansen for at Ross Ulbricht kan komma ut av fengsel, er no gjennom ei benåding.
Det er vanskeleg å forstå når ein ser kva som har komme fram og høyrer korleis saka vart ført mot RU. Han vart dømt for medverknad til omsetjing av narkotika, noko som ganske sikkert er rett. Men han vart også dømt som "kingpin", dvs. hovudpersonen i ein kriminell gjeng. Det er eit uttrykk som vanlegvis blir brukt om mafia-bossar, leiarar av narkotika-kartell m.m. og vanskeleg å sjå kan vera tilfelle her. Det vart også trekt fram av dommaren i saka at RU skal ha betalt personar for å utføra likvideringar. Det er viktig å understreka at han ikkje vart dømt for det, og det var heller ikkje med i den endelege tiltalen. Kvifor dommaren valde å bruka det i rettsaka kan ein jo lura på.
Mykje rart..
To FBI-agentar involverte i avsløringa av RU vart seinare avslørte då dei hadde forsynt seg med bitcoin frå Silk Road. Den eine av desse var eit av hovudvitna i RU-saka. Det er også vist at nokon logga seg inn som 'admin' på Silk Road-tenesta etter at RU var arrestert. Dette har heller ikkje vorte etterforska vidare.
Bitcoin var hovudfienden
Lyn Ulbricht er klar på at hovudgrunnen til den urimeleg strenge straffa var at styresmaktene ville stoppa Bitcoin. Med RU og Silk Road skulle det statuerast eit eksempel som fekk interesserte i bitcoin til å tenkja seg om, og også ei årvaring til dei som leika med idéen om liknande marknadsplassar som Silk Road. At det har dukka opp mange liknande stader etterpå, viser at det ikkje har hatt særleg effekt.
Kriminalpolitikken i USA
Lyn Ulbricht er sjølvsagt ikkje objektiv i denne saka, det skulle berre mangla, men det er likevel god grunn til å lytta til det ho seier. Ho ønskjer i tillegg til å få sonen ut av fengsel, også å setja søkjelyset på den meiningslause kampen mot narkotika som USA fører, og kriminalpolitikken generelt. Over 60 % av dei innsette i USA har narkotikadommar. Og USA som har 5 % av folketalet i verda, har 20 % av dei fengsla i verda. Det er ikkje noko nytt i dette, men det gjer inntrykk å høyra ho fortelja om både dette når det blir sett i samanheng med fengslinga av Ross Ulbricht.
Høyr historia på podkast
Eg tilrår sterkt å høyra Peter McCormack sine intervju med Lynn Ulbricht i podkasten "What Bitcoin Did". Podkasten inneheld også mange episodar om sjølve saka (dei har eg ikkje høyrt). Om du vil støtta Lynn i arbeidet hennar, kan du gå inn på https://freeross.org
Her er intervjua med Lyn Ulbricht:
https://letstalkbitcoin.com/blog/post/what-bitcoin-did-27-an-interview-with-lyn-ulbricht
https://www.whatbitcoindid.com/podcast/the-supreme-courts-denial-of-ross-ulbrichts-petition-with-lyn-ulbricht
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar