Valet ga eit borgarleg fleirtal og alt ligg til rette for ei borgarleg regjering styrt av Erna Solberg frå midten av oktober. Kva vil det innebera på IKT-sida, og særleg for IKT i offentleg sektor som er mitt hovudtema i forskingssamanheng?
Eg trilla terningen for partia sin IKT-politikk rett før valet, og der var det store sprik. Venste var "best i test" med ein 6-ar, Høgre dårlegast med terningkast 1. Kva seier så partia om IKT-organiseringa i offentleg sektor?
Desse forslaga er nemnde av meir enn eitt parti og kan såleis tenkjast å bli lagde til grunn i ein felles offentleg IKT-politikk:
Me kan altså forventa ei sterkare styring av IKT-politikken og at den blir samla i eitt departement som får eit overordna ansvar på området. Kva departement det vil bli, gjenstår å sjå. Noko av dagens problem er eit Fornyingsdepartement utan særleg kraft til å gjennomføra IKT-politikken og særleg hamla opp med sterke sektorinteresser.
Etter mykje fram og tilbake ser det også ut til at idéen om ein felles inngang til offentleg informasjon og tenester kjem tilbake. Her har det vore utilgiveleg mykje rot frå sitjande regjering og utføraren Difi. Eit stort spørsmål er også kva som vil skje med Difi. Høgre og Framstegspartiet har begge sagt at Difi skal slankast kraftig. Men dette må sjåast i samanheng med den totale (om-)organiseringa av IKT-området. Ut frå signala om å samla IKT-politikken, ligg det nær å tenkja seg også ei samling av den utførande delen. Då vil t.d. Brønnøysundreg./Altinn, Difi og kanskje Direktoratet for økonomistyring og DSS (Departementenes service-senter).
Under følgjer dei enkelte partia sine forslag til IKT i offentleg sektor.
Venstre (terningkast 6):

- Offentleg IKT-politikk må samlast i eitt departement (Krf og Frp)
- Staten må ta ansvar også for kommunale IKT-løysingar (V, Krf)
- Ein nettportal for kommunikasjon med det offentlege (V, Krf, Frp)
- Sterkare satsing på felles elektronisk identitet, fortgang i eID-arbeidet (Krf, Frp, H)
- Sterkare satsing på opne data, kartdata skal også frigjevast (V, Krf, Frp, H)
Me kan altså forventa ei sterkare styring av IKT-politikken og at den blir samla i eitt departement som får eit overordna ansvar på området. Kva departement det vil bli, gjenstår å sjå. Noko av dagens problem er eit Fornyingsdepartement utan særleg kraft til å gjennomføra IKT-politikken og særleg hamla opp med sterke sektorinteresser.
Etter mykje fram og tilbake ser det også ut til at idéen om ein felles inngang til offentleg informasjon og tenester kjem tilbake. Her har det vore utilgiveleg mykje rot frå sitjande regjering og utføraren Difi. Eit stort spørsmål er også kva som vil skje med Difi. Høgre og Framstegspartiet har begge sagt at Difi skal slankast kraftig. Men dette må sjåast i samanheng med den totale (om-)organiseringa av IKT-området. Ut frå signala om å samla IKT-politikken, ligg det nær å tenkja seg også ei samling av den utførande delen. Då vil t.d. Brønnøysundreg./Altinn, Difi og kanskje Direktoratet for økonomistyring og DSS (Departementenes service-senter).
Under følgjer dei enkelte partia sine forslag til IKT i offentleg sektor.
Venstre (terningkast 6):
- Styrka både Datatilsynet og Post- og teletilsynet
- Styrka innsynsretten i offentleg sektor (data som er registrert om den enkelte innbyggjaren)
- Ein nettportal for kommunikasjon med det offentlege (gjenoppliving av Miside/Norge.no?)
- Offentleg digital satsing må også omfatta kommunane
- Meir satsing på fri programvare (open source) og opne standardar
- Lovfesta nettnøytralitet
- Fri tilgang offentlege data (også kartdata!)
- Gjera alle offentleg finansierte forskingsresultat tilgjengelege straks etter publisering gjennom open tilgang (Open Access)
- Oppdatert opphavsrettslovgiving
Kristeleg folkeparti (3):
- Staten må tilretteleggja IKT-løysingar for kommunane, men kommunane må sjølve velja kva tenester som skal digitaliserast
- Ansvaret for alle store, statlege IKT-løysingar bør samlast i eitt departement
- Sentralisering av databasar og forvaltning
- Fortgang med utvikling og utbreiing av eID
Framstegspartiet (3):
- Felles innloggingssystem for offentlege tenester knytt opp mot nettbank-innlogging
- Felles innbyggjarportal for alle offentlege tenester
- Overordna ansvar for IKT-politikk (inkl. breibandutbygging) i eitt departement
Høgre (1):
- "videreutvikle Altinn og ha som mål at næringslivet bare skal behøve å rapportere samme informasjon én gang til det offentlige"
- "gjøre flere offentlige tjenester tilgjengelig på nett, slik at de kan brukes uavhengig av åpningstider"
- Byggja opp ein plattform for sikker ID og kommunikasjon i stat og kommunar
- Felles IKT-plattform for skulen
- Open tilgang til offentlege data, også kartdata
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar