lørdag 22. februar 2014

Balder Brygg

Balder Brygg tappar på 0,33 l flasker.
Her Balder julebukk.
Sogn og Fjordane er det fylket som har flest mikrobryggeri, skal me tru oversikten på Ølportalen.no (Oslo unnateke). Det er ikkje tilfeldig for fylket er blant dei største også på småskala matproduksjon, og dei to heng saman.

Ægir og Kinn er dei mest kjende bryggeria, men fleire kjem etter og Balder Brygg på Leikanger er ein ny og interessant aktør. Dei har eksistert i 2-3 år og sakte, men sikkert auka produksjonen og sortimentet. Etter  berre å ha hatt fatøl servert i Leikanger og i Bergen, sette dei i gang ei tappelinje på flasker i fjor haust, og dermed vart distribusjonen monaleg utvida. Målet er å komma opp i 65 000 liter øl i år, og auka opp mot 250 000. Meir enn det vil dei ikkje produsera.

Balder skil seg ut frå dei fleste andre mikrobryggeria i landet ved å satsa på undergjæra øl. Det er ein klar strategi som er tufta både på erfaring og eit ønskje om å skilja seg ut i mengda. Eg trur det er ein lur strategi når talet på bryggeri aukar nærmast dag for dag og alle som ein tilbyr IPA.. Det kan bli metning også her.

Balder sitt undergjæra øl kan førast tilbake til ei tid då Øystein Meland, ein av dei to grunnleggjarane av bryggeriet, laga heimebrygg saman med far sin på den tradisjonelle måten (sjå t.d. Lars Marius sin veldokumenterte blogg). Eit år meinte Øystein at dei burde prøva undergjæra øl i staden for den vanlege overgjæra. Faren var skeptisk; han hadde aldri bryggja på nokon annan måte og det var slik han hadde lært det. Men han gjekk med på forslaget og Øystein fekk ein sjanse. Det året fekk dei det beste juleølet ever, og sidan den gongen vart det undergjæra øl.

I samband med Fjellsportfestivalen i Sogndal har Balder Brygg hatt ølsmaking og presentasjon av bryggeriet på programmet. Øystein fortalde om bryggjinga og om ølsortane.

Sognapils: Dette er ein pils med butikkstyrke, dvs. ca. 4,7 % alkohol. Den er ganske mørk på farge til pils å vera, nærmast bronsefarga. Den nærmar seg faktisk bayer-øl i farge. Det kjem av ein del krystallmalt, og smaken er også ganske søtleg. Det er lite bitterheit og ølet verkar litt flatt.

Sognapils extra: Dette er storebroren med over 6 % alkoholstyrke. Når ein smakar denne forstår ein betre kvifor den vanlege Sognapilsen smakar litt flatt - den er rett og slett ein kastrert variant av den ekte Sognapilsen. Med ekstra alkohol kjem smaken mykje tydelegare fram og det blir ein annan fylde i ølet. Søtsmaken blir heller ikkje fullt så dominerande.

Vårøl: Nytt av året er eit vårøl. Med litt flaks vil det komma i Vinmonopolet sine hyller før påske. Ølet har ein styrke på ca. 6,2 % og er ganske søtleg og minner om juleøl. Øystein kan då også fortelja at oppskrifta er nærmast identisk med juleøl.

Porter: Balder er ikkje stivbeinte når det gjeld gjæringsmetode, og lagar også overgjæra øl. Porteren er svart som bek og ganske tørr. Den er mykje tørrare enn t.d. Ægir og andre liknande variantar. Eg tykkjer det kler ølet godt og vil seia at dette var høgdepunktet under smakinga.

Balder Brygg har i tillegg Bergen Pale Ale, ein lys ale med mindre humlepreg enn IPA (som Øystein seier: "denne ale'n skal ikkje sjøvegen til India, den skal berre over Vikafjellet til Bergen og difor treng den ikkje så mykje humle":).

Balder vil også lansera eit øl som ligg tett opp til heimebrygg. Det får namnet Gammal Ole (viss ikkje danskane legg inn protest då) og vil bli å finna på polet frå oktober av.


Ingen kommentarer: