I 1853 siglde kommandør Perry inn Edo-bukta med fire, svarte og tungt væpna skip. Amerikanarane tvinga Japan til å opna opp for handel. Det var kanonbåt-diplomati av beste sort. Japan vart tvinga til å opna for eksklusiv handel med USA. Då hadde Japan vore eit lukka land i over 200 år. Dei var redde for påverknaden frå det kristne Vesten.
Ian Buruma er ein nederlandsk forfattar og akademikar som har spesialisert seg på asiatisk kultur, særleg Kina og Japan i det 20. århundre (1900-talet). Men sjølv om han er akademikar, skriv han på ingen måte omstendeleg og tungt. Som moderne historikarar (som t.d. Anthony Beavor Simon Singh) fargelegg han med rikeleg bruk av adjektiv. Det gjer teksten meir spennande, og me får tru at han har belegg for påstandane.
Boka "Inventing Japan - From Empire to Economic Miracle 1853 - 1964" opnar med OL i Tokyo i 1964 då Japan igjen har vorte ein del av verda. OL i Tokyo var viktig for Japan for å visa at dei hadde reist seg etter siste verdskrigs grusomme hendingar og den vanskelege etterkrigstida.
Nokre sentrale begrep er viktige for å forstå boka og japansk historie i denne perioden:
Shogun: Betyr direkte oversett "general", men blir brukt om tida med militært styre (krigsherrar og krigarar; samuraiar) fram til 1867. Tida blir også kalla Edo etter byen der dei militære herskarane styrte. Etter 1867, med danninga av det moderne Japan, vart hovudstaden flytta til Tokyo.
Samurai: Krigarkasten. Dei var dei einaste som hadde lov til å bera våpen og til å begå rituelt sjølvmord - harakiri (som er å spretta opp buken på seg sjølv!).
Meiji: Opprøret som gjorde slutt på Shogun-styret og etablerte det moderne Japan. Keisaren vart sett inn og overtok det gamle Shogun-palasset.
Kokutai: Ein slags mytisk idé om eit Japan som ein autoritær familie-stat, styrt av keisaren. Det var ei blanding av blanding av religion og politikk og vart nedfelt som Kokutai no Hongi ("Fundamentals of the National Polity") av Utdanningsdepartementet rett før krigen (1937). Det skulle visa seg å vera ein livsfarleg doktrine, men viktig for å forså Japans handlingar både før, under og etter krigen.
Zaibatsu: Forretningskonglomerata som oppstod tidleg i Meiji-perioden då statleg kontrollerte selskap vart selde til private. Eksempel på slike konglomerat er Mitsui og Mitsubishi, som me statleg/byråkratisk hjelp ekspanderte og engasjerte seg i alt frå bankverksemd, gruvedrift, entreprenørverksemd og mykje meir. Effekten var ei slags monopolisering av den japanske økonomien, ikkje ulikt oligarkia som oppstod i Russland etter revolusjonen i 1991. Også denne delen av Japan er viktig for å forstå det intrikate og samanvevde samspelet mellom byråkrati og bedrifter.
Religion og politikk ei farleg blanding!
Det er framfor alt den farlege blandinga av religion/mystikk og politikk som er hovudgrunnen til at det gjekk så galt med Japan. Keisaren vart meir enn eit symbol, han vart ein guddommeleg figur som alle, både soldatar og sivile, skulle ofra liva sine til om nødvendig. Fram mot siste verdskrig og under krigen førte det til at politikarar og byråkratar mista kontroll over det militæret sidan deira overordna var keisaren. Han var på si side skjult for dei fleste, og ytra seg lite eller ikkje. Det var difor svært uklart kva dekret og ordrar som gjaldt. Generalane valde å tolka på eiga hand, og forsvarte seg med at dei berre stod til ansvar for keisaren.
Japan som prøyssisk kopi
Eit anna dårleg førebilete var Tyskland og den prøyssiske kulturen. I mangel av moderne førebilete såg Japan mot Tyskland. Den japanske militarismen kan likevel ikkje samanliknast med Nazi-Tyskland. Japan hadde ikkje noko nasjonalsosialistisk parti, og hadde heller ikkje den uttalte etniske reinsinga som nazistane. Det betyr likevel ikkje at ikkje japanarane til tider var like grusommen som nazistane, det var berre at det ikkje skjedde under ein nasjonal ideologi. Massakrane i kineseiske Nanking er mellom dei verste overgrepa under siste verdskrig.
Japanarane for hensynslaust fram både i Mandsjuria (Nord-aust i Kina) og Korea, og dei anstrengde forholda mellom desse landa må sjåast på bakgrunn av dei historiske hendingane. Når Kina og Korea reagerer voldsomt mot at japanske statsministrar vitjar visse heilage shinto-tempel, er det med bakgrunn i kva desse representerer symbolsk, og kva overgrep som er gjorde i desse sitt namn.
Keisaren slapp unna
Etter krigen vart Japan sett under administrasjon av dei allierte, men i praksis av USA. General Douglas MacArthur vart sett til å styra Japan, som Supreme Commander for the Allied Powers (SCAP). MacDouglas vart på sett og vis keisar nr. to. Mange reagerte på at keisar Hirohito ikkje vart stilt for retten, men slapp unna. Han burde vore tiltalt for folkemord etter mange sitt syn, på same måte som generalane under han. Men amerikanarane trudde dei hadde bruk for han som symbol og samlande figur, noko som truleg var feil.
"Japan er som ein 12-åring"
MacArthur vart teken i mot som helt, og då han vart avsett i 1951, etter å ha prøvt å utvida Korea-krigen til Kina (han var villig til å bruka atombombe!). Han hadde ansvaret for å å innføra demokrati i Japan, men amerikanarane sine demokrati-eksportar har stort sett vore mislykka. Det skuldast ikkje minst at dei ikkje forstår, eller vil forstå, andre lands kulturar. MacArthur var nok oppriktig oppteken av å gjera det beste for Japan, og han kjempa hardt for å halda Japan de-militarisert, ofte i strid med ønskje frå Washington. Samtidig avslørte han også manglande kjennskap til Japan og japansk kultur. Hans berømte/berykta kommentar om Japan "som var som ein 12-åring" vitnar om dette. Med det meinte han at japanarar flest var som barn og måtte haldast strengt i øyrene av foreldra (= USA).
Kvar vart det av angrepet på Pearl Harbour?
Buruma skriv godt og han klarer å fortelja vel 100 års historie på 147 sider! Det står i sterk kontrast til dei fleste andre historieforfattarar, der sidetal ikkje ser ut til å vera noka avgrensing. Det er likevel nokre sider ved historieforteljinga som er merkeleg. Først og fremst gjeld det angrepet på Pearl Harbour i desember 1941. Buruma skriv mykje om bakgrunnen og det som leia fram til angrepet, men sjølve angrepet og reaksjonane frå USA er fråverande. Det er som om nokre sider er rivne ut av boka - merkeleg!
Ei anna side ved boka er at den japanske kulturen, særleg den føydale, krigsorienterte samurai-kulturen, ikkje er særleg vektlagt i forklaringane på kvifor det gjekk så gale med Japan fram mot, og under, siste verdskrig. Eg tykkjer han undervurderer dei sterke kreftene denne kulturen har fostra.
Elles er dette ei bok eg vil tilrå å lesa. Den er lettlesen, kort, og informativ.

3 kommentarer:
Takk for tipset! Har lagt denne i ønskelisten.
Ellers betyr "Meiji" flere forskjellige ting. Egentlig er Meiji det som på engelsk kalles "reign title" til keiseren. Keiseren har et navn, men ved innsettelsen tar han også en "tittel" som blir et slags navn på perioden han hersker. Det brukes også gjerne som navn på keiseren, så du kan f.eks se uttrykket "the Meiji emperor", som altså betyr keiseren selv.
Det du beskriver omtales som regel som "the Meiji restoration". I tillegg har du "the Meiji era", som er perioden da Meiji (eller Mutsuhito) var keiser.
Ellers veldig enig i mye av det du skriver.
Buruma har naturlegvis ein grundigare omtale av Meiji, og som du nemner er det "Meiji restoration" som blir brukt om denne overgangen til det moderne Japan. Buruma overset elles "Meiji" med "Enlightened rule".
Ja, sånn jeg har forstått det betyr "Meiji" akkurat det. Denne tradisjonen med "reign titles" skriver seg opprinnelig fra Kina, og der valgte man gjerne titler av den typen. Qianlong betyr f.eks "lasting eminence", osv.
Jeg tror poenget er å velge et navn som skal gi et positivt inntrykk av det regimet som er i ferd med å starte, og kanskje bringe hell og lykke.
Legg inn en kommentar