I kjølvatnet av Hanne Østli Jakobsens artikkel i Morgenbladet om kor uetisk det var å investera i Bitcoin, og svaret mitt etterpå, kom NTNU-forskarane Martin Strand og Tjerand Silde på bana med eit innlegg om Bitcoins energibruk. Det var det vanlege gamle oppgulpet og med Alex de Vrijes som kjelde. Eg hadde forventa meir av forskarar! Men denne gangen ville ikkje Morgenbladet ta inn motsvaret mitt, så då får eg nøya meg med å publisera det på bloggen min.
Bitcoin og energibruk - igjen
Bitcoin er eit
fenomen som skaper debatt, det er bra. Martin Strand og Tjerand Silde frå NTNU
meiner i innlegget 27.09 at Bitcoins energibruk er sløsing og ikkje kan
forsvarast. Dei brukar så Digiconomist, ei teneste utvikla av nederlandske Alex
Vrijes for å underbyggja påstandane. Alt her begynner det å skurra, for om du
er forskar innanfor dette feltet, burde du vita at Digiconomist ikkje bør
brukast som kjelde. Alex Vrijes’ metodar er tilbakeviste som ufullstendige og
feilaktige av fleire forskarar (sjå Say & Vranken[1],
Lei et al.[2]).
Den mest pålitelege,
opne kjelda me har for Bitcoins energiforbruk, er Cambridge Centre for
Alternative Finance (https://ccaf.io/cbnsi/cbeci). Men som eg peikte på i førre innlegg, heller ikkje CCAF har ein
metodikk som fangar all energibruk i Bitcoin. Dei manglar mellom anna den
viktige «off grid»-komponentent, dvs. Bitcoin-mining som skjer utanfor det
ordinære straumnettet. Den aktiviteten er omfattande, utan at me har gode tal
på omfanget.
Strand og Silde
brukar også energibruken i enkelt-transaksjonar på Bitcoin-blokkjeda som
eksempel på sløsing, med Digiconomist som kjelde. Det er ein feilaktig måte å
vurdera Bitcoin-systemet på. Bitcoin har utvikla seg til å bli meir og meir eit
oppgjerssystem, som Norges Banks oppgjerssystem for bankane. Betalingar skjer i
stadig større grad i lag over Bitcoin-kjeda, som for eksempel Lightning
Network. Det er eit system som er forankra i Bitcoin-blokkjeda, men som
fungerer på ein annan og mykje raskare måte, og med ein brøkdel av
energibruken. Ein bitcoin-transaksjon på blokkjeda vil difor ofte innehalda tusenvis, for ikkje å
seia millionar, av enkeltbetalingar.
Strand og Silde har
rett i at det er konsensus-delen som er den vanskelege delen av eit
desentralisert system. Korleis skal ein bli einige om tilstanden i nettverket
når det ikkje er nokon autoritet som slår det fast (som bankane i det ordinære
finanssystemet)? Dette har IKT-forskarar grubla på i fleire tiår, og med
Bitcoin kom den første praktiske løysinga på problemet, med metoden PoW som ein
sentral komponent. Det finst alternative konsensusmekanismar, men alle har
ulempa med faren for sentralisering.
Også miningdelen av
Bitcoin er utsett for sentralisering, som forfattarane peiker på. Det er store
samanslutningar, «mining pools», som utgjer ein risiko for både manipulasjon og
for sensurering. Bak samanslutningane er det enkeltaktørar som enkelt kan skifta
samanslutning («pool»), men dette er likevel ei av dei store utfordringane i
dagens Bitcoin.
[1] Sai, A. R. & H.
Vranken: «Promoting rigor in blockchain energy and environmental footprint
research: A systematic literature review», Blockchain: Research and
Application, Vol. 5, issue 1, 2024
[2] Lei, N., E. Masanet
& J. Koomey: «Best practices for analyzing the direct energy use of
blockchain technology systems: Review and policy recommendations», Energy
Policy, Vol. 156, Sept. 2021