søndag 14. februar 2010

Den store HD-bløffen!


Sit og ser på NRK si OL-sending i HD-kvalitet og er ikkje særleg overraska over å sjå at det er svært liten skilnad på vanleg tv-standard og HD-kvalitet. Nesten så eg blir imponert over ein bransje som har fått heile folket til å kasta ut dei gamle tv-ane for å erstatta dei med det nye og fantastiske. Ta med på kjøpet av dei fleste flatskjermar har dårlegare lyd enn gamle tv-ar, og farsen er komplett. Og eg er ein av dei mange..

Men eg hadde ikkje veldig store forventningar om revolusjon, noko det viser seg god grunn til. Det er mange grunnar til dette. Den viktigaste er kanskje at punkt (pikslar) ikkje betyr alt, andre ting som kontrast har truleg meir å seia for biletkvaliteten. Ein annan viktig faktor er opptaks- og sendekvalitet. NRK skil seg stort frå t.d. TV2 i kvalitet, og dermed blir det mindre skilnad på tradisjonelle NRK-sendingar og t.d. OL-sendingane i HD. Kanskje blir det større skilnad på NRK sine eigne HD-sendingar?

Teknologidirektør Arild Hellgren i NRK seier då også at " I dag er det faktisk en del HD-sendinger som knapt nok er bedre enn det som sendes med standard kvalitet".

1 kommentar:

Paal Fosdal sa...

Eg og høyrer til dei som skifta ut TV'en etter at Canal Digital fekk meg til å kjøpe HD-mottakar. Eg innbiller meg at eg kan sjå HD-kvalitet, men denne er sterkt varierande mellom dei ulike kanalane (trur eg). Ei snna sak er at eg aldri har fått klarlagt om eg må skifte ut parabolhovudet på antenna. Canal Digital har sendt meg eit nytt hovud, men karen eg snakka med kunne ikkje svare på om dette måtte på plass for at eg skulle få HD-kvalitet i stova. Han meinte løysinga var plug-and-play, men var ikkje skråsikker - og eg er like klok.