Den nye regjeringa på Slottsplassen 16.10.2013 Foto: Erlend Aas/NTB scanpix/SMK (CC-BY-ND 2.0) |
Offentleg sektor = stat + kommune
Eg tolkar samlinga av IKT-politikken i eit nytt Kommunal- og moderniseringsdepartement som eit uttrykk for at offentleg IKT-politikk må omfatta både statleg og kommunal sektor om ein skal lykkast.
I regjeringsplattforma står det følgjande:
Samarbeidet og samordningen mellom staten og kommunene skal også styrkes. Regjeringen vil bidra til en bedre samordning av ulike IKT-systemer i offentlig sektor.Den største kritikken mot den raudgrøne regjeringa er at den ikkje makta eller viste vilje til å tenkja ut over sektorgrensene på dette området. Tvert om vart det den siste tida skjerpa inn at staten skulle halda seg til sitt og kommunesektoren til sitt ("east is east and west is west..."). Eg meiner det botnar i ein grunnleggjande mangel på forståing av korleis dette ser ut frå innbyggjarane, brukarane, sin ståstad. "Brukarorientering" har vore eit fyndord lenge, men til lenger opp i makthierarkiet ein har komme, til mindre har ein skjønt kva det faktisk inneber.
Statleg IKT-troll med mange hovud
Eit vedvarande problem med den offentlege IKT-politikken har vore forankringa i eit svakt departement. FAD har ikkje på nokon måte kunna ta den styrande rolla som har vore etterlyst og har ikkje hatt mykje å stilla opp mot sektorvise tungvektarar som Skatt og NAV. Resultatet har vorte eit offentleg IKT-troll med for mange hovud. Om hovuda no skal kappast av, eller heller tvingast til å synkronisera tanke og tale, gjenstår å sjå.
Lite om IKT i regjeringsplattforma
Til slutt må det seiast at regjeringsplattforma er ganske tynn når det gjeld omtale av IKT. Men igjen er det viljen til fornying, og ikkje minst dei utvalde personane, som vil avgjera.
Dette lovar godt for nødvendige endringar i offentleg IKT-politikk, og eg ønskjer Paul Chaffey (og Jan Tore Sanner) lykke til i det viktige arbeidet!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar