lørdag 5. september 2009

Ei veke i Wien














I samband med presentasjon av paper på eGov 09-konferansen i Linz denne veka, har eg vore mange dagar i Wien. Har teke det som ein ferie i kombinasjon med jobb. Ulempa er at det ikkje vart mykje tid å sjå seg om i Linz, som verka å vera ein fin by. Det vart helst Johannes Keppler Universitӓt og ikkje mykje meir.

Wien vart nyleg kåra til den nest best byen i verda å bu i, etter Vancouver i Canada. Eg trur det var ein notis i ei østerriksk avis (Die Presse), og ikkje stod det noko om kriteria. Men at Wien er ein flott by, kan eg skriva under på.

Historisk sus
Det er viktig å kjenna litt til historia til eit land når ein er på besøk. For Østerrike er det i grunnen heilt avgjerande, for utan ei viss historisk forståing, skjønnar ein lite av dei imponerande byggverka og den rikdommen særleg Wien kan syna fram.

Østerrike gjekk frå over 50 mill. innbyggjarar til 6,5 mill. over natta etter fredsforhandlingane i 1918. Då var det slutt på det Habsburgske styret og Stor-Østerrike (Østerrike-Ungarn). Franz Josef I hadde styrt i 68 år og fekk med seg to år av verdskrigen før han døydde i 1916. Etterkommaren hans fekk berre to år og vart knapt synleg.

Eit besøk til Schloß Schönbrunn viser den enorme rikdommen Østerrike-Ungarn karra til seg i Habsburg-tida. Slottet vart bygt i siste halvdel av 1700-talet med Maria Theresia som drivkraft. Det vart bygt som eit svar på Versailles i Frankrike. Og det var sterke band til Frankrike. Dei kongelege i Europa har hatt som tradisjon å ikkje la rikdommen falla i hendene på "uvedkommande" og har stort sett gift seg med kvarande - eit einaste stort incestuøst opplegg! Ei av døtrene til Maria Theresia (ho hadde 11 døtre og 5 søner!) var Maria Antoinette, og hennar skjebne i Frankrike er godt kjendt.

Det er særleg tre kongelege personar som har prega utviklinga i Østerrike-Ungarn: Maria Theresia, Franz II og Franz Josef I. Det er tydeleg at særleg den siste, men og den første, framleis har ei stor stjerne i Østerrike. Dei tre periodane desse styrte, var prega av kontinuitet, velstand og bygging av mange praktbygg.

Dagens Østerrike
Som sagt vart folketalet og arealet redusert kraftig etter første verdskrig. I andre verdskrig gjekk det ikkje stort betre då Østerrike vart annektert av Tyskland i 1938 (Anschluss). Det skjedde utan særleg motstand, det var heller begeistring som møtte ex-østerrikaren Adolf Hitler. Hitler var fødd i Linz og begge foreldra er gravlagde her. Hitler hadde då også store planar for Linz.

Etter siste verdskrig var Østerrike under kontroll av dei allierte heilt fram til 1955. Då først fekk dei fullt sjølvstyre.

Østerrike er delt inn i Länder som i Tyskland, og Wien er det desidert største. Stor-Wien har over 2 mill. innbyggjarar og dominerer stort. Meir utruleg er det at Wien hadde 2 mill. innbyggjarar i 1914 - det seier litt om kva metropol Wien var heilt fram til første verdskrig.

Merkevarebygging
Østerrike, og særleg Wien, har ein del spesialitetar som dei har vore flinke å marknadsføra. Wiener-schnitzel er kjendt av dei fleste. Det er frityrsteikt tynn kalvesteik. Den er, som nokre andre spesialitetar, kraftig oppskrytt etter mi meining. Den må jo sjølvsagt smakast når ein er i Wien, men den smakte skuffande nok omtrent som schnitzelen du får på ei gjennomsnittleg vegkro i Norge. Det einaste som mangla, var Thousand Islands..

Sachertorte
Sachertorte er ein annan spesialitet. Den vart første gong laga av Franz Sacher rundt 1870 og i dag er Hotel Sacher, Café Sacher og Sacher Ecke kjende landemerke i Wien. Det var son hans som starta hotelldrift. Sachertorte var ein annan nedtur, ikkje så mykje betre enn Toro langpanne! Men den måtte sjølvsagt smakast, på Café Sacher.

Klassisk musikk
Wien kan ikkje nemnast utan å komma inn på musikk. Det er ein av dei viktigaste byane (den viktigaste?) for klassisk musikk, og mange av dei store komponistane har hatt tilhald her. Wien har to orkester i verdsklasse; Wien-filharmonikarane (dei som spelar på nyttårskonsertane) og Wien-symfonikarane (dei som ikkje spelar på nyttårskonsertane :-), og dei har ein opera som også er i verdsklasse. Sjølv fekk eg med meg ein konsert i Karlskirche, med Mozarts Requiem. Det var ingen av dei to nemnde orkestra, sjølvsagt, men eit heilt kompetent orkester + kor frå Salzburg.

Wiener-kaféar
Det siste og viktigaste kjennemerket med Wien er caféane (med C!). Dei er heilt særeigne og dei fleste har ein spesiell stil. Her får du dyr kaffe, men i prisen ligg det også at du kan sitja så lenge du vil og lesa ei av dei mange avisene kaféen tilbyr. Eller du kan lesa ei bok du har med. Serveringa av kaffien er også eksklusiv. Wienerkaféane var viktige stader for vitskaplege, kulturelle og politiske diskusjonar som fekk stor innverknad for utviklinga av Europa. Dei er eit godt eksempel på kva økonomisk velstand kan brukast til og omsetjast i.

Men dessverre verkar det som om kaféane har stivna i sin eigen historie. Kaffien er ikkje på høgda og dei har ikkje fanga opp den nye bølgja med kaffi. Eg prøvde espresso på tre klassiske Wiener-kaféar og den var like dårleg på alle tre! Det gir grunn til uro, for kaféane er ein viktig del av Wien og historia. Alternativet ser ut til å vera Starbucks, og det er jo synd. Men dette må dei sjølve ta tak i, og klarer dei ikkje det, har dei ikkje livets rett. I avisa såg eg omtale av ein klassisk kafé som vart avvikla no i år. Eg er redd det ikkje blir den siste.

Schönes Wien
Det høyrest kanskje ut som eg er negativ i denne omtalen, men det er ikkje meininga. Merkevarene skuffa, men Wien har så mykje anna å by på at det ikkje betyr så mykje (bortsett frå kaféane som eg verkeleg er uroa for). Eg budde på Pension Suzanne, og skal du til Wien er det berre å notera seg namnet med det same. Betre plass finn du ikkje, til ein slik pris. Pensjonatet/hotellet er lokalisert like ved operaen (Wien StadtOper), innafor "Ringen". Det betyr midt i smørauga for alt som er verdt å sjå, og du kan gå til fots. Pensjonatet er lite, med ombygde leilegheiter i klassisk møblert stand. Prisen er 85 euro for eit enkelt rom, 95 for eit dobbelt og 125 for ei leil.h. med eige kjøken.

1 kommentar:

Anonym sa...

Takk for en interessant artikkel om Wien, Svein. Når det gjelder klassisk musikk - her er en grei oversikt over flere konserthus for klassisk musikk i Wien.